Jobb med filmen The Only Story

Før du ser filmen
Snakk med ein medelev. Reflekter saman om kvifor det er viktig å vite kven ein er.
Kva er identitet? Byt på å forklare desse omgrepa for kvarandre før de snur korta.
Sjå filmen
Sjå kortfilmen The Only Story på bibliotektenesta Filmbib.
For å sjå filmar på Filmbib må du skaffe deg Bibliotekkortet på sidene til Nasjonalbiblioteket.
Er The Only Story eit videoessay?
Jobb vidare saman to og to.
Kva er ein sjanger?
Forklar kva som kjenneteiknar sjangeren videoessay.
Finn døme i filmen som taler for at The Only Story kan kallast eit videoessay.
Lag ei idéskisse til eit videoessay
Jobb saman om å lage ei idéskisse til eit videoessay om identitet. Bruk gjerne det digitale idémyldringsskjemaet de finn i oppgåva "Idéutvikling for videoessay".
Relatert innhald
Filmen The Only Story er ein sjølvbiografisk film om det å ikkje vite kven ein er, og om haldningar til adopterte med ikkje-nordisk etnisitet i Noreg.
Er det vanskeleg å finne på noko å lage videoessay om? Her får du hjelp til idémyldring.