Hopp til innhald

Fagstoff

Syntetiske og analytiske språk

Vi seier at språk er analytiske, syntetiske eller noko midt imellom. For å finne ut om førstespråket ditt er syntetisk eller analytisk, må du studere morfologien til språket ditt. Morfologi fortel korleis språk lagar nye ord, og korleis ord blir bøygde.
Syntetisk og analytisk struktur. Illustrasjon.

Før du les

Sjå nærare på desse fagomgrepa før du les teksten:

Morfem
Morfem er den minste delen av eit ord som har meining. Til dømes: Ordet "politimann" er bygd opp av to morfem: politi + mann.
Morfologi
Morfologi er læra om korleis ord blir bøygde og laga. Til dømes kan vi seie om norsk morfologi at nye ord blir laga ved å setje saman morfem: jul + tre = juletre.
Bøyingsmorfem
Bøyingsmorfem er morfem som gir informasjon om grammatikk, til dømes om noko er fleirtal av substantiv (gutar) eller fortid av verb (reiste). Her er "-ar" og "-te" bøyingsmorfem.
Suffiks
Suffiks er morfem som kjem i slutten av ordet. Til dømes: I ordet underviste er bøyingsmorfemet "-te" eit suffiks.

Introduksjon

Ein måte å samanlikne språk på er å studere korleis språket lagar nye ord og bøyer ord. Vi ser då på morfologien. Sentrale spørsmål når du skal samanlikne eit språk sin morfologi, kan vere:

  • Korleis lagar språket fleirtal av ?

  • Korleis lagar språket nye ord?

  • Korleis viser språket eigedomsforhold – altså kven som eig kva?

Døme på svar

Korleis lagar språka fleirtal av substantiv?

  • Norsk lagar oftast fleirtal av substantiv ved å legge til eit : Ein gut – fleire gutar. Suffikset "-ar" gir altså informasjon om tal.

  • Kinesiske substantiv blir ikkje bøygde i tal. Kinesiske substantiv forandrar seg aldri. Dei kan ikkje få suffiks, slik som i norsk.

  • Arabisk lagar oftast fleirtal ved å forandre vokalen inni ordet: kitab – kutub: ei bok – fleire bøker (Hvenekilde, 1990, s. 77).

Når vi ser vi på morfologien på denne måten, finn vi ut om eit språk er syntetisk eller analytisk. Det er eit viktig skilje når vi samanliknar språk.

Analytiske språk

Det som er typisk for analytiske språk, er at dei har mange korte ord, og at desse ikkje forandrar seg.

Eit døme på eit analytisk språk er vietnamesisk. Samanlikn til dømes setningane på norsk og vietnamesisk under. Verba har tjukk skrift:

Verb på norsk og vietnamesisk

Norsk

Vietnamesisk

Presens: Eg reiser til OsloTôi đi Oslo
Preteritum: Eg reiste til OsloTôi đi Oslo
Futurum: Eg skal reise til OsloTôi đi Oslo

Det norske verbet forandrar altså form i notid (reiser) og fortid (reiste). Men på vietnamesisk forandrar ikkje verbet form. Det heiter đi i alle tidene av verbet.

Analytiske språk bruker heller småord for å seie det same som syntetiske språk seier ved å forandre på sjølve ordet.

Utdjuping

Men legg merke til noko viktig: På norsk lagar vi futurum, altså framtid, analytisk. Vi legg nemleg til verbet "skal" til "reise": "skal reise". I andre språk, som italiensk, blir futurum laga ved å legge til eit suffiks, slik: "Eg snakkar": "parlo". "Eg skal snakke": "Parlerò", der endingane "o" og "erò" er suffiks.

Så samanlikna med italiensk er norsk verbbøying meir analytisk, men vietnamesisk er absolutt vinnaren av analytiske språk her.

Bøyer du verb i tid på førstespråket ditt?

Omset dei tre setningane på norsk i tabellen over til førstespråket ditt. Studer kva som skjer med verba. Trur du at førstespråket ditt er analytisk? Bruk det du har lært om analytiske språk for å grunngi svaret ditt.

Syntetiske språk

Vi skil mellom to typar syntetiske språk: agglutinerande og flekterande.

Agglutinerande språk

Agglutinerande språk har ofte lange ord. Årsaka er at eit ord kan fortelje veldig mykje. Sjå til dømes på forskjellen mellom norsk og tyrkisk i dømet under:

  • Tyrkisk: "Kitaplarımızda" ("I bøkene våre")

  • Norsk: "I bøkene våre"

Norsk har tre ulike ord: "I bøkene våre". Tyrkisk har berre eit ord for å seie det same, men fire ulike morfem i dette ordet.

