Hopp til innhald

Kva står dei politiske partia for?

Veit du kva dei ulike politiske partia står for? Kva er dei viktigaste sakene deira? Er det eigentleg nokon særleg forskjell på dei?

Valforskarane har funne ut at heile 68 % av veljarane synest at det er vanskeleg å sjå kva som skil dei ulike partia. Men dei er ikkje nødvendigvis så like, dei berre blir oppfatta slik.

Korleis kan vi så undersøke kva som skil dei ulike partia? Med utgangspunkt i partias eigne program, skal vi her sjå litt nærare på kva som skil partia.

Raudt (R)

Oppslutning og posisjon

Oppslutning stortingsvalet 2021: 4,7 %

Oppslutning kommuneval 2019: 3,8 %

Posisjon: Kom etter stortingsvalet i 2021 for første gong over sperregrensa på 4 % og fekk åtte mandat på Stortinget, noko som er mykje meir enn dei har hatt tidlegare. Partiet har aldri sete i regjering.

Historie

Partiet Raudt vart stifta 11. mars 2007. Dei tidlegare partia Rød Valgallianse (RV) og Arbeidernes kommunistparti (AKP) (begge stifta 1973) saman med partilause, omdanna seg då til eit nytt parti. I september 2007 slutta òg Internasjonale Sosialister seg til partiet.

Verdiar og ideologi

Raudt er eit sosialistisk parti og meiner at kapitalismen er hindringa for eit rettferdig og solidarisk samfunn. Raudts mål er eit samfunn utan utbytting og undertrykking, og reell likestilling mellom kjønna er viktig her. Dei vil avskaffe den private eigedomsretten til felles naturressursar. Partiet jobbar for å endre maktforholda i samfunnet fundamentalt. Bak dette ligg det ei klassetenking som går ut på at dei ønsker at det arbeidande folket tar over makta, og at det blir etablert nye folkevalorgan. Partiet er for ein dominerande offentleg sektor. Raudt er eit revolusjonært parti og hentar mykje av ideologien og politikken sin frå marxistisk teori.

Hjartesaker

Kampen mot forskjellar er Raudt sin hovudsak, men dei er òg spesielt opptatt av saker som tryggleik og rettar i arbeidslivet, miljø, feminisme og internasjonal solidaritet.

Sosialistisk Venstreparti (SV)

Oppslutning og posisjon

Oppslutning stortingsvalet 2021: 7,6 %

Oppslutning kommuneval 2019: 6,1 %

Posisjon: Sat i den raudgrøne regjeringa med Arbeidarpartiet og Senterpartiet i perioden 2005–2013. Etter valet i 2021 ønskte SV igjen å bli med i ei raudgrøn regjering og hadde samtalar med Arbeidarpartiet og Senterpartiet om dette. Til slutt trekte SV seg frå samtalane, då dei meinte at dei ville få større gjennomslag for politikken sin utanfor regjeringa.

Historie

Partiet SV vart stifta 16. mars 1975. Forløparen til partiet er Sosialistisk Valgforbund (1973) som vart danna som følgje av EF-striden 1970–1972. Eit av dei sentrale partia i dette valforbundet var Sosialistisk Folkeparti, som braut ut av Arbeidarpartiet (AP) i 1961.

Verdiar og ideologi

Partiet er eit sosialistisk parti som ønsker eit anna samfunn bygd på andre verdiar og behov enn kapitalismen. Dei ønsker at kapitalismen og marknadskreftene blir erstatta av solidaritet, rettferdig fordeling, miljøomsyn og utvida økonomisk og politisk demokrati. SV er for ein sterk offentleg sektor der staten skal styre kapitalen og vareproduksjonen og fordele makt og materielle gode. Dei er reformistiske, altså at dei gjennom reformer skal nærme seg eit sosialistisk samfunn. Partiet vart danna i opposisjon til utanrikspolitikken som vart ført på den tida, ikkje minst mot NATO-medlemskap (1960-talet) og EF-medlemskap (1970-talet).

Hjartesaker

SV har eit sterkt fokus på utjamning av forskjellar i samfunnet, og dessutan miljøvern og berekraftig utvikling.

