Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Finn hersketeknikkane!

Klarer du å kjenne igjen hersketeknikkar når du ser dei?



Jonas Gahr Støre og Erna Solberg i debatt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Finn døme!

  1. Sjå på ein TV-debatt og finn døme på tre ulike hersketeknikkar. Du kan sjå på denne partileiardebatten på NRK frå valet i 2019 eller finne ein nyare debatt.

  2. Presenter døma for ein medelev eller for klassen og forklar kvifor dette er ein hersketeknikk.

Oppgåve 2. Diskuter!

  1. Kva skal til for å "vinne" ein debatt, meiner de?

  2. Korleis påverkar hersketeknikkar ein debatt?

  3. Er det greitt å vinne debattar ved hjelp av hersketeknikkar?

  4. Kvifor kan det vere lurt å vere klar over desse teknikkane når du skal sjå ein debatt og gjere deg opp ei meining om ei sak?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 19.05.2021

Læringsressursar

Førstegongsveljar: stortingsval