Hopp til innhald

Fagstoff

Politiske skiljelinjer

Politiske skiljelinjer, eller konfliktlinjer, er varige og grunnleggjande motsetningar i samfunnet og mellom veljarane. Du synest kanskje at det er vanskeleg å sjå forskjell på dei politiske partia – det er du i så fall ikkje åleine om!
Partilederdebatt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dersom du les dei ulike partiprogramma, ser du fort at partia har ulike svar både på kva som er viktige utfordringar, og på korleis dei skal løysast. Du ser òg at partia meiner noko om både store og små ting. Men er det noko system bak alle desse enkeltmeiningane?

Politiske konfliktlinjer

Du kjenner sikkert til omgrepa «høgreside» og «venstreside», ei inndeling som skil politikken i to hovudleirar. Men det finst då meir enn to politiske parti? Samanlikna med mange andre land har Noreg faktisk ganske mange parti. Ein måte å forklare dette partimangfaldet på er å sjå på kva for andre politiske konfliktlinjer vi har.

Høgre–venstre-dimensjonen

Dette er den mest omfattande skiljelinja, for ho rommar fleire skilje. Til vanleg plasserer vi parti som Framstegspartiet og Høgre på høgresida og Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti på venstresida. Her er i grove trekk dei tre viktigaste punkta som skil partia på venstresida frå partia på høgresida:

  • Offentleg – privat. Kva skal staten og kommunane vere ansvarlege for, og kva er jobben til dei private bedriftene? Helsestellet er eit klassisk døme. Partia lengst til venstre meiner gjerne at det er uansvarleg å la bedrifter tene pengar på helsetenester, og at det offentlege bør stå for desse tenestene åleine. Høgresida meiner at når private bedrifter konkurrerer med kvarandre og med det offentlege, blir helsetenestene betre og billigare. Partia på høgresida meiner at det bør vere så mykje privat drift av helsetenester som råd. Dette handlar òg om kor mykje det offentlege skal bry seg om privatlivet til den enkelte. Då du var spedbarn, blei mora og faren din innkalla til helsesystera for kontroll og vaksinering. Stolar ikkje det offentlege på at alle foreldre tek godt vare på barna sine? Kvifor må det offentlege bry seg om slikt?
  • Høge – låge skattar. Kva skal skattepengane brukast til? Venstresida, som meiner at det offentlege skal ha mykje ansvar for velferdstenestene, meiner òg at staten treng store skatteinntekter for å få det til. Dei som har mest, bør òg betale mest skatt av det dei tener. Høgresida meiner at den enkelte i større grad må ta ansvar for korleis han eller ho ordnar seg, men at ein til gjengjeld ikkje skal betale så mykje skatt.
  • Arbeidstakar – arbeidsgivar. Kven skal bestemme kva i arbeidslivet? Vaksne menneske er på jobben store delar av livet, og her er det snakk om maktfordelinga mellom arbeidstakarar og arbeidsgivarar. Partia på venstresida tek gjerne parti for arbeidstakarane og vil setje grenser for kor mykje arbeidsgivarane kan bestemme over dei tilsette. Det er ikkje tilfeldig at mange fagforeiningar i praksis støttar venstresida i politikken. Partia på høgresida meiner gjerne at arbeidsgivarane skal få bestemme meir, fordi dei meiner at det er meir effektivt, gir betre resultat og gjer at arbeidsgivarane kan skape fleire arbeidsplassar.

Sentrum–periferi-dimensjonen

Sentrum–periferi-dimensjonen handlar om forholdet mellom by og land. Er det viktig at folk bur i tynt folkesette strøk? Noreg er eit langstrakt land, og mykje næringsverksemd skjer der naturressursane er. Jordbruk og matproduksjon er eit døme, og bøndene må jo bu der jordbruket skal drivast. Samtidig bur rundt 80 prosent av alle nordmenn i byar eller i områda rundt byane. Sentrale strøk har fleire arbeidsplassar og lettare tilgang på teater, kino og andre kulturaktivitetar. Nokre parti er meir opptekne av innbyggjarane i distrikta enn andre og vil bruke skattelette og andre tiltak for å få dei til å bli buande. Dette blir kalla distriktspolitikk. Senterpartiet er eit døme på eit parti som er særleg oppteke av levekåra til innbyggjarane som bur i distrikta. Fram til 1959 heitte Senterpartiet faktisk Bondepartiet.

