Hopp til innhald

Fagstoff

Kva står dei politiske partia for?

Veit du kva dei ulike politiske partia står for? Kva er dei viktigaste sakene deira? Er det eigentleg nokon særleg forskjell på partia? Med utgangspunkt i partia sine eigne program skal vi her sjå nærare på kva som skil dei.
Hand held ei vifte med kort med politiske partilogoar på. Foto.

Raudt (R)

Raudt sin logo. Raud stjerne i mjuke former på kvit bakgrunn. Illustrasjon.

Raudt er eit sosialistisk parti som meiner at kapitalismen er hindringa for eit rettferdig og solidarisk samfunn. Raudt sitt mål er eit samfunn utan utbytting og undertrykking.

Les meir om Raudt (R)

Verdiar og ideologi

Raudt er eit sosialistisk parti som meiner at kapitalismen er hindringa for eit rettferdig og solidarisk samfunn. Raudts mål er eit samfunn utan utbytting og undertrykking, og reell likestilling mellom kjønna blir verdsett som viktig. Dei vil avskaffe den private eigedomsretten på felles naturressursar. Partiet jobbar for å forandre maktforholda i samfunnet fundamentalt. Bak dette ligg det ei klassetenking som går ut på ønsket om at det arbeidande folket tek over makta, og at det blir etablert nye folkevalorgan. Partiet er for ein dominerande offentleg sektor. Raudt er eit revolusjonært parti og hentar mykje av ideologien og politikken sin frå marxistisk teori.

Hjartesaker

Kampen mot forskjellar er Raudts hovudsak, men partiet er òg spesielt oppteke av saker som tryggleik og rettar i arbeidslivet, miljø, feminisme og internasjonal solidaritet.

Historie

Partiet Raudt blei stifta 11. mars 2007. Dei tidlegare partia Rød Valgallianse (RV) og Arbeidernes kommunistparti (AKP) (begge stifta 1973) saman med partilause, omdanna seg då til eit nytt parti. I september 2007 slutta òg Internasjonale Sosialister seg til partiet.

Posisjon

Raudt kom etter stortingsvalet i 2021 for første gong over sperregrensa på 4 % og fekk åtte mandat på Stortinget, noko som er mykje meir enn dei har hatt tidlegare. Partiet har aldri sete i regjering.

roedt.no

Sosialistisk Venstreparti (SV)

SV sin logo. Grøn S og raud V på kvit bakgrunn. Illustrasjon.

Partiet er eit sosialistisk parti som ønsker eit anna samfunn bygd på andre verdiar og behov enn kapitalismen. Dei ønsker at kapitalismen og marknadskreftene blir erstatta av solidaritet, rettferdig fordeling, miljøomsyn og utvida økonomisk og politisk demokrati.

Les meir om Sosialistisk Venstreparti (SV)

Verdiar og ideologi

Partiet er eit sosialistisk parti som ønsker eit anna samfunn bygd på andre verdiar og behov enn kapitalismen. Dei ønsker at kapitalismen og marknadskreftene blir erstatta av solidaritet, rettferdig fordeling, miljøomsyn og utvida økonomisk og politisk demokrati. SV er for ein sterk offentleg sektor, der staten skal styre kapitalen og vareproduksjonen og fordele makt og materielle gode. Dei er reformistiske, altså at dei gjennom reformer skal nærme seg eit sosialistisk samfunn. Partiet blei danna i opposisjon til utanrikspolitikken som blei ført på den tida, ikkje minst mot NATO-medlemskap (1960-talet) og EF-medlemskap (1970-talet).

Hjartesaker

SV har eit sterkt fokus på utjamning av forskjellar i samfunnet, og dessutan miljøvern og berekraftig utvikling.

Historie

Partiet SV blei stifta 16. mars 1975. Forløparen til partiet er Sosialistisk Valgforbund (1973) som blei danna som følge av EF-striden 1970–1972. Eit av dei sentrale partia i dette valforbundet var Sosialistisk Folkeparti, som braut ut av Arbeidarpartiet (AP) i 1961.

