Sånn egentlig – ein kortfilm om ein busstur
Del 1: Sjå filmen Sånn egentlig
Sjå kortfilmen Sånn egentlig på bibliotektenesta Filmbib (lengde 4:31).
Del 2: Diskuter filmen

Sit i par. Diskuter:
Kva for kjensler fekk de mens de såg filmen? Prøv òg å forklare kvifor de fekk desse kjenslene.
Kvifor trur de den gravide dama seier unnskyld til mannen ho ber om å reise seg?
Kvifor blir dama flau?
Kvifor blir nokon av passasjerane sinte på den gravide dama?
Kvifor trur de mannen som må reise seg, er heilt stille gjennom filmen?
Kva for fordommar handlar filmen om?
Har nokon av dykk sjølve opplevd eller sett andre møte liknande fordommar som dei de ser i filmen?
Kvifor trur de filmen avsluttar med orda frå bussjåføren: "Men kvar er du frå då, sånn eigentleg?"
Kva trur de regissøren vil fortelje med denne filmen?
Del 3: Skriv om filmen
Skriv ein tekst på cirka 100–200 ord der du
fortel kva du meiner er temaet i filmen.
reflekterer over temaet i filmen
Du kan bruke modellteksten under når du skriv. Det er ein modelltekst som handlar om kortfilmen Skylappjenta.
Relatert innhald
Kortfilmen Sånn egentlig handlar om kvardagsrasisme og kva som skal til for å vere norsk.