Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Jobb med filmen Ola – en helt vanlig uvanlig fyr

Ola – en helt vanlig uvanlig fyr er ein hjartevarm dokumentarfilm som handlar om Ola som bur i Vidaråsen Landsby, ein bu- og arbeidsfellesskap i Vestfold. På denne staden lever personar med og utan utviklingshemming saman. Ola er ein engasjert mann som fortel ærleg om seg sjølv og menneska rundt.

Sjå filmen

Sjå filmen Ola – en helt vanlig uvanlig fyr på bibliotektenesta Filmbib (lengde 1:12:00).

For å sjå filmar på Filmbib må du skaffe deg Bibliotekkortet på sidene til Nasjonalbiblioteket.

Oppgåve 1. Ein vanleg, uvanleg fyr

  1. Korleis vil du beskrive Ola som person? Kva for eigenskapar tenker du at han har?

  2. Korleis opplever Ola sjølv at han er "annleis"?

  3. Dokumentarfilmen heiter Ola – en helt vanlig uvanlig fyr. Kvifor trur du filmskaparane har valt denne tittelen?

  4. Kva er det Ola ønsker å oppnå for å ha eit godt liv? Skriv minst fem ulike ting som kjem fram i filmen.

  5. Kva tenker du er viktig for at du sjølv skal ha eit godt liv? Samanlikn svaret ditt med svaret i spørsmål D. Er det nokon likskapar eller forskjellar?

  6. På kva for måtar kan ein stad som Vidaråsen Landsby hjelpe Ola med å få eit godt liv? Kva for fordelar og eventuelle ulemper kan det vere med å bu i ein slik fellesskap?

  7. Skriv eit kort notat der du reflekterer over kva du sjølv og andre kan lære av Ola.

Reflekter vidare

Ola beskriv seg sjølv som "annleis". Kva betyr det å vere annleis i samfunnet vårt? Kven er annleis, og kven er det som definerer nokon som annleis?

Oppgåve 2. Eit verdig liv

  1. I filmen seier Ola at han i ungdommen ikkje hadde eit verdig liv. Korleis beskriv han livet han hadde då?

  2. Ola seier ein stad i filmen at han opplever seg sjølv som ein person med ein diagnose. Kva trur du han meiner med det?

  3. I filmen seier Ola at han har tenkt at han er ei bør. Korleis kan ein slik tanke påverke måten du ser på deg sjølv?

  4. På slutten av filmen seier Ola at han ikkje liker omgrepet "nedsett funksjonsevne". Kvifor trur du han reagerer negativt på dette uttrykket?

  5. Tenk deg at du møtte Ola. Kva tenker du at du sjølv kan gjere eller seie for at han skal kjenne seg verdsett? Er det noko du ikkje bør seie eller gjere i denne situasjonen?

  6. Kva meiner du at vi som samfunn kan gjere for at Ola, og andre menneske som har ein funksjonsvariasjon, skal oppleve at dei har eit verdig liv? Skriv minst tre konkrete forslag.

Reflekter vidare

Kva er eit godt og meiningsfullt liv? Ta utgangspunkt i filmen og reflekter over kva som er det viktigaste for at menneske skal ha eit godt og verdig liv. Finst det nokone grunnleggande ting som alle menneske treng for å ha det bra, eller har vi alle ulike behov og ønske?

Skrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist oppdatert 13.09.2025