Posisjon

SV sat i den raudgrøne regjeringa med Arbeidarpartiet og Senterpartiet i perioden 2005–2013. Etter valet i 2021 ønskte SV igjen å bli med i ei raudgrøn regjering og hadde samtalar med Arbeidarpartiet og Senterpartiet om dette. Til slutt trekte SV seg frå samtalane, då dei meinte at dei ville få større gjennomslag for politikken sin utanfor regjeringa.

sv.no

Arbeidarpartiet (Ap)

Arbeidarpartiet sin logo. Raud rose sett ovanfrå på kvit bakgrunn. Illustrasjon.

Partiet er eit sosialdemokratisk parti som bygger på eit sosialt, demokratisk, humanistisk og samfunnskritisk grunnlag. Det inneber at viktige samfunnsoppgåver blir løyste i fellesskap, og målet er eit samfunn med fridom og like mogelegheiter for alle.

Les meir om Arbeidarpartiet (Ap)

Verdiar og ideologi

I dag er partiet eit sosialdemokratisk parti som bygger på eit sosialt, demokratisk, humanistisk og samfunnskritisk grunnlag. Det inneber at viktige samfunnsoppgåver blir løyste i fellesskap, og målet er eit samfunn med fridom og like mogelegheiter for alle.

Nøkkelorda i det politiske grunnsynet til partiet er fridom, likskap og solidaritet. Fridom er fridom frå fattigdom og undertrykking og for utfolding av skapande evner og mogelegheiter. Likskap er like rettar og plikter for alle og like mogelegheiter uansett sosial bakgrunn, kjønn, religion eller etnisk opphav. I tillegg kjem solidaritet med menneske over heile verda og med kommande generasjonar. Gjennom solidaritet vil partiet ta vare på dei som ikkje klarer seg på eiga hand.

Ein sterk offentleg sektor skal finansiere fellesgodane, og eit progressivt skattesystem skal sikre ei økonomisk omfordeling. Ap meiner at den enkelte skal bestemme over eigen kvardag. Partiet er reformistisk, noko som inneber at dei bruker mogelegheitene utviklinga gir til å forbetre samfunnet. Ei slik haldning, som inneber at dei rettar seg etter forholda, blir gjerne kalla pragmatisme.

Hjartesaker

Ap vil verne om og utvikle rettane til arbeidstakarane og velferdsstaten.

Historie

Ap blei stifta 21. august 1887, og hovudsakene som då var på dagsordenen, var arbeidarvern og fagorganiserte sine rettar. Ap har i fleire periodar mellom 1945 og 2001 sete åleine i regjering. Dei sat i regjering med SV og Sp i perioden 2005–2014.

Posisjon

Ap sit i mindretalsregjering med Senterpartiet. Dei ønskte opphavleg å danne ei fleirtalsregjering med både SP og SV.

arbeiderpartiet.no

Senterpartiet (Sp)

Senterpartiet sin logo. Grøne firkløverblad forma som hjarte på kvit bakgrunn. Illustrasjon.

I verdigrunnlaget sitt vil partiet bygge samfunnet nedanfrå. I det ligg det at partiet ønsker ei desentralisering av eigedomsrett, makt, kapital og busetjing. Dei ønsker òg større likestilling mellom ulike grupper i samfunnet, og dei er motstandarar av dei frie marknadskreftene og økonomisk liberalisering.

Les meir om Senterpartiet (Sp)

Verdiar og ideologi

I partiprogrammet sitt legg partiet ingen av dei kjende ideologiane til grunn. I verdigrunnlaget sitt vil dei bygge samfunnet nedanfrå. I det ligg det at partiet ønsker ei desentralisering av eigedomsrett, makt, kapital og busetjing. Dei ønsker òg større likestilling mellom ulike grupper i samfunnet, og dei er motstandarar av dei frie marknadskreftene og økonomisk liberalisering.

