Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ta valet!

No er tida inne for å kome fram til kva parti du vil røyste på.
Ein blå og ein raud arm puttar røystesetel i ei røysteurne. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Set opp ei liste over dei partia det kan vere aktuelt for deg å røyste på.

  2. Viss du har skrive meir enn eitt parti, må du gjere ei nøyare vurdering for å kome fram til eit endeleg val. Du kan sjå på artikkelen Guide til førstegongsveljaren for å få tips til korleis du kan gå fram for å kome til ein konklusjon.

  3. Når du har kome fram til ein konklusjon, kan du sjå videoen under som forklarer korleis du avlegg røysta di i praksis.

Gratulerer! Du er no ein aktiv del av det norske demokratiet.

Nyttige ressursar til valet

Stortingsval

Fylkestings- og kommunestyreval

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen og Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 04.08.2021

Læringsressursar

Førstegongsveljar: stortingsval