Hopp til innhald

Fagstoff

Ideologiar

Kva er det perfekte samfunn? Nokre av dei vanlegaste svara på dette spørsmålet finn vi i dei ulike ideologiane.
Mann står på ein boks og taler til eit publikum. Snakkeboble med tannhjul. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ideologiar

Dei ulike politiske partia skil seg frå kvarandre ved at dei har ulike meiningar om korleis samfunnet skal vere. Mange av partia byggjer politikken sin på ideologiar. Ein er ein idé eller eit tankesett om korleis samfunnet skal styrast, og kva verdiar som er viktige. Døme på slike ideologiar er anarkisme, , , og fascisme.

Sjølv om ideologiane har forandra seg mykje sidan dei oppstod, kan vi kjenne igjen visse trekk, og desse trekka er det som skaper hovudskilja mellom partia. Venstre (V) er eit sosialliberalt parti, Høgre (H) er eit konservativt parti, Sosialistisk Venstreparti (SV) er eit sosialistisk parti, og Arbeidarpartiet (AP) er eit sosialdemokratisk parti. Framstegspartiet (Frp) byggjer den økonomiske politikken sin på den økonomiske liberalismen. I tillegg har vi parti som Kristeleg Folkeparti (KrF) og Senterpartiet (SP), som set familie, kristendom, tradisjonell moral og bygdeverdiar høgt.

Undersøk

  • Kva er forskjellen på liberal og sosialliberal?
  • Kva er forskjellen på sosialistisk og sosialdemokratisk?

Venstre- og høgresida

Å skilje dei ulike politiske partia frå kvarandre er ikkje alltid like enkelt. Ideologiane speler ikkje ei så stor rolle lenger. Men ofte snakkar vi om ei venstre- og høgreside i norsk politikk. På høgre side finn vi dei partia som er konservative og økonomisk liberalistiske parti, på venstresida finn vi sosialistiske parti, og i midten finn vi sentrumspartia.

Opninga av stenderforsamlinga i Versailles, 5. mai 1789. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Høgresida har tradisjonelt lagt vekt på dette:

  • fridom for det enkelte individet og vern om det beståande samfunnet
  • privat eigedomsrett og privat næringsliv
  • marknadsøkonomi med fri konkurranse og lite offentleg regulering

Venstresida har tradisjonelt lagt vekt på dette:

  • Staten leier styringa av økonomien i samfunnet.
  • Tilbodet av velferdsgode skal vere eit offentleg ansvar.
  • Staten regulerer næringslivet med blandingsøkonomi.

Høgresida består av partia Høgre (H) og Framstegspartiet (Frp), mens venstresida består av partia Raudt, Sosialistisk Venstreparti (SV) og Arbeidarpartiet (AP). Som ei eiga gruppering mellom høgre- og venstresida finn vi sentrumspartia Senterpartiet (SP), Venstre (V) og Kristeleg Folkeparti (KrF).

Dei siste åra har Senterpartiet samarbeidd med venstresida når det gjeld regjeringsdanning, mens Venstre og Kristeleg Folkeparti har samarbeidd med høgresida. Desse to regjeringsalternativa blir gjerne kalla for høvesvis det raudgrøne og det borgarlege eller ikkje-sosialistiske regjeringsalternativet. I lokalpolitikken er ikkje desse skiljelinjene like klare, og her finn vi ofte parti som samarbeider på tvers av den tradisjonelle venstre-høgre-dimensjonen.

Inndelinga i ei venstre- og ei høgreside er den skiljelinja som er mest kjend, men det er fleire andre viktige skiljelinjer i norsk politikk. Desse kan du lese meir om i artikkelen om politiske skiljelinjer.

Relatert innhald

Politiske skiljelinjer, eller konfliktlinjer, er varige og grunnleggjande motsetningar i samfunnet og mellom veljarane.

Kjerneverdien i sosialismen er større likskap og rettferd i samfunnet.

CC BY-SASkrive av Jan-Arve Overland og Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 19.03.2020

Læringsressursar

Ideologisk ståstad