Arbeidarpartiet (Ap)

Oppslutning og posisjon

Oppslutning stortingsvalet 2021: 26,3 %

Oppslutning kommuneval 2019: 24,8 %

Posisjon: Sit i mindretalsregjering med Senterpartiet. Ønskte opphavleg å danne ei fleirtalsregjering med både SP og SV.

Historie

AP vart stifta 21. august 1887, og hovudsakene som då var på dagsordenen var arbeidarvern og rettane til fagorganiserte. Har i fleire periodar mellom 1945 og 2001 sete åleine i regjering. Sat i regjering med SV og Sp i perioden 2005–2014.

Verdiar og ideologi

I dag er partiet eit sosialdemokratisk parti som bygger på eit sosialt, demokratisk, humanistisk og samfunnskritisk grunnlag. Det inneber at viktige samfunnsoppgåver blir løyste i fellesskap, og målet er eit samfunn med fridom og like moglegheiter for alle.

Nøkkelorda i det politiske grunnsynet til partiet er fridom, likskap og solidaritet. Fridom er fridom frå fattigdom og undertrykking og til utfolding av skapande evner og moglegheiter. Likskap er like rettar og plikter for alle, og like moglegheiter uansett sosial bakgrunn, kjønn, religion eller etnisk opphav. I tillegg kjem solidaritet med menneske over heile verda og med kommande generasjonar. Gjennom solidaritet vil partiet ta vare på dei som ikkje klarer seg på eiga hand.

Ein sterk offentleg sektor skal finansiere fellesgoda, og eit progressivt skattesystem skal sikre ei økonomisk omfordeling. AP meiner at den enkelte skal bestemme over eigen kvardag. Partiet er reformistisk, noko som inneber at dei bruker moglegheitene utviklinga gir, til å forbetre samfunnet. Ei slik haldning som inneber at dei rettar seg etter forholda, blir gjerne kalla pragmatisme.

Hjartesaker

AP vil verne om og utvikle rettane til arbeidstakarane og velferdsstaten.

Senterpartiet (Sp)

Oppslutning og posisjon

Oppslutning stortingsvalet 2021: 13,5 %

Oppslutning kommuneval 2019: 14,4 %

Posisjon: Sit i mindretalsregjering med Arbeidarpartiet. Ønskte ikkje å sitje i regjering med SV.

Historie

Partiet vart stifta i 1920 under namnet Bondepartiet og endra namn til Senterpartiet i 1959. Sat i fleire periodar på 1900-talet i regjering med Høgre, Venstre og KrF, men skifta side på byrjinga av 2000-talet. Sat i regjering med Ap og SV i perioden 2005–2014.

Verdiar og ideologi

I partiprogrammet sitt legg partiet ingen av dei kjente ideologiane til grunn. I verdigrunnlaget sitt vil partiet bygge samfunnet nedanfrå. I det ligg det at partiet ønsker ei desentralisering av eigedomsrett, makt, kapital og busetjing. Dei ønsker òg større likestilling mellom ulike grupper i samfunnet, og dei er motstandarar av dei frie marknadskreftene og økonomisk liberalisering.

Sp sitt mål for det politiske arbeidet er å utvikle eit samfunn av frie, sjølvstendige menneske, som med tru på eigne evner tar ansvar for sitt eige liv, for fellesskapet og for natur og miljø. Eit viktig reiskap her er eit nærmiljø laga av og for einskildmennesket. Fridom for einskildmennesket er viktig, og alle har eit medansvar for å skape gode lokalsamfunn. Sp vil ta heile Noreg i bruk, slik at alle delar av landet skal ha eit næringsliv i utvikling og at folk kan bu og arbeide der dei ønsker. Partiet er ein garantist mot norsk EU-medlemskap.

Hjartesaker

Senterpartiet vil verne om interessene til distrikta og kjempe mot sentralisering. Dei vil ha gode vilkår for norsk jordbruk.

Miljøpartiet Dei Grøne (MDG)

Oppslutning og posisjon

Oppslutning stortingsvalet 2021: 3,9 %

Oppslutning kommuneval 2019: 6,8 %

Posisjon: Er ein del av opposisjonen på Stortinget og reknar seg sjølv som eit blokkuavhengig parti. Det vil seie at dei ikkje inngår i nokon av regjeringsalternativa, og dei har førebels ikkje sete i regjering.

