Kjeldemateriale
Kortfilm
Vær her
Vi møter Sigvald, Mimi og Jan som alle har fått demens. Dei lever ulike liv, men har til felles at dei er heilt avhengige av at omgivnadene viser forståing for demenssjukdommen.

Bilete: Herlig film og TV (v/Camilla Vanebo) / Avgrensa gjenbruk
Om filmen
I Ver her møte vi tre vaksne menneske som alle har fått demenssjukdom: Sigvald, som har vore gift i 50 år, Mimi, som har ei tvillingsøster, barn og barnebarn, og Jan, som lever åleine. Liva deira har teke ei ny vending, og dei er heilt avhengige av at omgivnadene viser forståing for demenssjukdommen.
Musikk speler ei stor rolle i filmen, og vi opplever korleis tonar og tekst kan bidra til kommunikasjon når språket forsvinn.
Sjå filmen
Sjå kortfilmen Vær her på bibliotektenesta Filmbib.
For å sjå filmar på Filmbib må du skaffe deg Bibliotekkort på sidene til Nasjonalbiblioteket.
Relatert innhald
Jobb med dokumentaren Vær her
I dokumentaren Vær her møter vi tre personar med ulike former for demens og dei pårørande. Vi får innblikk i korleis sjukdommen påverkar liva deira.