Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Politisk sak – gruppearbeid

Kva meiner Høgre om skatt? Kva meiner Raudt om fengselsstraffer? Og kvifor meiner dei det? I dette gruppearbeidet skal de fordjupe dykk i éi sak og to parti med ulikt syn på saka.
Elever samarbeider i klasserommet. Foto,
Opne bilete i eit nytt vindauge

Førebuingar

  1. Del dykk inn i grupper på 3 – 4 elevar.
  2. Vel ei politisk sak de vil undersøkje. Gruppene bør velje ulike saker. Fordel saker frå lista under. De kan òg komme med eigne forslag til saker og velje aktuelle saker frå lokalpolitikken.
    • Bør vi ha lekser i skulen?
    • Bør vi gi pengestøtte til bønder?
    • Bør vi gi pengestøtte til kunstnarar?
    • Bør vi senke skattane?
    • Bør vi ha strengare straffer?
    • Bør vi finne nye oljefelt?
    • Bør vi få fleire private sjukehus?
    • Bør vi behalde kontantstøtta?
    • Bør legar ha moglegheita til å reservere seg mot å vise til abort?
    • Bør vi ta imot fleire flyktningar?
  3. Individuelt: Sett de grundig inn i saka og undersøk kva dei ulike partia står for. Ta notat og ta vare på lenker til kjeldene de bruker.
  4. I gruppa: Bestem dykk for kva to parti de vil fordjupe dykk spesielt i.
  5. Førebu ein presentasjon på 10 – 15 minutt.

Innhaldet i presentasjonen

  1. Kort innleiing: Presenter saka og dei ulike standpunkta til partia.
  2. Hovuddel 1: Ta for dykk to parti og vis argument og motargument (t.d. gjennom ein debatt).
  3. Hovuddel 2: Kvifor meiner partia som dei gjer? Sjå argumenta i samanheng med politikken til partia elles, ideologien og verdiane deira.
  4. Kort avslutning/oppsummering.

Debatt

  • Køyr ei avstemming i klassen og vel ei sak de vil debattere.
  • Arranger ein debatt i klassen. De kan til dømes ha eit panel med elevar som representerer ulike parti med spørsmål og innspel frå salen, eller de kan ha ein meir open debatt i klassen der de fremjar dykkar eigne meiningar.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 28.04.2020

Læringsressursar

Ideologisk ståstad