Historie

Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) vart stifta i 1988, og er det yngste av dei store partia i Noreg. MDG har aldri sete i regjering. Lokalt samarbeider MDG vanlegvis med venstresida, og det er forventa at dei vil støtte ei raudgrøn regjering ved neste val. Partiet har ikkje ein partileiar, men blir leidd av eit sentralstyre med elleve medlemmer, der to av dei (ein mann og ei kvinne) er nasjonale talspersonar for styret.

Verdiar og ideologi

Partiet bygger på ein såkalla grøn ideologi og på at ein skal setje miljø og berekraft føre økonomisk vekst. MDG fokuserer på tre hovudtema: livskvalitet, klimasmart samferdsel og fornybar framtid. Desse hovudtemaa betyr at partiet arbeider for eit samfunn der folk har meir tid til kvarandre og legg mindre vekt på forbruk, og der det skal bli enklare og billegare å velje dei mest miljøvennlege transportmidla. Dei ønsker òg ein slutt på oljeproduksjonen og heller ei omstilling til berekraftig og fornybar økonomi.

MDGs idegrunnlag er dei fire solidaritetar: solidaritet med naturen, solidaritet med undertrykte og utstøytte i eige land, solidaritet med folk i andre delar av verda og solidaritet med framtidige generasjonar. Dei Grøne er ein del av ei større grøn rørsle i Europa og verda elles.

Hjartesaker

MDGs hovudsak er miljø og berekraftig utvikling lokalt og globalt.

Kristeleg Folkeparti (KrF)

Oppslutning og posisjon

Oppslutning stortingsvalet 2021: 3,8 %

Oppslutning kommuneval 2019: 4,0 %

Posisjon: Er ein del av opposisjonen på Stortinget. Partiet kom under sperregrensa på 4 % i 2021 og gjorde med det eit historisk dårleg val. KrF har no tre mandat på Stortinget.

Historie

KrF vart stifta 4. september 1933. Har tidlegare sete i fleire regjeringar med Høgre, Venstre, Senterpartiet og Frp. Hadde i 2019 ein diskusjon om å gå over til å støtte ei raudgrøn regjering, men enda med å bli verande på den borgarlege sida og gå inn i den borgarlege regjeringa.

Verdiar og ideologi

KrF bygger politikken sin på eit kristent verdigrunnlag og ein kristendemokratisk ideologi. Verdigrunnlaget til partiet har forankringa si i det kristne menneskesynet, nestekjærleiken og forvaltaransvaret og dei ti bod. Dette verdigrunnlaget kjem til uttrykk i Bibelen. Partiet ønsker av den grunn å halde bioteknologilova og abortlova streng.

Alle menneske er like mykje verd. Dette er eit heilt grunnleggande syn i den kristendemokratiske ideologien. Det betyr kamp mot all diskriminering og utnytting. Den kristendemokratiske ideologien ønsker å løfte fram velferdssamfunnet framfor velferdsstaten. Familien er det mest grunnleggande fellesskapet i samfunnet.

Hjartesaker

KrF er spesielt opptatt av familie, fattigdom og miljø.

Venstre (V)

Oppslutning og posisjon

Oppslutning stortingsvalet 2021: 4,6 %

Oppslutning kommuneval 2019: 3,9 %

Posisjon: Er ein del av opposisjonen på Stortinget.

Historie

Venstre er Noregs eldste parti og vart danna 28. januar 1884. Har tidlegare sete i fleire regjeringar med Høgre, KrF, Sp og Frp.

Verdiar og ideologi

Venstre er det sosialliberale partiet i norsk politikk. voks fram på 1800-talet med krav om ein aktiv stat for å skape sosial rettferd og reell fridom for alle. Fridom for den enkelte supplert med ansvar for kvarandre er kjernen til den sosiale liberalismen. Dette danna grunnlaget for innføringa av folkestyret, utbygginga av den offentlege skulen og byrjinga på velferdsstaten.

