Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Kjeldemateriale
Dokumentarfilm

Ola – en helt vanlig uvanlig fyr

Ola er lett utviklingshemma og trivst stort sett godt. Når han mister ei viktig brikke i livet, reflekterer han over korleis han kan bli meir sjølvstendig.

Om filmen

Ola er 30 år og bur saman med mange ulike menneske i bufellesskapen Vidaråsen utanfor Tønsberg. Her lever dei tett på naturen, i rolegare tempo, og det vesle samfunnet er tufta på inkludering, forståing og respekt.

Ola trivst stort sett og er ein engasjert, morosam og ærleg fyr. Og så var det éin ting til: Ola har ei lett utviklingshemming. Han snakkar ope og med undring om dette, og lurer på om folk først og fremst ser på han som ein person med ein diagnose. Når Ola mistar ei viktig brikke i livet sitt, reflekterer han over tilværet og kva han kan gjere for å bli meir sjølvstendig.

Ola – en helt vanlig uvanlig fyr er ein hjartevarm film om likeverd, tilhøyrsel og betydninga av å kjenne seg trygg nok til å vere den ein er.

Filmdeltaljar

  • År: 2023

  • Varigheit: 72 minutt

  • Regi: Ragnhild Nøst Bergem

  • Medverkande: Ola Henningsen

  • Format: dokumentar

  • Opphavsland: Noreg

Sjå filmen

Sjå kortfilmen Ola – en helt vanlig uvanlig fyr på bibliotektenesta Filmbib.

For å sjå filmar på Filmbib må du skaffe deg Bibliotekkort på sidene til Nasjonalbiblioteket.

Relatert innhald

Skrive av Eirin Høgetveit . Rettshavar: Einar Film og Fortellinger AS.
Sist oppdatert 10.11.2025