Tyrkisk er altså typisk for agglutinerande språk: Mange ulike morfem blir limte etter kvarandre på eit ord. Vi kan illustrere forskjellen slik:

Syntetisk og analytisk struktur. Illustrasjon.

Flekterande språk

Ein annan type syntetisk språk er flekterande språk. Men kva er eigentleg forskjellen på flekterande og agglutinerande språk?

Flekterande språk limer ikkje morfema på slutten av ordet, slik agglutinerande språk gjer. I staden forandrar bokstavane i ordet seg.

Eit døme på norsk: No syng eg, men i går song eg ikkje. Det norske verbet "å synge" har flekterande bøying, sidan vokalendringa midt i ordet fortel om tid. "Syng" betyr notid, mens "song" betyr fortid.

Flekterande bøying i arabisk

Nærbilete av arabisk skriftspråk. Foto.

Vi kan òg sjå på eit døme frå arabisk. Det som er spesielt med arabisk, er at dei fleste orda har tre konsonantar. Dette kallar vi ei konsonantrot. Konsonantrota K-T-B blir til dømes brukt i ord som har noko med skriving å gjere.

Ved å legge til vokalar mellom desse konsonantane kan ordet få mange ulike betydningar:

  • Kitab: Bok

  • Kutub: Bøker

  • Kataba: Han skreiv.

  • Maktab: Ein stad der ein skriv (kontor)

(Mejdell, 1990, s. 70)

Norsk – både agglutinerande og flekterande

Norsk har både agglutinerande og flekterande trekk. Når vi "limer" på ei ending på eit verb for å vise fortid, er det agglutinerande: Å reise – i går reiste. Slike suffiks er den vanlegaste måten å bøye verb og substantiv på på norsk.

Men når vi forandrar vokalen inni ordet, er det flekterande: Å synge – i går song. Denne omlyden kjenneteiknar sterk bøying i norsk substantiv- og verbbøying.

Test førstespråket ditt

Tenk over korleis du bøyer verb i tid og substantiv i tal på førstespråket ditt. Kan du finne agglutinerande eller flekterande trekk?

Du kan til dømes prøve å omsetje desse setningane:

  • Eg sit på bordet.

  • I går sat eg på bordet.

  • Ein gut ser på gutane på andre sida av gata.

Er norsk analytisk eller syntetisk?

Viss du kjem frå Vietnam eller Kina, vil du nok oppleve norsk som syntetisk. Det er mange bøyingsformer å lære når førstespråket ditt er analytisk. Men om du kjem frå Tyrkia, vil du vere van med å bøye ord. Då vil du nok synast at norsk er eit analytisk språk.

Norsk er nemleg eit svakt syntetisk språk. Det betyr at norsk er litt meir syntetisk enn analytisk. Norsk har ein del flekterande trekk (ein mann – fleire menn), men hovudregelen er at suffiks gir grammatisk informasjon (ein gut – fleire gutar). Det er altså meir agglutinerande enn flekterande.

Ingen språk er berre syntetiske eller analytiske, men vi kan plassere dei på ei linje slik:

Syntetisk og analytisk språklinje. Illustrasjon.

Er førstespråket ditt syntetisk eller analytisk?

I denne artikkelen har du sett mange døme på norsk, arabisk, tyrkisk og vietnamesisk. Omset dei til førstespråket ditt.

Klarer du å finne ut om førstespråket ditt er syntetisk eller analytisk?

Viss førstespråket ditt er eit av dei som allereie er skrive om, kan du studere eit anna språk du kan.

Kjelder

Hvenekilde, A. & Ryen, E. (Red.). (1984). Kan jeg få ordene dine, lærer. J.W. Cappelens forlag.

Mejdell, G. (1990). Arabisk – norsk kontrastiv grammatikk. I Hvenekilde, A. (red): Med to språk. Oslo: Cappelen.

Skalstad J.R. (2020). Norsk som målspråk for elever med arabisk som morsmål. [Masteroppgave, Universitetet i Agder]. Henta frå https://uia.brage.unit.no/uia-xmlui/bitstream/handle/11250/2683795/June%20Risdal%20Skalstad.pdf?sequence=1&isAllowed=y

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 21.08.2023

Læringsressursar

Samanlikning av språk