Hopp til innhald

Fagstoff

Ukrainsk og norsk

Ukrainsk og norsk er i slekt. Dei to språka høyrer begge til den indoeuropeiske språkfamilien. Derfor har dei nokre likskapar. Men sidan norsk og ukrainsk ikkje er i nær slekt, er det òg nokre viktige forskjellar mellom dei. Det er desse du kan lese meir om her.
Slektskapet mellom dei indoeuropeiske språka presenterte i form av eit tre med mange større og mindre greiner. Illustrasjon.

Før du les

Sjå nærare på desse fagomgrepa før du les teksten:

Fonologi
Fonologi er læra om lydane i eit språk.
Vokal
Vokalar er språklydar der luftstraumen går fritt gjennom munnen. Han blir ikkje stoppa av lepper, tunge eller tenner. Døme på vokalar er A, E og I.
Syntaks
Syntaks er reglar for kva rekkefølge orda i ei setning skal komme i.
Subjekt
Subjektet er den som utfører ei handling i ei setning. I setninga Andrij drikk vatn (Андрій п'є вод) er "Andrij" subjekt.
Verbal
Verbalet er det som skjer i setninga. Verbalet er alltid eit verb. I setninga Andrij drikk vatn er "drikk" verbalet.
Objekt
Objektet i ei setning er den handlinga er retta mot. I setninga Andrij drikk vatn er "vatn" objektet.
Forteljande hovudsetningar
Forteljande hovudsetningar er dei vanlegaste setningane som ikkje er spørsmål eller leddsetningar. Vi bruker desse for å fortelje noko: Anna et (Анна їст) og Eg må sove (Мені потрібно поспат).
Substantiv
Substantiv er ein ordklasse for ting (eit bord – стіл), fenomen (eit lyn – блискавка) og personar (ein mann – чоловік).
Verb
Verb er ein ordklasse som beskriv noko som skjer, ei handling (å hoppe – стрибати, å sove – спати).

Om ukrainsk

Ukrainsk er i nær slekt med kviterussisk og russisk. Språka er ganske like. Dei fleste ukrainarar forstår russisk, men den viktigaste årsaka til dette er nok at dei fleste ukrainarar er . Dei har høyrd både ukrainsk og russisk som barn.

Ukrainsk og norsk

I denne teksten er det først og fremst forskjellane mellom ukrainsk og norsk du skal lese om. Norsk er eit germansk språk, mens ukrainsk er slavisk. Så sjølv om språka er i slekt, er det viktige forskjellar i både uttale og grammatikk.

Fonologi – lydar

Vokalar

Biletet viser kvar dei norske vokalane oppstår i munnhòla vår. I, E og Æ oppstår langt framme, O og Å langt bak og Y, U, Ø og A oppstår midt i munnhòla. Illustrasjon.

Ukrainsk har seks vokalar, mens norsk har ni. Dei norske vokalane ø, y og u finst ikkje i ukrainsk. Derfor kan desse lydane vere vanskelege å seie for dei som har ukrainsk som førstespråk. Det desse vokalane har felles, er at dei blir laga ganske langt framme i munnen med runda lepper.

Lengde på norske vokalar

Norske vokalar kan vere lange eller korte, og eit ord kan ha ulik betydning alt etter om det blir uttalt med kort eller lang vokal. Sjå til dømes på desse orda:

  • gul – gull

  • tak – takk

  • pute – putte

Orda til venstre (gul, tak og pute) blir uttalte med lang vokal. Orda til høgre (gull, takk og putte) skal du seie med kort vokal. Det er altså berre lengda på vokalane som skil desse orda, som betyr heilt ulike ting. Legg merke til at ord som skal ha kort vokal som hovudregel blir skrivne med dobbelt konsonant. Det kan hjelpe deg med å uttale ordet rett.

Mange meiner at norsk faktisk har 18 vokalar, ikkje 9. Årsaka er at det både er lange og korte vokalar.

To stripete puter på ei oppredd seng. Foto.

Ukrainske vokalar har ikkje ulik lengde

I ukrainsk blir ikkje lengde på vokalar brukt til å lage ulike ord. Derfor synest mange med ukrainsk som førstespråk at det er vanskeleg å høyre forskjell på til dømes "pute" og "putte". Mange ukrainsk-talande uttalar ord med feil vokallengde.

I tillegg kan ukrainarar som lærer seg norsk, synast det er vanskeleg å skilje mellom enkel og dobbelt konsonant når dei skriv. Årsaka er jo at norsk viser skiljet mellom lang og kort vokal med enkel og dobbelt konsonant.

Syntaks – setningar

Både norsk og ukrainsk er SVO-språk. Det betyr at subjektet skal stå først, så verbalet, mens objektet skal stå til slutt: Sara les ei bok (Сара читає книгу). Når vi samanliknar setningar, ser vi alltid på

Men norsk har strengare reglar enn ukrainsk for kvar orda skal stå i setninga. Ukrainsk har veldig fri ordstilling. Derfor kan norske syntaksreglar vere vanskelege å lære. Eitt døme er V2-regelen.

V2-regelen

Kva er V2-regelen? Jo, det er ein regel for kva plass verbet skal ha i norske setningar. Legg merke til korleis subjektet "Marko" og verbalet "les" byter plass i dei to setningane under.

