Kjeldemateriale
Kortfilm
Bunad
Jeanette, mora og bunadssyerska kjem i konflikt over korleis bunaden sit på kroppen. Bunad er ein kortfilm om kropp og identitet, tradisjonskonfliktar og generasjonsmotsetningar.

Jeanette har så veldig store forventningar til korleis bunaden skal sitje på kroppen. Bilete: Vegard Landsverk / Avgrensa gjenbruk
Om filmen
Jeanette er 15 år, og forventningane hennar er høge når ho skal få sin eigen bunad til konfirmasjonen. Men bunaden sit ikkje slik ho hadde sett for seg. Det utviklar seg ein konflikt mellom henne, mora og bunadssyerska.
Sjå filmen
Sjå kortfilmen Bunad på bibliotektenesta Filmbib.
For å sjå filmar på Filmbib må du skaffe deg Bibliotekkortet på sidene til Nasjonalbiblioteket.
Relatert innhald
Jobb med filmen Bunad
Jobb med oppgåver knytte til kortfilmen "Bunad".