Hopp til innhald

Kortfilm

Mamma

Kortfilmen Mamma viser på ein brutal måte korleis det kan opplevast å vere pårørande til ein rusavhengig. Filmen bygger på ei sann historie.
Filmplakat for filmen Mamma, med informasjon om prisar filmen har vunne, tittel og eit foto av ein person som ligg i framsetet på ein bil. Plakat.

Om filmen

Ein regntung julaftan leiter Synnøve etter dottera Michelle. Ho er ein del av eit tungt belasta rusmiljø i Oslo. Når mora endeleg finn ho, tryglar ho dottera om å bli med heim. Men for Michelle handlar alt om pengar til neste heroindose. Ei mamma strekker seg langt for barnet sitt. Men kva med Isabell, ho treng jo òg omsorg?

Kortfilmen bygger på ei sann historie, der Synnøve og Michelle speler rollene som seg sjølve. I dag er Michelle rusfri, og begge jobbar aktivt med rusproblematikk.

Filmdetaljar

  • År: 2021

  • Varigheit: 15 minutt

  • Regi: Aslak Danbolt

  • Medverkande: Synnøve Muren, Michelle Muren, Aurora Gaczek

  • Format: kortfilm

  • Opphavsland: Noreg

Sjå filmen

Sjå kortfilmen Mamma på bibliotektenesta Filmbib.

For å sjå filmar på Filmbib må du skaffe deg Bibliotekkortet på sidene til Nasjonalbiblioteket.

Relatert innhald

Refleksjonsoppgåver til kortfilmen Mamma. Filmen tek opp problemstillingar rundt rusavhengnad og utfordringane dette skaper, for dei næraste pårørande.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal. Rettshavar: Norsk filminstitutt
Sist fagleg oppdatert 16.02.2024

Læringsressursar

Filmsamlingar