Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsk på språket ditt

Her vil du få gode tips om korleis du skal gå fram for å forske på førstespråket ditt.
Hand som held forstørringsglas med  fleire menneske i. Foto.

Dette er ein læringssti om å samanlikne førstespråket ditt med norsk. Gå til artikkelen "Presenter ei samanlikning av førstespråket ditt og norsk" for å komme til første steg i stien.

Korleis skal eg gå fram?

Første steg er å samle inn stoff. Lag notat i eit dokument på pc-en din, eller skriv i ei skrivebok.

Viss førstespråket ditt er arabisk, dari, kinesisk, tigrinja, polsk eller ukrainsk, kan du få god hjelp i desse artiklene:

Arabisk og norsk

Dari og norsk

Tigrinja og norsk

Ukrainsk og norsk

Polsk og norsk

Del 1: Språkfamilie

Det indoeuropeiske språktreet. Illustrasjon.

Finn ut kva for ein språkfamilie norsk og førstespråket ditt høyrer til. Finn gjerne nokre bilete du kan bruke som viser kva språk førstespråket ditt er i familie med.

Del 2: Syntaks og kasus

Finn ut om du snakkar eit SVO-språk, eit SOV-språk eller noko anna. Finn òg ut om førstespråket ditt har kasus. Samanlikn deretter ordstillinga og kasus med norsk.

I artikkelen "Leddstilling og kasus" kan du lære meir om syntaks og kasus.

Tips:

  • Omset setninga "Sara et pizza" til førstespråket ditt. Då finn du ut kva rekkefølge ledda skal komme i.

  • Finn ut om førstespråket ditt har kasus ved å omsetje desse tre setningane til førstespråket ditt: 1) Hunden bit meg. 2) Eg liker hunden. 3) Eg gir hunden eit bein. Endrar ordet "hund" form? Då er det gode sjansar for at språket ditt har kasus.

  • Har språket ditt friare ordstilling enn norsk? Viss det er slik – prøv å lage to døme som viser dette.

Til inspirasjon

Kvifor syntest journalist Sissel Wold det var så vanskeleg å lære tyrkisk? Sjå intervjuet med henne i Eides språksjov. Ei viktig årsak var nemleg forskjellen på norsk og tyrkisk syntaks.


Del 3: Fonologi – lydar

Kva er dei viktigaste forskjellane når det gjeld uttale i førstespråket ditt og norsk? Legg vekt på:

  • Kor mange vokalar er det i førstespråket ditt? Og kva for nokre? Kva for vokalar finst på norsk, men ikkje i førstespråket ditt? Gjer dette at det er vanskeleg for deg å seie desse?

  • Er det nokon konsonantar som finst på førstespråket ditt, men ikkje på norsk?

  • Kva for norske konsonanter er vanskeleg for deg å uttale? Er dette på grunn av at konsonantane ikkje finst i førstespråket ditt?

  • Korleis er i førstespråket ditt og norsk? Mange synest det er vanskeleg å uttale norske ord med mange forskjellige konsonanter saman (sprelle og skvette). Dette kan skyldast at førstespråket deira ikkje kan ha så mange konsonantar etter kvarandre.

Til inspirasjon:

Sjå gjerne episoden "Norsk språk med bosnisk blikk" fra Eides språksjov. Her er det både morosame tankar om det norske språket og ei forklaring på korleis språket walisisk har lydar som høyrest ut som ein katt som fresar.

Del 4: Syntetisk eller analytisk språk?

Når vi skal samanlikne språk, bruker vi ofte fagomgrepa "syntetisk" eller "analytisk". Finn ut om norsk og førstespråket ditt er syntetiske eller analytiske språk.

Det er mykje forskjellig du kan snakke om når det gjeld bøying av ord. Under ser du nokre spørsmål du kan ta utgangspunkt i.

  • Norsk bøyer ikkje verb etter person (Eg løper, du løper...). Gjer førstespråket ditt det? Samanlikn ved å bruke døme.

  • Norsk lagar fortid (preteritum) av verb oftast med (løpte). Gjer førstespråket ditt det?

  • blir òg brukt for å vise om substantiv er eintal og fleirtal (bil – bilar). Er det sånn på førstespråket ditt?

I artikkelen "Syntetiske og analytiske språk" kan du lære meir om analytiske og syntetiske språk og morfologi.

Del 5: Det rare!

Viss du skal fortelje om noko som er spesielt med språket ditt, kva vil du snakke om då? Tenk over om du kan finne nokre som klassen synest det kan vere morosamt å høyre om.

Eit døme:

Mange vil synast toner i kinesisk er både spesielt og morosamt. Sjå meir om dette i intervjuet med Lei Wang Hodneland i Eides språksjov på NRK (04:37–11:55).

Legg òg merke til korleis måten norsk og kinesisk bruker tonem på, blir samanlikna i klippet.

Til inspirasjon

Sjå intervjuet med Irene Kinunda i Eides språksjov. Ho fortel korleis ved norsk, som førte til morosame misforståingar då ho skulle lære norsk.

Gå vidare i læringsstien din for å få tips om korleis du kan lage presentasjonen.

Relatert innhald

Hald ein presentasjon der du samanliknar morsmålet ditt med norsk. Her får du gode tips om korleis du skal forme presentasjonen.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 01.12.2023

Læringsressursar

Samanlikning av språk