Hopp til innhald

Fagstoff

Skuleval

Kvart anna år – i forkant av både stortingsval, kommunestyreval og fylkestingsval – blir det arrangert skuleval ved dei vidaregåande skulane i landet. Kan skulevalet gi oss eit hint om korleis det går på valdagen?
Skuledebatt. Det sit ti personar på rekke bak eit bord framfor eit kvitt lerret. Ein person står litt på sida og leier debatten. I framgrunnen sit mange ungdommar i publikum. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er skuleval?

Skuleval er eit prøveval for stortingsval, sametingsval og fylkesval. Veldig mange skular arrangerer òg valtorg og valdebatt med ungdomsrepresentantar frå dei ulike partia i forkant av skulevalet.

Skulevala og opplæring i val, stemmerett og debattar er ein viktig del av demokratiopplæringa i vidaregåande skule. Ved å delta i skuleval øver du deg på å bli ein aktiv medborgar i samfunnet vårt.

Skulane må melde seg på for å kunne arrangere skuleval.

Valtorg og valdebatt

Valtorg og valdebatt er viktige element rundt skulevala. Eit valtorg blir gjerne arrangert for nokre timar eller for ein heil dag. Då står partia på stand på skulane, og dei tek i mot spørsmål og snakkar om sakene dei er opptekne av.

I valdebattar skal skulane velje 2–3 tema som debattane skal dreie seg om. Det er vanleg at elevrådet får vere med på å bestemme tema. Under valdebattane stiller maksimum alle dei ni største partia ved førre stortingsval som har ungdomsparti. Debattleiar er ofte ein elev, og mange fylke gir mogelegheit for litt opplæring i å vere debattleiar.

Valtorg og valdebattar er med på å engasjere elevane og hjelper dei til å velje det partiet dei ønsker å stemme på i skulevalet.

Alle fylka har informasjon om skulevalet, debattar og valtorg. Les til dømes artikkelen "Debatt og valgtorg" på trondelagfylke.no.

Gjennomføring

Hendene på ein blå- og ein raudkledd jakkearm puttar kvar sin stemmesetel i ei stemmeurne. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arbeidet med skulevala er eit samarbeid mellom Utdanningdirektoratet (Udir) og Sikt. Sikt leverer produkt og tenester til utdanning og forsking. Tidlegare var det Norsk senter for forskningsdata (NSD)som hadde ansvaret for skulevala. Dei er no innlemma i Sikt.

Det er Sikt som har ansvar for sjølve gjennomføringa av skulevala. Valet blir gjennomført som urneval, altså slik dei ordinære vala blir haldne. Det betyr at du går inn i eit avlukke, vel stemmesetelen som tilhøyrer partiet du vil stemme på, brettar setelen og går ut og puttar han ned i ei urne.

Sikt gjennomfører òg spørjeundersøkingar blant elevane og heile befolkninga. Desse undersøkingane gir unike data som handlar om kva ungdom tenker rundt ulike samfunnsspørsmål. Du finn skulevalundersøkingane på sikt.no. Her kan du studere data om korleis elevar ved tidlegare val har svart om mellom anna politisk interesse, stemmerett, klima- og miljøvern, innvandring og utanrikspolitikk.

Resultata

Resultata frå skulevala blir gjerne sett på som ein viktig peikepinn på kvar dei yngre veljarane er på veg, og ofte kan vi sjå dei same straumdraga på resultatet frå det ordinære valet veka etter.

Korleis elevane har stemt ved skuleval, blir ofte publisert i media. Du kan finne resultat frå landsoversikt og ned til kvar enkelt skule på skolevalg.nsd.no.

Kjelder

Skolevalg, Sikt. (2023). Henta frå https://sikt.no/skolevalg

Skolevalg, Udir.no. (2023). Henta frå https://www.udir.no/skolevalg

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 13.06.2023

Læringsressursar

Førstegongsveljar: stortingsval