Kjeldemateriale
Kortfilm
Motvind
Kortfilm om Birgit sin kamp mot vindmøller og for ekteskapet med Trond — politimannen som har komme for å fjerne henne.

Birgit har slått seg ned på ein bergknaus for å hindre at anleggsarbeidet for vindmølleutbygginga kan starte. Politimannen Trond, som òg er mannen til Birgit, har ei tøff oppgåve med å overtale kona til å forlate området. Bilete: Vegard Dahle / Avgrensa gjenbruk
Om filmen
På ei forblåst klippe kjempar Birgit ein kamp mot vindmøller og for ekteskapet med Trond — politimannen som har komme for å fjerne henne.
Med strikking, sjokoladekake og ein vilje av stål utfordrar ho mannen sin til ein uventa duell. Birgit prøver å få Trond til å tore å stå for noko – om det så betyr at han må bere henne bort med makt.
Sjå filmen
Sjå kortfilmen Motvind på bibliotektenesta Filmbib.
For å sjå filmar på Filmbib må du skaffe deg Bibliotekkortet på sidene til Nasjonalbiblioteket.
Relatert innhald
Jobb med filmen Motvind
Sjå kortfilmen Motvind der Birgit kjempar mot utbygging av vindmøller, og jobb med interessekonfliktar rundt biologisk mangfald og korleis vi kan påverke.