Jobb med kortfilmen Mamma - NDLA film - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Jobb med kortfilmen Mamma

Kortfilmen Mamma handlar om ei mor sin kamp for å hjelpe ei rusavhengig dotter som er ein del av eit tungt rusmiljø i Oslo. Men filmen stiller òg spørsmål om kor langt pårørande skal strekke seg, og om kva ei god mamma er.

Før du ser filmen

Når vi skal snakke om rusavhengnad, må vi kjenne til nokre viktige omgrep. Jobb saman med ein medelev. Forsøk å svare på spørsmåla før de vender korta.

Sjå filmen

Sjå kortfilmen Mamma på bibliotektenesta Filmbib.

For å sjå filmar på Filmbib må du skaffe deg Bibliotekkortet på sidene til Nasjonalbiblioteket.

Oppgåver til kortfilmen Mamma

Jobb gjerne saman i små grupper med desse oppgåvene.

1. Mamma og medhjelpar

Kortfilmen Mamma gjer synleg kor vanskeleg det er å vere næraste pårørande til ein rusavhengig. Filmen viser òg korleis den rusavhengige, gjennom veremåten sin, kan ta kontroll over livet til andre familiemedlemmer. Prosjektkoordinator Merete Almås i Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid kallar det medavhengnad (Almås, 2018).

Reflekter saman:

  1. Kva er ei god mamma? Finn døme på eigenskapar de meiner ei god mamma bør ha.

  2. Kva er det ved måten Synnøve opptrer på i filmen som ein kan forstå som medavhengnad?

  3. Var det rett av Synnøve å gi Michelle pengar til ein ny heroindose? Kva oppnådde ho med å gjere det? Kva ville ha skjedd dersom ho let vere?

  4. Kva er rett av Synnøve å gjere av omsyn til Isabell?

2. Å blottlegge livet sitt på film

Mamma bygger på ei sann historie, og Synnøve og Michelle speler seg sjølve i filmen.

  1. Kva forteljartekniske grep bruker regissøren for å underbygge det dokumentariske i forteljinga?

  2. Kva forteljartekniske grep blir brukte for å gi sjåarane eit inntrykk av rusmiljøet Michelle er ein del av?

  3. På kva måte får vi innsikt i kjenslene Synnøve kjenner på som mor til ei rusavhengig dotter? Beskriv desse kjenslene.

  4. I dag er Michelle rusfri, og både ho og Synnøve jobbar med rusproblematikk. Kva oppnår dei ved å blottlegge livserfaringane sine slik dei gjer i denne filmen?

Kjelder

Almås, M. (2018, 5. november). Pårørende til en rusavhengig - når omsorg løper løpsk! Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid. https://napha.no/content/21410/parorende-til-en-rusavhengig---nar-omsorg-loper-lopsk

Relatert innhald

Kjeldemateriale
Mamma

Kortfilmen Mamma viser på ein brutal måte korleis det kan opplevast å vere pårørande til ein rusavhengig. Filmen bygger på ei sann historie.

Fagstoff
Årsaker til rusmiddelbruk

I løpet av ungdomstida kjem mange i kontakt med rusmiddel for første gong. Kva er dei viktigaste årsakene til at nokon vel å ruse seg?

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 16.02.2024