Hopp til innhald

Fagstoff

Hersketeknikker i debattar

Under ein valkamp kan det gå hardt føre seg i debattane. Viss du klarer å gjennomskode triksa politikarane bruker for å vinne, er det òg lettare å gjere seg opp ei meining om sakene som blir diskuterte.

Hersketeknikkar blir brukte for å få overtaket på andre. I debattar kjem dette til uttrykk gjennom ord og kroppsspråk. Tidlegare president i USA, Donald Trump, var kjend for det aggressive handtrykket sitt, som er ei meir fysisk form for hersketeknikk. Sjå videoen under og diskuter: Kva trur du Trump ville oppnå med dette?

Felles løysing eller kamp for å vinne?

I ein diskusjon er det viktig at du lyttar og tek inn over deg argumenta til motstandaren for å utvikle dine eigne tankar om saka. Kanskje de til og med kan kome fram til ei felles løysing på eit problem gjennom å diskutere?

Alle som har sett på TV, veit at debattar i media sjeldan er så fredelege og harmoniske som det vi beskriv her. I politiske debattar er målet ofte å vinne støtta til veljaren. Då kan det vere freistande å ty til knep som øydelegg for motparten, sånn at du står igjen som vinnaren. Ein måte å gjere dette på er å bruke såkalla hersketeknikkar.

Nokre vanlege hersketeknikkar

Menneske som bruker hersketeknikkar, er først og fremst opptekne av å vise at dei har makt. Dei klarer ofte å "vinne" ein diskusjon fordi motparten blir usikker, kanskje til og med redd. Vi skal her sjå nærare på nokre hersketeknikkar som du sikkert kan kjenne igjen. Du har kanskje òg brukt dei sjølv, utan å tenkje over kva du eigentleg gjorde?

Latterleggjering

Nedsetjande kommentarar og personkarakteristikkar kan få motparten til å bli sint og miste fatninga, eller til å bli såra og taus. I begge tilfelle "vinn" den som manipulerer:

"Nei, men kjære deg..."
"Det du seier, er heilt høl i hue!"
"Noko anna er ikkje å vente frå deg. Vi veit då alle at du ikkje er oppteken av miljøet!"

Nedlatande kroppsspråk

Eit nedlatande kroppsspråk er ein annan effektiv måte å forstyrre og såre andre på. Den som ler overdrive, skjer grimasar, himlar med auga og løftar augebryna, gir tydeleg til kjenne at hen ikkje tek den som taler, alvorleg.

Stadige avbrytingar

Ein som til stadigheit avbryt ein person som snakkar, formidlar indirekte: "Eg giddar ikkje å høyre på det du seier. Det eg har å kome med sjølv, er mykje viktigare." Dei fleste blir irriterte når dei aldri får snakke ferdig, og når folk er sinte, tenkjer dei gjerne mindre klart. Dermed får den som avbryt, endå ein fordel i diskusjonen.

Usynleggjering

Det er ein grunnregel i samtalar av alle slag at vi gir kvarandre respons. Viss ingen kommenterer det vi seier, blir vi gjerne usikre og byrjar å lure på om vi har sagt noko uvesentleg eller dumt. Viss dette skjer mange nok gonger, skal det etter kvart mykje til før vi igjen tør å ta ordet. Vi blir "usynlege".

Stråmannsargumentasjon

Kort forklart er stråmannsargumentasjon å forvrengje argumenta til motstandaren på ein sånn måte at du lett kan vinne diskusjonen. Det kan du gjere ved å overdrive, forenkle, setje på spissen eller til og med finne opp argument på vegner av meiningsmotstandarar.

Du diskuterer då mot argument du sjølv har laga, altså mot ein stråmann i staden for mot diskusjonspartnaren din.

Relatert innhald

I denne oppgåva skal du sjå på ein TV-debatt og prøve å kjenne igjen ulike hersketeknikkar.

CC BY-SASkrive av Marion Federl, Eli M. Huseby, Caroline Nesbø Baker og Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 19.05.2021

Læringsressursar

Førstegongsveljar: stortingsval