Hopp til innhald

Fagstoff

Guide til førstegongsveljaren: Stortingsval

Politikk kan verke uoversiktleg og vanskeleg. Når du skal bestemme seg for kva du vil røyste, kan det vere lurt å rydde litt i tankane først.
Stortinget, mai 2020. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når du skal bestemme deg for kva du skal røyste, er det ikkje sikkert at du klarer å finne det eine partiet som er perfekt for deg. Men det er ingen grunn til å sitje heime på valdagen. Det er mange ulike vegar fram til avgjerda.

Her får du ei oversikt over nokre vanlege tenkjemåtar rundt eit politisk val. Kanskje du finn ein måte å tenkje på som passar for deg, eller kanskje du vil kombinere fleire. Sjølv om du tenkjer på éin måte denne gongen, kan det hende du vil tenkje heilt annleis neste gong.

Ideologi

Har du ei oppfatning om korleis eit samfunn bør styrast? Kor mykje personleg fridom skal ein ha? Kor stor rolle skal staten ha i samfunnet? Bør staten avgrense økonomiske forskjellar, eller er slike forskjellar naturlege og sunne i eit samfunn? Har du klare oppfatningar om desse tinga, kan det hende du finn både ein ideologi og eit parti som er perfekt for deg. Synest du slike spørsmål er spennande, men er usikker på kva du meiner, kan du lese deg opp på ideologiane og gjere deg opp ei meining. Viss du føler deg heime i ein ideologi, vil det gjerne vere berre eitt eller nokre få parti som er aktuelle for deg. Les meir i artikkelen "Ideologiar".

Sak

Brenn du for ei spesiell sak? Er du oppteken av miljø, vegutbygging, rasisme, innvandring, fattigdom, skulepolitikk eller bevaring av distrikta? Somme parti har slike såkalla hjartesaker som dei er spesielt opptekne av. Dette er typisk for dei litt mindre partia, men alle partia har ei meining om det aller meste. Viss du er spesielt oppteken av éin eller nokre få saker, bør du setje deg inn i kva partia meiner om det som betyr mest for deg. Les meir om dette i artikkelen "Kva står dei politiske partia for?"

Protestval

Ganske ofte dukkar det opp saker i valkampen som blir svært avgjerande. Det kan til dømes vere saker som set den sitjande regjeringa i eit dårleg lys for mange. Då kan det skje store endringar i korleis folk røyster, og vi får eit såkalla protestval. I slike val er det mange som vel parti for å vise protesten sin i ei spesiell sak, og ikkje fordi dei nødvendigvis støttar politikken til dette partiet generelt. Protestval treng ikkje vere knytte til konkrete saker. Det kan òg botne i ei generell misnøye med regjeringa, samfunnsutviklinga eller dei etablerte partia.

Interesser

Du tilhøyrer kanskje, eller identifiserer deg med, ei gruppe som du meiner bør bli høyrd? Elevar, funksjonshemma, sjølvstendig næringsdrivande, studentar, folk med innvandrarbakgrunn, religiøse, bønder og uføre er alle døme på grupper som kjempar for dei politiske interessene sine og rettane sine. Identifiserer du deg med ei slik gruppe, kan det kanskje vere viktig for deg å finne eit parti som representerer interessene dine på ein god måte. Viss du vil vere ein god medborgar, bør du uansett ikkje berre tenkje på kva som er best for deg personleg, men også kva som er best for samfunnet samla sett. Les meir om dei viktigaste skiljelinjene i norsk politikk i artikkelen "Politiske skiljelinjer".

Taktisk val

Regjeringsalternativ

Som regel er det to ganske klare regjeringsalternativ ved eit stortingsval. Du bør setje deg inn i kva alternativ det står mellom. Kanskje har du ei oppfatning om kva for eit av desse alternativa som bør styre landet? Då kan du røyste på eit av partia i det aktuelle regjeringsalternativet.

