Kjeldemateriale
Kortfilm
The Only Story
Filmen The Only Story er ein sjølvbiografisk film om det å ikkje vite kven ein er, og om haldningar til adopterte med ikkje-nordisk etnisitet i Noreg.

The Only Story er ein sjølvbiografisk film der skodespelar og regissør Uma Feed reflekterer over si eiga adopsjonshistorie. Bilete: Uma Feed / Avgrensa gjenbruk
Om filmen
Uma er adoptert, og så lenge ho kan hugse, har ho stilt spørsmål om sin eigen adopsjon. Denne filmen er den personlege historia hennar der ho tek eit oppgjer med den typisk norske tankegangen rundt adopsjon. Den godtekne, "stovereine", lykkelege adopsjonshistoria står for fall.
I filmen får vi eit innblikk i den identitetskrisa som oppstår når ingen kan gi svar på dei mest eksistensielle spørsmåla i livet til eit barn.
Sjå filmen
Sjå kortfilmen The Only Story på bibliotektenesta Filmbib.
For å sjå filmar på Filmbib må du skaffe deg Bibliotekkortet på sidene til Nasjonalbiblioteket.
Relatert innhald
Jobb med filmen The Only Story
Vurder i kva grad kortfilmen The Only Story kan kallast eit videoessay, og lag ei idéskisse til eit videoessay om identitet.