Hopp til innhald

Fagstoff

Dari og norsk

Dari er varianten av persisk som blir snakka i Afghanistan. Farsi er namnet på persisk i Iran. Dari, farsi og persisk er altså ulike namn på variantar av det same språket. Her kallar vi språket "dari" og vil fokusere på forskjellar mellom norsk og dari.
Nærbilete av persisk skriftspråk. Foto.

Før du les

Sjå nærmare på desse fagomgrepa før du les teksten:

Subjekt
Subjektet er den som utfører ei handling i ei setning. I setninga Muhammed drikk vatn (محمد آب مینوشد / minoshad ab Mohammad) er "Muhammed" subjekt.
Verbal
Verbalet er det som skjer i setninga. Verbalet er alltid eit verb. I setninga Muhammed drikk vatn er "drikk" verbalet.
Objekt
Objektet i ei setning er den handlinga er retta mot. I setninga Muhammed drikk vatn er "vatn" objektet.
Forteljande hovudsetningar
Forteljande hovudsetningar er dei vanlegaste setningane som ikkje er spørsmål eller leddsetningar. Vi bruker desse for å fortelje noko: Anna et og Eg må sove.
Fonologi
Fonologi er læra om lydane i eit språk.
Syntaks
Syntaks er reglar for kva rekkefølge orda i ei setning skal komme i.
Konsonant
Konsonantar er språklydar som blir laga ved at tunge, tenner eller leppe stoppar luftstraumen. Døme på konsonantar er M, G og P.
Vokal
Vokalar er språklydar der luftstraumen går fritt gjennom munnen. Han blir ikkje stoppa av lepper, tunge eller tenner. Døme på vokalar er A, E og I.

Om dari

Dari er førstespråket til 24 millionar afghanarar (Theil, 2022). Språket blir dessutan snakka av millionar i Iran (då under namnet farsi) og i Tadsjikistan (tadsjikisk). Også i Pakistan snakkar mange dari. Det er altså eit svært stort språk.

Dari og norsk

Viss vi samanliknar språka dari og norsk – kva er dei aller viktigaste forskjellane vi må legge merke til?

Skriftsystem

Dari blir skrive med det arabiske alfabetet, men med fire ekstra bokstavar. Slik som med arabisk blir dari skrive frå høgre til venstre. Dari skil ikkje mellom små og store bokstavar, slik norsk gjer.

Persisk skrift skriven med svart og blå tusjpenn på eit ark. Foto.

Fonologi – lydar

Vokalar

Dari har åtte vokalar. Dei fleste av desse er dei same som i norsk. Men dei norske vokalane som blir laga med runde lepper (ø, y og u), finst ikkje. Derfor kan desse lydane vere vanskelege å lage for dei som har dari som førstespråk (Husby, s. 40, 2017).

Stavingsstruktur

Sjå på det norske ordet "sprelsk". Dette er eit ord mange med dari som morsmål synest det er vanskeleg å seie. Årsaka er at det er så mange konsonantar etter kvarandre.

I dari er det nemleg uvant å ha mange ulike konsonantar etter kvarandre. Dette blir derfor for ein dari-talande. Til dømes vil ein vanleg kombinasjon på norsk, som S + konsonant (skule) kreve mykje øving (Knudsen & Husby, 2020, s. 157).

Syntaks – setningar

Dari er eit SOV-språk. Det betyr at subjektet skal stå først, så objektet, mens verbet skal stå til slutt: Sara boka les (سارا کتاب می خواند / mikhwanad ketab Sara). Norsk er eit SVO-språk: Sara les boka.

Når vi samanliknar setningar, ser vi alltid på :

V2-regelen

Dari har ikkje så strenge reglar som norsk for plassering av ord. Det kan derfor vere vanskeleg å lære seg reglane i norsk. Spesielt vanskeleg er V2-regelen.

Legg til dømes merke til korleis subjektet (ho) og verbalet (les) byter plass i dei to setningane under:

  • Ho les ei spennande bok for tida. (او در حال خواندن یک کتاب هی جان انگ یز است / Ow dar hale khwandan yak ketab hayejan angiz hast.)

  • For tida les ho ei spennande bok. (در حال او خواندن یک کتاب هی جان انگ یز است / Dar hal ow khwandan yak ketab hayejan angiz ast.)

Dette er V2-regelen: På norsk skal verbalet stå på andreplass i forteljande hovudsetningar. Derfor byter subjektet "ho" og verbalet "les" plass i den andre setninga. Årsaka er at adverbialet "for tida" er flytta fram.

