Hvorfor er du svart? - NDLA film - NDLA

Hopp til innhald
Kortfilm

Hvorfor er du svart?

Filmen handlar om vennskapen som utviklar seg mellom somaliske Isak og Ingunn som er 92 år og dement.

Om filmen

Somaliske Isak er i midten av tjueåra og jobbar på ein pleieheim. Her møter han 92-årige Ingunn. Ho har demens, og under det første møtet deira spør ho: "Kvifor er du svart?" Gjennom dette absurde og brutale spørsmålet tek ein vennskap form.

Filmen tek tak i korleis innvandrarar kan oppleve at dei aldri kjem unna spørsmålet om kvar dei er frå, og kvifor dei ser ut som dei gjer. Isak blir sjølv usikker og byrjar å finne alternative årsaker til hudfargen sin.

Filmdeltaljar

  • År: 2021

  • Varigheit: 7 minutt

  • Regi: Julie Skaufel

  • Medverkande: Hamza Kader, Tina Oh

  • Format: kortfilm

  • Opphavsland: Noreg

Sjå filmen

Sjå kortfilmen Kvifor er du svart? på bibliotektenesta Filmbib.

For å sjå filmar på Filmbib må du skaffe deg Bibliotekkortet på sidene til Nasjonalbiblioteket.

Skrive av Berit Andersen. Rettshavar: Norsk filminstitutt
Sist fagleg oppdatert 16.10.2024