Jobb med kortfilmen Mamma
Når vi skal snakke om rusavhengnad, må vi kjenne til nokre viktige omgrep. Jobb saman med ein medelev. Forsøk å svare på spørsmåla før de vender korta.
Sjå kortfilmen Mamma på bibliotektenesta Filmbib.
For å sjå filmar på Filmbib må du skaffe deg Bibliotekkortet på sidene til Nasjonalbiblioteket.
Jobb gjerne saman i små grupper med desse oppgåvene.
1. Mamma og medhjelpar
Kortfilmen Mamma gjer synleg kor vanskeleg det er å vere næraste pårørande til ein rusavhengig. Filmen viser òg korleis den rusavhengige, gjennom veremåten sin, kan ta kontroll over livet til andre familiemedlemmer. Prosjektkoordinator Merete Almås i Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid kallar det medavhengnad (Almås, 2018).
Reflekter saman:
Kva er ei god mamma? Finn døme på eigenskapar de meiner ei god mamma bør ha.
Kva er det ved måten Synnøve opptrer på i filmen som ein kan forstå som medavhengnad?
Var det rett av Synnøve å gi Michelle pengar til ein ny heroindose? Kva oppnådde ho med å gjere det? Kva ville ha skjedd dersom ho let vere?
Kva er rett av Synnøve å gjere av omsyn til Isabell?
2. Å blottlegge livet sitt på film
Mamma bygger på ei sann historie, og Synnøve og Michelle speler seg sjølve i filmen.
Kva forteljartekniske grep bruker regissøren for å underbygge det dokumentariske i forteljinga?
Kva forteljartekniske grep blir brukte for å gi sjåarane eit inntrykk av rusmiljøet Michelle er ein del av?
På kva måte får vi innsikt i kjenslene Synnøve kjenner på som mor til ei rusavhengig dotter? Beskriv desse kjenslene.
I dag er Michelle rusfri, og både ho og Synnøve jobbar med rusproblematikk. Kva oppnår dei ved å blottlegge livserfaringane sine slik dei gjer i denne filmen?
Relatert innhald
Kortfilmen Mamma viser på ein brutal måte korleis det kan opplevast å vere pårørande til ein rusavhengig. Filmen bygger på ei sann historie.
I løpet av ungdomstida kjem mange i kontakt med rusmiddel for første gong. Kva er dei viktigaste årsakene til at nokon vel å ruse seg?