Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Jobb med dokumentaren Vær her

I dokumentaren Vær her møter vi tre personar med ulike former for demens og dei pårørande. Vi får innblikk i kvardagen deira og korleis sjukdommen påverkar liva deira. Relasjonar og nærvær står sentralt, og når språket sviktar, kan musikk skape kontakt og tryggleik.

Introduksjon

Filmen Vær her laga av Ragnhild Nøst Bergem gir eit nært og ærleg innblikk i livet til menneske som lever med demens. Vi får sjå korleis sjukdommen påverkar både den som er sjuk, og dei rundt. Som fagarbeidar vil du møte menneske med demens, og det er viktig å forstå korleis du kan bidra til tryggleik, verdigheit og livskvalitet.

Oppgåvene nedanfor hjelper deg til å reflektere over innhaldet i filmen og knyte det til den framtidige yrkesrolla di. Bruk filmen som utgangspunkt for å tenke over korleis du kan møte menneske med demens med respekt, omsorg og fagleg kompetanse.

1. Før du ser filmen

  1. Kva trur du ligg i tittelen på filmen, Vær her?

  2. Korleis kan tittelen Vær her ha ulik betydning for personar med demens og for dei rundt?

  3. Kva betyr det "å vere her" i møte med nokon som har demens?

  4. Korleis kan du som fagarbeidar vise at du verkeleg er til stades for ein pasient med demens?

2. Sjå filmen

Sjå dokumentaren Vær her på bibliotektjenesten Filmbib. Filmen varer 1 time og 26 minutt.

For å sjå filmar på Filmbib må du skaffe deg Bibliotekkortet på sidene til Nasjonalbiblioteket.

3. Demenssjukdom

Demens er eit samleomgrep på ulike sjukdommar i hjernen som fører til svikt i minne, språk og andre kognitive funksjonar. Sjukdommen oppstår som regel hos menneske i høg alder. Den vanlegaste forma er Alzheimers, der hukommelsestap ofte er det vanlegaste symptomet.

  1. Kva for nokre ulike former for demens kjenner du til?

  2. Kva er årsaker til og symptom på demenssjukdom, og kva behandlingar finst?

  3. Kva kan du som helsepersonell gjere og seie for at menneske du møter, bevarer kjensla av at dei er unike og verdifulle, sjølv om dei er avhengige av omsorga di?

  4. Ein person med demens er nokon, ikkje noko. Kva trur du ligg i dette?

4. Informasjon og forståing

  1. Kvifor er det nødvendig at du som fagarbeidar har informasjon om og forståing for livshistoria og interessene til eit mennesket?

  2. Korleis kan du kartlegge historia og interessene til ein person?

  3. I filmen ser vi at Jan ikkje ønskte å flytte frå eigen bustad til sjukeheim. Korleis kan du vere ei støtte og samtalepartnar for ein person som har heimlengsel og sorg- eller tapsreaksjonar i samband med flytting?

  4. Korleis ville du rettleidd og støtta dei pårørande til Jan i denne situasjonen?

5. Kommunikasjon og samvær

Det å ha nokon å vere saman med og dele gode augeblink med, er viktig for alle menneske. For personar med demens er det spesielt viktig å få delta i sosiale fellesskapar. Det bidreg òg til at dei får dekt dei grunnleggande sosiale og psykologiske behova sine.

  1. Du og ein person som har demens, er likeverdige, men ikkje likestilte i kommunikasjonen. Kva betyr det?

  2. Gode stunder saman med pårørande betyr mykje for personar med demens. Korleis kan du rettleie dei pårørande til å skape gode stunder saman med personar med demens? Kva tips vil du gi?

  3. Musikk og songar er noko av det siste vi gløymer. Gi døme på korleis musikk og song kan fungere som ein døropnar til kontakt.

  4. Kommunikasjon kan vere utfordrande når språk, forståing, merksemd og minne blir svekt. Finn og list opp konkrete tips til korleis du kan kommunisere med personar når det har blitt vanskeleg å halde tråden og flyten i samtalen.

  5. Personar med demens kan etter kvart miste evna til å uttrykke seg og forstå. Korleis kan du hjelpe ein person med å gjere seg forstått?

  6. Korleis kan eigenskapar som nysgjerrigheit, tolmod og kreativitet bidra til betre kommunikasjon og samvær med personar som har demens?

6. Fysisk aktivitet og deltaking i dagleglivet

Helsedirektoratet tilrår at alle er i rørsle mellom to og fem timar i løpet av veka, det vil seie rundt 20 minutt kvar dag. Dette gjeld òg personar med demens.

  1. Kvifor er fysisk aktivitet viktig for personar som har demens?

  2. Korleis kan du som fagarbeidar motivere og hjelpe menneske med demens til å vere fysisk aktive?

  3. Kva kan det å delta i dei daglege aktivitetane som personleg stell, eting, dekking av bord og rydding av eige rom bidra til for personar med demens?

  4. Korleis kan du støtte og hjelpe ein person med demens til å meistre kvardagsaktivitetar?

7. Kjensler

  1. Humor og latter kan skape glede og magiske augeblink. Kvifor er det viktig å leite etter dette i arbeidet med personar som har demens? Korleis kan du bruke humor og samtidig vise respekt for personen som har demens?

  2. Å vere pårørande kan vere vanskeleg og gi mange ulike kjensler. Korleis kan du møte og støtte dei pårørande til personar med demens?

  3. Sorg er ein del av livet. Korleis kan du som fagarbeidar støtte menneske i sorg?

  4. Kvifor må du som fagarbeidar ha forståing for at kjenslene til menneska er like på tvers av generasjonar?

Relatert innhald

Aktivitet og helse

Fysisk aktivitet er like viktig for hjernen som for kroppen. I denne filmen fortel lege Ole Petter Hjelle korleis fysisk aktivitet påverkar hjernen.

Skrive av Siv Stai og Vigdis Haugan.
Sist oppdatert 14.10.2025