Kanskje du synest begge alternativa er like dårlege? Då kan du velje eit av partia som ikkje er med i nokon av regjeringsalternativa. Viss nokon av desse partia blir store nok, kan dei òg endre samansetninga av regjeringa. Før eit val bør du altså ha oversikt over regjeringsalternativa. Di røyst kan vere med på å bestemme kven som skal sitje i regjering.

Sperregrensa

Viss du vil tenkje taktisk ved eit val, kan det vere lurt at du set deg inn i reglane rundt sperregrensa og kva parti som ligg rundt sperregrensa. I Noreg har vi ei sperregrense på 4 %. Parti som får over 4 % av røystene på landsbasis, kan få såkalla utjamningsmandat. I praksis betyr det at det vil vere svært viktig for dei små partia å komme over denne grensa. Dette kan òg vere avgjerande for kva regjeringsalternativ som vinn. Somme vel å røyste på eit lite parti for å få dei over sperregrensa, viss dei ønskjer eit bestemt regjeringsalternativ.

I diagrammet under kan du sjå korleis dei ulike partia ligg an i meiningsmålingane. Når du held musepeikaren over, får du opp ei liste med nøyaktige prosentdelar for kvart parti. Diagrammet er henta frå "Partibarometer" på Faktisk.

Kva parti ligg under eller rundt sperregrensa på siste måling?

Eliminasjonsmetoden

Det kan ofte vere lettare å avgjere kva parti du absolutt ikkje vil røyste på, enn det er å finne det rette partiet for deg. Mange bruker nok eliminasjonsmetoden når dei skal røyste. Det vil seie at dei først plukkar bort dei partia dei ikkje vil røyste på og sit igjen med nokre alternativ som dei vurderer å røyste på. Viss du har nokon parti som du liker dårleg, har du i alle fall meiningar om politikk. Og det er viktig at du tek eit val og lèt røysta di bli høyrd, sjølv om du kanskje ikkje finn det eine perfekte partiet for deg.

Personval

Røystesetelen som du legg i røysteurna under eit stortingsval, er ei liste med namn frå valdistriktet ditt. Kvart parti har si liste. Personane øvst på lista har størst sjanse for å komme inn på Stortinget. Sjølv om du røyster på eit parti, er altså stortingsvalet òg eit val på personar. Kanskje du kjenner nokon av dei som kan bli valde inn på Stortinget frå distriktet ditt og veit at dei er flinke og til å stole på? Når du røyster ved eit stortingsval, kan du òg gjere om på rekkjefølgja på røystesetelen eller stryke kandidatar frå lista.

Les meir om valordninga ved stortingsval i artikkelen "Stortingsval".

Vi blir òg kjende med politikarane gjennom media. Somme politikarar vekkjer meir tillitt og verkar dyktigare enn andre. Somme føretrekkjer ein statsministerkandidat framfor ein annan og røyster etter det. Samanlikna med til dømes presidentvalet i USA er det norske stortingsvalet likevel i lita grad eit personval, men personlege eigenskapar hos politikarane har nok ein del å seie for mange når dei skal ta valet.

Blank røyst eller sitje heime?

I vallokala skal det vere blanke røyster. Viss ein vel å røyste blankt, får ein ingen innverknad på valresultatet. Dei blanke røystene blir talte opp og er med i statistikken over valdeltaking. Somme vel å røyste blankt for å vise at ein ikkje vil støtte nokon av partia, men at ein likevel støttar demokratiet. Om det er betre å røyste blankt enn å sitje heime, er omdiskutert. Skal du delta i demokratiet og ha ein innverknad på valet, må du uansett ta eit val og røyste på eit parti.

Godt val!

Tenk etter

I somme land er det rekna som ei plikt å røyste ved val, og ein får bot dersom ein ikkje gjer det. Burde det vore slik i Noreg?

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 09.02.2021

Læringsressursar

Førstegongsveljar: stortingsval