Vekst–vern-dimensjonen

Vekst–vern-dimensjonen handlar om at det gjerne oppstår konfliktar mellom dei som vil utvinne og byggje ut ein ressurs, og dei som vil ta vare på naturen slik han er. Eit døme er bygginga av høgspentmaster på Vestlandet. Mange turistar oppsøkjer Noreg på grunn av naturen, og mastene grip inn i landskapet og endrar det biletet vi viser fram av Noreg. Men alternativet, å leggje ein landkabel eller ein sjøkabel, er mange gonger så dyrt. Vestlandet er i alle høve avhengig av kraftkablar i ei eller anna form, så kva skal ein prioritere?

Global–nasjonal-dimensjonen

Global–nasjonal-dimensjonen handlar om korleis vi stiller oss til den globaliserte marknaden. Globaliseringa har gitt oss tilgang på varer som er produserte langt borte, og billige reiser. Men globaliseringa gjer òg at arbeidsplassar forsvinn til andre land, der arbeidskrafta er billigare. Partia som er sterkt nasjonalt orienterte, ønskjer å verne norsk produksjon og norske arbeidsplassar. Det kan skje ved å auke avgiftene på flyreiser, leggje toll på utanlandske varer og å peike på at det er store miljøkostnader ved globaliseringa. På den andre sida blir det argumentert med at ein mest mogleg fri marknad gir dei beste produkta, til den lågaste prisen. Og er det eigentleg lurt for Noreg å stengje marknadene sine, dersom resten av verda opnar sine?

Solidaritetsdimensjonen

Solidaritetsdimensjonen handlar om kva vi meiner er moralske plikter mot menneske andre stader i verda. I kor stor grad skal Noreg yte bistand, nødhjelp og anna økonomisk støtte til andre land? Kor mange flyktningar skal vi ta imot, og kva må vi gjere for at dei skal bli integrerte? Her er det store forskjellar mellom partia. Den store straumen av flyktningar hausten 2015 og i 2016 har vist at meiningane i dei politiske partia sprikjer – frå krav om full stenging av grensene til å gi alle som søkjer asyl, opphaldsløyve i Noreg. Dei som er mest restriktive, peiker på at det er for dyrt å ta imot mange flyktningar og yte mykje bistand, og at det ikkje er berekraftig for den norske velferdsstaten på lengre sikt. Dei som vil vere mest opne, peiker på at Noreg er medansvarleg for mange av konfliktane som driv menneske på flukt, slik som krigen i Afghanistan. Dei meiner at vi er moralsk forplikta til både å yte langsiktig hjelp og å ta imot dei som flyktar.

Religiøs–sekulær-dimensjonen

Religiøs–sekulær-dimensjonen kan vere vanskeleg å sjå i det daglege. I det norske samfunnet har den plassen religionen tidlegare hadde, krympa til å bli ei privatsak – vi er blitt svært sekulære. For 50 år sidan var det utenkjeleg at eit idrettsarrangement starta før kl. 12.00 på ein søndag, sidan mange skulle på gudsteneste i kyrkja, og gudstenestene begynte klokka 11.00. No er det blitt vanleg å besøkje kyrkjerommet berre for markeringar av overgangsfasar i livet – dåp, konfirmasjon, vigsel og gravferd. Kristeleg Folkeparti blei danna i 1933, i ei tid då sekulære livsformer utanfor kyrkja blei meir vanleg. For KrF er vern av religionsutøving, familiepolitikk og rettane til barn viktigare enn for mange andre parti. Frå 1970-åra gjorde aukande innvandring at andre religionar blei meir vanlege i Noreg. Muslimar er den største gruppa. For mange muslimske innvandrarar frå til dømes Midtausten, Somalia eller Pakistan, er religionsutøving mykje viktigare enn for norskfødde. Det viser seg mellom anna ved at det etter kvart er blitt etablert moskear for dei ulike retningane innanfor islam.

CC BY-SASkrive av Clemens Saers. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Ideologisk ståstad