Sp sitt mål for det politiske arbeidet er å utvikle eit samfunn av frie, sjølvstendige menneske, som med tru på eigne evner tek ansvar for sitt eige liv, for fellesskapen og for natur og miljø. Eit viktig reiskap her er eit nærmiljø laga av og for enkelmennesket. Fridom for enkelmennesket er viktig, og alle har eit medansvar for å skape gode lokalsamfunn. Sp vil ta heile Noreg i bruk, slik at alle delar av landet skal ha eit næringsliv i utvikling, og at folk kan bu og arbeide der dei ønsker. Partiet er ein garantist mot norsk EU-medlemskap.

Hjartesaker

Senterpartiet vil verne om interessene til distrikta og kjempe mot sentralisering. Dei vil ha gode vilkår for norsk jordbruk.

Historie

Partiet blei stifta i 1920 under namnet Bondepartiet og forandra namn til Senterpartiet i 1959. Dei sat i fleire periodar på 1900-talet i regjering med Høgre, Venstre og KrF, men skifta side på byrjinga av 2000-talet. Partiet sat i regjering med Ap og SV i perioden 2005–2014.

Posisjon

Sp sit i mindretalsregjering med Arbeidarpartiet. Dei ønskte ikkje å sitje i regjering med SV.

senterpartiet.no

Miljøpartiet (MDG)

Miljøpartiet Dei Grøne sin logo. MDG med kvite bokstavar på grøn bakgrunn. Illustrasjon.

Partiet bygger på ein såkalla grøn ideologi, og på at ein skal setje miljø og berekraft framfor økonomisk vekst. MDG fokuserer på tre hovudtema: livskvalitet, klimasmart samferdsel og fornybar framtid.

Les meir om Miljøpartiet Dei Grøne (MDG)

Verdiar og ideologi

Partiet bygger på ein såkalla grøn ideologi, og på at ein skal setje miljø og berekraft framfor økonomisk vekst. MDG fokuserer på tre hovudtema: livskvalitet, klimasmart samferdsel og fornybar framtid. Desse hovudtemaa betyr at partiet arbeider for eit samfunn der folk har meir tid til kvarandre og legg mindre vekt på forbruk, og der det skal bli enklare og billegare å velje dei mest miljøvennlege transportmidla. Dei ønsker òg ein slutt på oljeproduksjonen og heller ei omstilling til berekraftig og fornybar økonomi.

MDGs idégrunnlag er dei fire solidaritetane: solidaritet med naturen, solidaritet med undertrykte og utstøytte i eige land, solidaritet med folk i andre delar av verda og solidaritet med framtidige generasjonar. Dei Grøne er ein del av ei større grøn rørsle i Europa og verda elles.

Hjartesaker

MDGs hovudsak er miljø og berekraftig utvikling lokalt og globalt.

Historie

Miljøpartiet (MDG) blei stifta i 1988 og er det yngste av dei store partia i Noreg. MDG har aldri sete i regjering. Lokalt samarbeider MDG vanlegvis med venstresida, og det er forventa at dei vil støtte ei raudgrøn regjering ved neste val. Partiet har ikkje ein partileiar, men blir leia av eit sentralstyre med elleve medlemmer, der to av dei (ein mann og ei kvinne) er nasjonale talspersonar for styret.

Posisjon

MDG er ein del av opposisjonen på Stortinget og reknar seg sjølv som eit blokkuavhengig parti. Det vil seie at dei ikkje inngår i nokre av regjeringsalternativa, og dei har foreløpig ikkje sete i regjering.

mdg.no

Kristeleg Folkeparti (KrF)

Kristeleg Folkeparti sin logo. KrF i raud løkkeskrift på kvit bakgrunn, der enden på f-en er dregen ut og rammar inn logoen med eit hjarte. Illustrasjon.

KrF bygger politikken sin på eit kristent verdigrunnlag og ein kristendemokratisk ideologi. Verdigrunnlaget til partiet har forankringa si i det kristne menneskesynet, nestekjærleiken og forvaltaransvaret og dei ti bod.

Les meir om Kristeleg Folkeparti (KrF)

Posisjon

KrF er ein del av opposisjonen på Stortinget. Partiet kom under sperregrensa på 4 % i 2021 og gjorde med det eit historisk dårleg val. KrF har no tre mandat på Stortinget.

