Hopp til innhald
Oppgåve

Utforsk rusbruken der du bur

Korleis er rusmiddelbruken der du bur samanlikna med resten av landet? Utforsk rusbruken lokalt og nasjonalt og diskuter årsaker og konsekvensar.

Introduksjon

I denne oppgåva skal du bruke Ungdataundersøkinga til å utforske rusbruk blant ungdom i Noreg og din eigen kommune og\eller den vidaregåande skulen din:

Ungdata.no

Tips: Når du kjem inn på nettsida til Ungdata, kan du trykke på fana "kommunerapportar". Der finn du den enklaste og beste oversikta over rusbruken på heimstaden din. Vel rapporten for vidaregåande i kommunen din eller ein kommune i nærleiken. I rapporten er det eit eige kapittel for rusmiddel der du finn ei oversikt over bruken lokalt og nasjonalt.

Oppgåve 1. Alkohol

  1. Utforsk: Kor vanleg er det å drikke alkohol av og til, nokså jamt eller kvar veke der du bur? Er det meir eller mindre vanleg enn i resten av landet?

  2. Diskuter: Kvifor er alkohol meir eller mindre vanleg der de bur? Var det nokon av tala som overraska dykk?

  3. Utforsk: Kor vanleg er det å drikke seg rusa der du bur? Er det meir eller mindre vanleg å vere rusa der enn i resten av landet?

  4. Diskuter: Kvifor drikk ungdom seg rusa, og kor vanleg er det å drikke seg rusa der de bur?

  5. Utforsk: Når i løpet av vidaregåande begynner dei fleste å drikke alkohol? Er det tidlegare eller seinare enn i resten av landet?

  6. Diskuter: Kvifor begynner dei fleste der de bur å drikke alkohol i løpet av vidaregåande, og kvifor eller kvifor er det ikkje forskjellar mellom når gutar og jenter startar med å drikke?

Oppgåve 2. Hasj og marihuana

  1. Utforsk: Kor vanleg er det å bruke hasj og marihuana der du bur? Kor mange er det som ikkje har brukt hasj og marihuana, og kor mange er det som har brukt det iblant? Er det meir eller mindre enn i resten av landet?

  2. Utforsk: Er det fleire eller færre som blir tilbodne hasj og marihuana der du bur enn i resten av landet?

  3. Diskuter: Var det meir eller mindre bruk av hasj og marihuana enn de hadde trudd på førehand? Kva trur de er årsakene til at hasj og marihuana er meir eller mindre vanleg der de bur enn i resten av landet?

  4. Utforsk: Aukar eller søkk bruken av hasj og marihuana frå vg1 til vg3?

  5. Diskuter: Kvifor trur de bruken av hasj og marihuana aukar eller søkk i løpet av vidaregåande?

  6. Utforsk: Sjekk tidstrenden for bruken av hasj og marihuana der du bur. Har det blitt meir eller mindre bruk av hasj og marihuana dei siste åra?

  7. Diskuter: Kvifor trur de det har blitt meir eller mindre bruk av hasj og marihuana der de bur?

Utforsk vidare

Det kan vere spennande å finne ut meir om rusbruken blant ungdom der du bur. Ein måte å gjere dette på er å gjennomføre eit intervju i kommunen din.

Her er tips til nokre relevante kjelder du kan bruke for å førebu og gjennomføre eit intervju:

Denne oppgåva er skriven i samarbeid med RUSinfo.