Oppgåve
Diskusjon: Algoritmestyrt valkamp
Sosiale medium speler ei sentral rolle i norsk valkamp. Når sosiale medium og algoritmestyrte løysingar styrer politisk marknadsføring, blir kjeldekritikk stadig meir viktig.
Som førstegongsveljar er det mange som kjempar om valrøysta di.
I sosiale medium blir dei politiske bodskapane du blir utsett for, skreddarsydde. Mikromålretting og avanserte algoritmar tek i bruk personleg informasjon du har lagt igjen på ulike nettstader.
I denne oppgåva skal du diskutere og reflektere rundt temaet algoritmestyrt politisk reklame.
Påstand 1
Algoritmestyrt politisk marknadsføring kan få negative konsekvensar for demokratiet.
Påstand 2
Norske styresmakter bør forby målretta, algoritmestyrt politisk reklame.
Finn argument for og mot påstandane over.
Presenter først argumenta dine for personen du sit ved sida av.
Kom med innspel og tilbakemeldingar til kvarandre.
Still opp til klassedebatt der du legg fram argumenta for resten av klassen.