Partiet ønsker ein aktiv stat til å kjempe mot sosial urettferd i samfunnet, men samstundes vil partiet ikkje at staten og utvalde organisasjonar får for mykje makt på kostnad av einskildmennesket og mangfaldet i samfunnet. Hovudmålet for politikken er fridommen til einskildmennesket. Samstundes har alle eit ansvar for eigne val. Dei som treng hjelp i samfunnet til å leve eit verdig liv, skal få det. Demokrati, ytringsfridom, organisasjonsfridom og trusfridom er grunnleggande liberale rettar, og er viktige berebjelkar ved sida av n og marknadsøkonomien.

Hjartesaker

Venstre er spesielt opptatt av skule, miljø og gode vilkår for gründerar og små- og mellomstore bedrifter.

Høgre (H)

Oppslutning og posisjon

Oppslutning stortingsvalet 2021: 20,4 %

Oppslutning kommuneval 2019: 20,1 %

Posisjon: Er det største opposisjonspartiet på Stortinget.

Historie

Høgre vart danna i 1884 og er eit konservativt parti. Har tidlegare sete i fleire regjeringar med Venstre, KrF, Sp og Frp.

Verdiar og ideologi

Høgres politikk bygger på eit konservativt samfunnssyn og liberale verdiar. Det vil seie at ein vil verne tradisjonelle verdiar i samfunnet, og at endringar ikkje må skje for fort. Med andre ord – forandre for å verne. Konservatismen føreset ein sterk rettsstat som tar vare på rettane til einskildmennesket og mindretalet, og som sikrar grunnleggande fridommar som religionsfridom, ytringsfridom, privat eigedomsrett og likskap for lova.

For Høgre er demokrati mykje meir enn fleirtalsstyre. Den som vel annleis, skal bli møtt med openheit og toleranse frå samfunnets side. Prinsippet om fridom under ansvar er viktig. Høgre meiner dessutan at marknadsøkonomien bidrar til innovasjon, sysselsetjing, vekst og velferd. Ein velfungerande marknadsøkonomi føreset klare reglar som hindrar misbruk av marknads- og styresmaktsmakt. Høgre ønsker òg å sikre eit sterkare og meir spreitt privat eigarskap enn i dag.

Hjartesaker

Høgre ønsker gode vilkår for næringslivet og meiner at eit sterkt norsk næringsliv vil sikre eit godt grunnlag for velferdsstaten.

Framstegspartiet (Frp)

Oppslutning og posisjon

Oppslutning stortingsvalet 2021: 11,6 %

Oppslutning kommuneval 2019: 8,2 %

Posisjon: Er ein del av opposisjonen på Stortinget.

Historie

Partiet vart stifta under namnet «Anders Langes Parti til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep» i 1973 og bytte namn til Framstegspartiet i 1977. Har vore eit opposisjonsparti fram til partiet danna regjering saman med Høgre i 2013. Seinare kom òg Venstre og KrF med i denne regjeringa. Frp gjekk ut av regjeringa i 2020 på grunn av avgjerda til regjeringa om å hente heim ei IS-kvinne med sjukt barn frå Syria.

Verdiar og ideologi

Frp er eit liberalistisk parti. Det vil seie at det set einskildindivida og rettane deira i sentrum, og at makta til staten må avgrensast. Det offentlege skal ikkje ta på seg oppgåver som enkeltpersonar, bedrifter og organisasjonar kan løyse like godt eller betre, det er berre det å sikre ein minimumslevestandard som er ei offentleg oppgåve.

Hovudmålet til partiet er at skattar, avgifter og offentlege inngrep skal gå kraftig ned. Kapitalmarknaden må vere friast mogleg, slik at kapitalen blir kanalisert dit kvar han gjer størst nytte for seg. For Framstegspartiet er uttrykket: "Fridommen min sluttar der din byrjar" ein leveregel. Dette betyr at dei ønsker å tillate menneske å leve sitt eige liv, så lenge det ikkje går ut over andre. Det offentlege forbruket må reduserast og byråkratiet blir bygt ned.

Hjartesaker

Frp vil ha lågare skattar og avgifter, betre eldreomsorg, betre og tryggare veg, strengare innvandringspolitikk og strengare straffer for kriminelle.

CC BY-SASkrive av Jan-Arve Overland, Leonhard Vårdal, Inga Berntsen Rudi og Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 29.01.2020