Verdiar og ideologi

KrF bygger politikken sin på eit kristent verdigrunnlag og ein kristendemokratisk ideologi. Verdigrunnlaget til partiet har forankringa si i det kristne menneskesynet, nestekjærleiken og forvaltaransvaret og dei ti bod. Dette verdigrunnlaget kjem til uttrykk i Bibelen. Partiet ønsker av den grunnen å halde bioteknologilova og abortlova streng.

Alle menneske er like mykje verd. Dette er eit heilt grunnleggande syn i den kristendemokratiske ideologien. Det betyr kamp mot alle former for diskriminering og utnytting. Den kristendemokratiske ideologien ønsker å løfte fram velferdssamfunnet framfor velferdsstaten. Familien er den mest grunnleggande fellesskapen i samfunnet.

Hjartesaker

KrF er spesielt oppteke av familie, fattigdom og miljø.

Historie

KrF blei stifta 4. september 1933. Dei har tidlegare sete i fleire regjeringar med Høgre, Venstre, Senterpartiet og Frp. Partiet hadde i 2019 ein diskusjon om å gå over til å støtte ei raudgrøn regjering, men enda med å bli verande på den borgarlege sida og gå inn i den borgarlege regjeringa.

Posisjon

KrF er ein del av opposisjonen på Stortinget. Partiet kom under sperregrensa på 4 % i 2021 og gjorde med det eit historisk dårleg val. KrF har no tre mandat på Stortinget.

krf.no

Venstre (V)

Venstre sin logo. Hvit V på ein grøn, sirkulær bakgrunn. Illustrasjon.

Venstre er det sosialliberale partiet i norsk politikk. Fridom for den enkelte supplert med ansvar for kvarandre er kjernen til den sosiale liberalismen.

Les meir om Venstre (V)

Verdiar og ideologi

Venstre er det sosialliberale partiet i norsk politikk. vaks fram på 1800-talet med krav om ein aktiv stat for å skape sosial rettferd og reell fridom for alle. Fridom for den enkelte supplert med ansvar for kvarandre er kjernen til den sosiale liberalismen. Dette danna grunnlaget for innføringa av folkestyret, utbygginga av den offentlege skulen og byrjinga på velferdsstaten.

Partiet ønsker ein aktiv stat til å kjempe mot sosial urettferd i samfunnet, men samtidig vil partiet ikkje at staten og utvalde organisasjonar får for mykje makt på kostnad av enkelmennesket og mangfaldet i samfunnet. Hovudmålet for politikken er fridommen til enkelmennesket. Samtidig har alle eit ansvar for eigne val. Dei som treng hjelpa i samfunnet til å leve eit verdig liv, skal få det. Demokrati, ytringsfridom, organisasjonsfridom og trusfridom er grunnleggande liberale rettar og viktige berebjelkar ved sida av og marknadsøkonomien.

Hjartesaker

Venstre er spesielt oppteke av skule, miljø og gode vilkår for gründerar og små og mellomstore bedrifter.

Historie

Venstre er Noregs eldste parti og blei danna 28. januar 1884. Partiet har tidlegare sete i fleire regjeringar med Høgre, KrF, Sp og Frp.

Posisjon

Venstre er ein del av opposisjonen på Stortinget.

venstre.no

Høgre (H)

Blå vimpel som vaier i vinden. Grafikk.

Høgres politikk bygger på eit konservativt samfunnssyn og liberale verdiar. Det vil seie at ein vil verne tradisjonelle verdiar i samfunnet, og at endringar ikkje må skje for fort.

Les meir om Høgre (H)

Verdiar og ideologi

Høgres politikk bygger på eit konservativt samfunnssyn og liberale verdiar. Det vil seie at ein vil verne tradisjonelle verdiar i samfunnet, og at endringar ikkje må skje for fort. Med andre ord: forandre for å verne. Konservatismen føreset ein sterk rettsstat som tek vare på rettane til enkelmennesket og mindretalet, og som sikrar grunnleggande fridommar som religionsfridom, ytringsfridom, privat eigedomsrett og likskap for lova.