  • Marko les ei spennande bok for tida. (Марко читає захоплюючу книгу наразі.)

  • For tida les Marko ei spennande bok. (Наразі Марко читає захоплюючу книгу.)

Dette er V2-regelen: På norsk skal verbalet stå på andreplass i forteljande hovudsetningar. Derfor byter subjektet "Marko" og verbalet "les" plass i den andre setninga. Årsaka er at "for tida" er flytt fram.

Slik er det ikkje på ukrainsk. Der byter ikkje verbalet og subjektet plass. Mange med ukrainsk som førstespråk vil derfor seie: For tida Marko les ei spennande bok.

Ordklassar

Substantiv

Substantiv stabla oppå kvarandre. Illustrasjon.

Norsk og ukrainsk har begge tre kjønn på substantiva: hankjønn, hokjønn og inkjekjønn. Men ein viktig forskjell mellom norsk og ukrainsk er at norsk har artiklar og bestemtheit, mens ukrainsk ikkje har det.

Artiklar

På norsk vil vi seie: Eg ser ein katt og ei ku i eit hus (Я бачу кота і корову в хаті). Alle substantiva har ein framfor seg: "Ein" framfor substantivet "katt" fordi "katt" er hankjønn, "ei" framfor "ku" fordi "ku" er hokjønn, og "eit" framfor "hus" fordi "hus" er inkjekjønn.

Ukrainsk har ikkje artiklar. I staden vil dei seie: Я бачу кота / Ja batsju ko (Eg ser katt). Derfor kan mange ukrainsk-talande gløyme artikkelen. I tillegg er det få reglar for å finne ut kva kjønn norske substantiv har. Då kan det vere vanskeleg å vite om eit substantiv skal ha artikkelen "ein", "ei" eller "eit" framfor seg.

Bestemtheit

Norsk skil mellom bestemd og ubestemd form av eit substantiv.

Vi kan sjå på dømet: Eg ser ein katt. Katten er svart (Я бачу кота. Кіт чорни). I den første setninga står substantivet "katt" i ubestemd form (katt). I den neste setninga står "katt" i bestemd form (katten).

På norsk viser altså endinga på substantivet at det står i bestemd form (katten). Substantivet skal stå i bestemd form når det er kjent frå før. I setninga over er "katt" nemnd for første gong i den første setninga (Eg har ein katt). Då står substantivet i ubestemd form med ubestemd artikkel framfor. Det er nemleg ny informasjon.

I den andre setninga kjenner vi allereie til katten. Då må det stå i bestemd form (katten).

Bestemtheit er vanskeleg for mange med ukrainsk som førstespråk. Årsaka er at ukrainsk ikkje viser bestemtheit med ei ending på substantivet. Ordet "katt" vil altså ha same form sjølv om det er ny eller kjend informasjon. Endringar på ordet "katt" (кота/Кіт) kjem av kasus, ikkje bestemtheit.

Verb

Person som hoppar over ordet verb. Illustrasjon.

Måten norsk fortel om noko som har skjedd (fortid) på, kan vere vanskeleg for ukrainsk-talande. For kva er eigentleg forskjellen i innhaldet i desse to setningane der verba kjøpte og har kjøpt begge står i fortid?

  1. Han kjøpte boka. (Він купив книгу.) (preteritum)

  2. Han har kjøpt boka. (Він купив книгу.) (presens perfektum)

Ukrainsk har ikkje presens perfektum. Derfor kan du ofte høyre ein med ukrainsk som førstespråk seier: Eg har vore i Oslo i går. Der var eg mange gonger tidlegare. (Я був в Осло вчора. Я бував там багато разів раніше). Det rette hadde vore Eg var i Oslo i går. Der har eg vore mange gonger tidlegare.

Så kva er eigentleg regelen?

Det aller viktigaste å legge merke til er:

  1. Vi bruker preteritum når det er handlinga i fortid vi er opptekne av: Eg åt middag klokka sju i går.
    Hugseregel: Det er vanlegvis eit tidsadverb (klokka sju i går) med når vi bruker preteritum.

  2. Vi bruker presens perfektum når handlinga er viktig for notida: Eg har ete middag (som i: Nei takk, eg vil ikkje ha mat. Eg har allereie ete.)

  3. Vi bruker presens perfektum når vi snakkar om noko som har vart over tid og som ikkje er avslutta: Eg har budd i Tromsø i eit år (og eg bur der framleis).

Fleire døme:

Preteritum:

  • Eg var på skulen heilt til klokka fire på måndag. (Dette er ein avslutta handling, fokus på handling.)

  • Eg spelte fotballkamp på måndag. (Dette er ein avslutta handling, fokus på handling.)

Presens perfektum:

  • Eg har vore heime sidan klokka ni. (Dette er ein ikkje-avslutta handling som har gått over tid.)

  • Eg har spelt fotballkamp. Derfor er eg sveitt. (Dette er ein avslutta handling, fokus på konsekvens for notid.)

Oppsummering

Dette er det viktig å øve på om du har ukrainsk som førstespråk:

  • norske vokalar, spesielt Ø, Y og U

  • forskjellen på lange og korte vokalar

  • V2-regelen

  • artiklar og bestemtheit

  • forskjellen på preteritum og presens perfektum

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 25.09.2023

Læringsressursar

Samanlikning av språk