Krigere

Om filmen
Berat jobbar som miljøarbeidar i Oslo aust. Her møter han ungguten Mamo som er i konflikt både med politiet og sin eigen familie. Der andre ser ein utagerande småkriminell, ser Berat ein ung gut på leiting etter tryggleik og eit mål i livet. Han har eit inderleg ønske om å hjelpe Mamo. Men så blir Berat innhenta av fortida si ...
Dokumentaren Krigere gir eit godt innblikk i oppvekstvilkåra til utsette ungdommar, måten dei blir møtt på av politi og sosialetat, og korleis miljøarbeidarar og idrettsleiarar kan opptre som stabile vaksenpersonar.
Sjå filmen
Sjå dokumentarfilmen Krigere på bibliotektenesta Filmbib.
For å sjå filmar på Filmbib må du skaffe deg Bibliotekkortet på sidene til Nasjonalbiblioteket.
Relatert innhald
Jobb med spørsmål knytte til utanforskap, kommunikasjon, relasjonsbygging og rolleforståing med utgangspunkt i dokumentaren Krigere.