For Høgre er demokrati mykje meir enn fleirtalsstyre. Den som vel annleis, skal bli møtt med openheit og toleranse frå samfunnet si side. Prinsippet om fridom under ansvar er viktig. Høgre meiner dessutan at marknadsøkonomien bidreg til innovasjon, sysselsetjing, vekst og velferd. Ein velfungerande marknadsøkonomi føreset klare reglar som hindrar misbruk av marknads- og styresmaktsmakt. Høgre ønsker òg å sikre eit sterkare og meir spreidd privat eigarskap enn i dag.

Hjartesaker

Høgre ønsker gode vilkår for næringslivet og meiner at eit sterkt norsk næringsliv vil sikre eit godt grunnlag for velferdsstaten.

Historie

Høgre blei danna i 1884 og er eit konservativt parti. Partiet har tidlegare sete i fleire regjeringar med Venstre, KrF, Sp og Frp.

Posisjon

Høgre er det største opposisjonspartiet på Stortinget.

hoyre.no

Framstegspartiet (Frp)

Framstegspartiet sin logo. Raudt eple med kvit F. Illustrasjon.

Frp er eit liberalistisk parti. Det vil seie at det set enkelindividet og rettane til enkelindividet i sentrum, og at makta til staten må avgrensast. Det offentlege skal ikkje ta på seg oppgåver som enkelpersonar, bedrifter og organisasjonar kan løyse like godt eller betre.

Les meir om Framstegspartiet (Frp)

Verdiar og ideologi

Frp er eit liberalistisk parti. Det vil seie at det set enkelindividet og rettane til enkelindividet i sentrum, og at makta til staten må avgrensast. Det offentlege skal ikkje ta på seg oppgåver som enkelpersonar, bedrifter og organisasjonar kan løyse like godt eller betre. Det er berre det å sikre ein minimumslevestandard som er ei offentleg oppgåve.

Hovudmålet til partiet er at skattar, avgifter og offentlege inngrep skal gå kraftig ned. Kapitalmarknaden må vere friast mogleg, slik at kapitalen blir kanalisert dit der den gjer størst nytte for seg. For Framstegspartiet er uttrykket "Fridommen min sluttar der din byrjar" ein leveregel. Dette betyr at dei ønsker å tillate menneske å leve sitt eige liv, så lenge det ikkje går ut over andre. Det offentlege forbruket må reduserast, og byråkratiet blir bygd ned.

Hjartesaker

Frp vil ha lågare skattar og avgifter, betre eldreomsorg, betre og tryggare veg, strengare innvandringspolitikk og strengare straffer for kriminelle.

Historie

Partiet blei stifta under namnet "Anders Langes Parti til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep" i 1973 og bytte namn til Framstegspartiet i 1977. Partiet har vore eit opposisjonsparti fram til det danna regjering saman med Høgre i 2013. Seinare kom òg Venstre og KrF med i denne regjeringa. Frp gjekk ut av regjeringa i 2020 på grunn av avgjerda om å hente heim ei IS-kvinne frå Syria, som hadde eit sjukt barn.

Posisjon

Frp er ein del av opposisjonen på Stortinget.

frp.no

Oppslutningen til partia ved førre stortingsval

Søylediagram for oppslutninga til partia ved stortingsvalet i 2021: Raudt: 4,7 prosent, Sosialistisk Venstreparti: 7,6 prosent, Arbeidarpartiet: 26,3 prosent, Senterpartiet: 13,5 prosent, Miljøpartiet Dei Grøne: 3,9 prosent, Kristeleg Folkeparti: 3,8 prosent, Venstre: 4,6 prosent, Høgre: 20,4 prosent, Framstegspartiet: 11,6 prosent. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Kva er ein ideologi? Kva betydning har ideologiar i norsk politikk i dag? Kvifor deler vi politikken inn i ein høgre- og ei venstreside?

Politiske skiljelinjer, eller konfliktlinjer, er varige og grunnleggjande motsetningar i samfunnet og mellom veljarane.

CC BY-SASkrive av Jan-Arve Overland, Leonhard Vårdal, Inga Berntsen Rudi og Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 20.06.2023

Læringsressursar

Ideologisk ståstad