Mange som har dari som førstespråk, vil seie: For tida ho les ei spennande bok.

Ikkje!

På norsk er det òg strenge reglar for kvar ordet "ikkje" skal stå i ei setning. Sjå på dette dømet og legg merke til korleis "ikkje" flyttar plass:

  1. Han søv ikkje for tida. (او در حال حاضر خواب نیست / Ow dar hal hazer khwab nist.)

  2. For tida søv han ikkje. (در حال حاضر او خواب نیست / Dar hal hazer ow khwab nist.)

  3. Han er trøtt fordi han ikkje søv for tida. (او خسته است زیرا در این مواقع نمی خوابد / Ow khasta ast zera dar in mowaqe nami khwabat.)

Så regelen er:

  1. I hovudsetningar med subjektet først skal "ikkje" stå etter verbalet.

  2. Men viss eit anna ledd enn subjektet står først, skal "ikkje" stå etter subjektet.

  3. I skal "ikkje" stå framfor verbalet.

Meir om "ikkje" og andre setningsadverbial

Les meir om "ikkje" og andre setningsadverbial i artikkelen "Kva er eit setningsadverbial?"

Det er mykje å halde styr på for darisktalande, som har ein mykje enklare måte å nekte på, nemleg ved bruk av ordet "":

!

Dari har ikkje eit eige ord for nekting. I staden er det "" som viser nekting: reftem. Du kan dele det opp slik: -ræft-em: "ikkje-drog eg" (Husby, s. 46, 2017). Dette lille prefikset har fast plass først i verbet og blir ikkje flytta rundt på forskjellige stader slik det blir på norsk.

Ordklassar

Verb

Person som hoppar over ordet verb. Illustrasjon.

På norsk blir ikkje verb bøygde etter person og tal. Det heiter: Eg er, du er, dei er. I dari endrar verbet seg etter kven som er i setninga: Hastam (eg er), hastid (du er), hastand (dei er). I dari blir verb altså bøygde både i person og tal (من هستم شما هستید او هست).

Subjektstvang

La du merke til at du på persisk berre treng eitt ord (hastam), der norsk bruker to ord (eg er)?

Årsaka til dette er:

  1. Norsk har noko som heiter subjektstvang. Det betyr at ei setning ha eit subjekt for å vere grammatisk riktig. Det går ikkje an å skrive "regnar" eller "går bra". I staden blir "det" brukt som subjekt: Det regnar og Det går bra.

  2. Persiske verb blir bøygde etter person og tal. Dermed kan vi sjå på endinga på verbet kven som er. Står det hastam, veit vi at det viser tilbake til "eg", står det hastid, viser det tilbake til "du".

Substantiv

Måten norsk bøyer substantiv på, er meir komplisert enn i dari. Årsaka er:

  1. Dari har ikkje kjønn på substantiva. Norsk har tre kjønn: hankjønn, hokjønn og inkjekjønn. I dari blir nesten alle substantiv bøygde likt. Norsk bøyer substantiv i bestemtheit og tal, og bøyingane blir bestemde av kjønnet til substantivet. Dette gir mange ulike former av substantivet, noko dei med dari som førstespråk ikkje er vane med.

  2. Dari har ikkje ubestemt eller bestemt form av substantiv. På norsk heiter det Eg har ei bok. Boka ligg der (من یک کتاب دارم .کتاب آنجاست /
    Man yak ketab daram. Ketab anjast.) Dari har verken ubestemt artikkel (ein/ei/eit) eller bestemt form av substantiv (boka).

Oppsummering

Dette er det viktig å øve på om du har dari som morsmål:

  • norske vokalar, spesielt Ø, Y og U

  • ord med mange konsonantar etter kvarandre: Sprelsk, skule, skvette

  • V2-regelen

  • plassering av ikkje

  • det-setningar

  • bøying av substantiv

  • bestemtheit

Kjelder

Husby, O. (2017). Innvandrernes morsmål. Vigmostad & Bjørke AS.

Husby, O. (2011). Dari på en time. Henta frå https://www.slideshare.net/OlafHusby1/dari-bakgrunn

Slinning Knudsen, C. & Husby, O. (2020). Uttaleundervisning. Fagbokforlaget.

Theil, R. Dari. I Store norske leksikon. Henta 28. september 2023 frå https://snl.no/dari

Relatert innhald

Å forstå V2-regelen er viktig for å lære seg norsk. I denne artikkelen får du ei innføring i regelen og skal sammanlikne norsk med førstespråket ditt.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 11.09.2023

Læringsressursar

Samanlikning av språk