Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Valomatar: Stortingsvalet 2021

Før val dukkar det opp såkalla valomatar i nettavisene. Kor nyttige er slike valomatar?
Oppstartsbilete valomat. Grafikk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gjennomfør valomat

Gjennomfør to ulike valomatar. Du kan bruke to av dei vi har lenkja til her eller finne valomatar andre stader.

NRKs valomat (nrk.no)

Dagbladets valomat (dagbladet.no)

VGs valomat (vg.no)

Aftenpostens valomat (aftenposten.no)

TV2s valomat (tv2.no)

Reflekter/diskuter:

  1. Samanlikn valomatane.

    1. Legg dei vekt på dei same tinga?

    2. Blei resultata like?

    3. Kva likte du best? Grunngi svaret.

  2. Kva kan slike valomatar fortelje oss?

  3. Kva kan valomatane ikkje fortelje oss?

  4. Er det nyttig med valomatar?

  5. Bør ein ta eit val berre basert på ein valomat? Viss ikkje – kva bør ein gjere i tillegg?

  6. Er det betre å røyste basert på ein valomat enn å ikkje røyste i det heile?

Valomatar i framtida

Valomatar kan i framtida bli mykje meir presise og tilpassa kvar individuelle veljar. Yuval Noah Harari spår i boka si "Homo Deus" at algoritmane i framtida kan bli så avanserte og mata med så mykje personleg informasjon, at vi til slutt i stor grad vil overlate viktige avgjerder til datamaskinar, fordi vi tenkjer at dei veit betre enn oss. Dette skjer allereie til ei viss grad, til dømes i val av partnar gjennom dating-appar og val av musikk gjennom personleg tilpassa spelelister i strøymetenestene.

Diskuter: Kva konsekvensar kan det få for demokratiet viss vi i stadig større grad overlèt val av parti til datamaskinar?

Kjelde

Harari, Y. N. (2015). Homo deus. En kort historie om i morgen. Bazar.

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 23.04.2021

Læringsressursar

Førstegongsveljar: stortingsval