Jobb med filmen Faen i helvete

1. Før du ser filmen Faen i helvete
Filmen Faen i helvete er ein leiken og humoristisk visualisering av Jan Erik Volds "Faen i helvete-diktet" frå 1968. Diktet finn du i diktsamlinga Kykkelipi på s. 56–57 på Nasjonalbiblioteket.
Studer diktet. Beskriv oppsettet, måten orda er delte på, og bruk av store og små bokstavar. Korleis opplever du teksten når han blir formidla på denne måten?
Les om Jan Erik Vold i Lille norske leksikon, og om nyenkel dikting og i NDLA-artikkelen "Profilmodernismen". Kva kjenneteikn ved modernisme og nyenkel dikting finn du i "Faen i helvete-diktet"?
Kva kjenneteiknar jazz som musikkform?
Kva har modernistisk og nyenkel dikting til felles med jazz som uttrykksform?
2. Sjå kortfilmen Faen i helvete
Sjå kortfilmen Faen i helvete på bibliotektenesta Filmbib.
For å sjå filmar på Filmbib må du skaffe deg Bibliotekkortet på sidene til Nasjonalbiblioteket.
3. Analyser verkemiddel i filmen Faen i helvete
Les fagartikkelen "Typografi, skriftfamiliar og skriftgrupper".
Beskriv korleis typografi blir brukt som verkemiddel i filmen.
Finn likskapar og forskjellar mellom det typografiske uttrykket i diktsamlinga Kykkelipi og det typografiske uttrykket i filmen.
Kva for nokre andre visuelle verkemiddel blir brukte i filmen?
Beskriv filmmusikken og korleis musikalsk rytme og visuelle verkemiddel speler saman.
Beskriv kort den opplevinga du fekk då du såg filmen (bruk maks tre setningar).
4. Lag din eigen film inspirert av Jan Erik Volds dikt
La deg inspirere av eit anna dikt i Jan Erik Volds diktsamling Kykkelipi. Lag ein kort og kreativ animasjonsfilm ved hjelp av eit animasjonsverktøy. Du kan òg bruke eit KI-verktøy til å generere film med utgangspunkt i ein sjølvskriven instruks.
Vel eitt av desse fem dikta som utgangspunkt:
"Hva klokkene sier" (s. 38)
"Bølge" (s. 82)
"Hodeprøven" (s. 114)
"Kulturuke" (s. 140–141)
"I gresset" (s. 161)
Bruk god tid på å utvikle manus og storyboard eller ein utfyllande instruks. Legg vekt på kreativitet og innovasjon i form og innhald.
I filmen skal du bruke ulike visuelle og typografiske verkemiddel. I tillegg skal du bruke musikk og/eller lydeffektar til å få fram bodskapen i diktet.
5. Reflekter saman
Vis filmen i klassen. Reflekter saman:
Får filmen fram bodskapen i diktet?
I kva grad gir filmen ei ny oppleving av diktet?
Relatert innhald
Ein kortfilm som på ein leiken og humoristisk måte visualiserer Jan Erik Volds dikt "Faen i helvete".