Hopp til innhald

Fagstoff

Arabisk og norsk

Kva er dei viktigaste forskjellane mellom det arabiske og det norske språket? I denne teksten vil du få ei kort innføring i dei viktigaste forskjellane. Kanskje kan nokon av ulikskapane forklare kva dei med arabisk som førstespråk synest er vanskeleg i norsk?
Nærbilete av arabisk skriftspråk. Foto.

Før du les

Sjå nærmare på desse fagomgrepa før du les teksten:

Fonologi
Fonologi er læra om ulike lydar i språket.
Vokalar
Vokalar er språklydar der luftstraumen går fritt gjennom munnen. Han blir ikkje stoppa av lepper, tunge eller tenner. Døme på vokalar er A, E og I.
Konsonantar
Konsonantar er språklydar som blir laga ved at tunge, tenner eller leppe stoppar luftstraumen. Døme på konsonantar er M, G og P.
Setningsledd
Setningsledd er ein del av ei setning. Leddet kan bestå av eitt eller fleire ord. Setninga Guten åt eit kokt egg (مسلوقة بيضة أكل الولد) har tre setningsledd: "Guten" er subjekt, "åt" er verbal, og "eit kokt egg" er objekt.
Subjekt
Subjektet er ofte setningsleddet som viser kven eller kva som gjer noko: Nina kjøpte skjerfet i går (أمس الوشاح اشحرت نينا). I denne setninga er "Nina" subjektet.
Verbal
Verbalet er setningsleddet som viser handling: Nina kjøpte skjerfet i går. I denne setninga er "kjøpte" verbalet.
Objekt
Objektet er setningsleddet handlinga er retta mot: Nina kjøpte skjerfet i går. I denne setninga er "skjerfet" objektet.

Om arabisk

Omtrent 300 millionar menneske har arabisk som førstespråk, men mange har det òg som andrespråk (Dorren, 2021, s. 283). Koranen er skriven på arabisk. Derfor blir språket sett på som hellig i islam. Det er eit semittisk språk, som er i slekt med tigrinja, amharisk og tigre.

Historisk kart over korleis islam blei spreidd på 700-talet. Religionen oppstod i Midtausten, spreidde seg til Nord-Afrika og vidare til Spania.

Standardarabisk og arabiske dialektar

Arabisk er førstespråk til menneske heilt frå Sudan til Irak. Det er derfor stor forskjell på til dei som snakkar arabisk.

Men alle som snakkar arabisk, lærer same type arabisk på skulen. Dessutan blir arabisk brukt i aviser over heile den arabiske verda. Denne forma for arabisk heiter standardarabisk. Standardarabisk har forandra seg lite og liknar mykje på språket Koranen blei skriven på på 600-talet.

Ei hand følger linjene i Koranen mens nokon les. Foto.

Arabisk og norsk

Viss vi samanliknar språka arabisk og norsk – kva er dei aller viktigaste forskjellane vi må legge merke til?

Skriftsystem

Det arabiske alfabetet har 28 teikn. I motsetning til norsk blir det skrive frå høgre til venstre. Det er vanleg å ikkje markere korte vokalar i arabisk skrift. Dessutan har ikkje arabisk noko skilje mellom små og store bokstavar.

Fonologi – lydar

Biletet viser kor dei norske vokalane oppstår i munnhola vår. I, E og Æ oppstår langt framme, O og Å langt bak, og Y, U, Ø og A midt i munnhola. Illustrasjon.

Vokalar

Mange med arabisk som førstespråk synest vokalane er noko av det vanskelegaste å lære seg i norsk. Årsaka kan vere at arabisk har så få vokalar. I arabisk er det nemleg berre tre, mens norsk har ni!

  • Vokalar i arabisk: A, I og O

  • Vokalar i norsk: A, E, I, O, U, Y, Æ, Ø og Å

Det betyr ikkje at dei med arabisk som førstespråk berre bruker tre vokalar når dei snakkar. Til dømes blir a-en av og til uttalt som æ og av og til som e i arabiske ord. Dessutan har ikke arabisk lydane y, ø og u. Desse lydane kan derfor vere vanskelege for ein arabisktalende som skal lære seg norsk.

Derfor vil kanskje ein med arabisk som førstespråk skrive: Eg orkar ikkje ridde. Eg har fiber i staden for Eg orkar ikkje rydde. Eg har feber. Årsaka er at hen har problem med å høyre forskjell på i, e og y.

Konsonantar

Arabisk har 28 konsonantar, altså mange fleire enn dei 20 konsonant-lydane i norsk. Men arabisk har ikkje lydane g, p og v. Derfor kan det vere vanskeleg for dei med arabisk som førstespråk å seie ord som "gris" (خنزير), "pai" (فطيرة) og "vatn" (ماء).

Syntaks – setningar

Ein blå, ein raud og ein lilla trekloss med bokstavane S, V og O. Foto.

Norsk er eit utan . Det betyr at norsk har ganske strenge reglar for kva rekkefølge orda skal komme i. I har vi SVO-ordstilling. Det betyr at skal stå før , mens skal stå etterpå (Nina kastar ballen).

Arabiske dialektar har ofte SVO-ordstilling, akkurat som norsk. I dialektane er det lite kasus, slik som i norsk. Men i standardarabisk er det ei VSO-ordstilling (Kastar Nina ballen). Standardarabisk har tre kasus.

V2-regelen

Eit ved norsk er det som heiter V2-regelen. Det betyr at på norsk skal verbet stå på andreplass i forteljande heilsetningar:

  • Adam et pizza i dag. (- اليوم بيحزا يأكل آدم).

  • I dag et Adam pizza. (بيحزا آدم يأكل اليوم).

Som du ser, beheld verbet "et" andreplassen når "i dag" flyttar fram på førsteplass. Slik er det ikkje på arabisk. Derfor kan du ofte høyre personar som har arabisk som førstespråk seie I dag Adam et pizza.

Setningsledd i det norske språket: subjekt, verbal, objekt og adverbial. Eksempelsetningar: "Adam et pizza i dag" og "I dag et Adam pizza". Illustrasjon.

Teiknsetjing

Norsk har strenge reglar for når det skal vere punktum og komma i ei setning. Slik er det ikkje i arabisk. Derfor synest mange med arabisk som førstespråk at det er vanskeleg å forstå kor dei skal setje punktum, og kor dei skal setje komma.

Ordklassar

Substantiv

Substantiv stabla oppå kvarandre: ei bok, ein bil og eit eple. Illustrasjon.

På norsk kan eit substantiv stå i bestemt eller ubestemt form. Når ordet er ubestemt, har vi vanlegvis den ubestemte artikkelen (ein, ei eller eit) framfor. Når det står i bestemt form, har vi endinga -en, -a eller -et bakarst. Kva for ein artikkel, og kva for ei ending du skal bruke, avheng av kjønnet:

Hankjønn: Ein gut (ubestemt) – guten (bestemt)

Hokjønn: Ei jente (ubestemt) – jenta (bestemt)

Inkjekjønn: Eit hus (ubestemt) – huset (bestemt)

På arabisk blir bestemt form laga ved at artikkelen el/l blir sett framfor substantivet. Ordet bāb (باب) betyr "dør", mens "døra" (الباب) blir skriven slik: l-bāb. Substantivet endrar altså ikkje form, slik det gjer på norsk.

På arabisk er det ikkje vanleg å bruke ubestemt artikkel (ein, ei eller eit) framfor substantivet i ubestemt form. Derfor vil mange med arabisk som førstespråk seie : Eg kjenner gut. Der er gut. (أأرر لدا. هذا هو الولد).

Verb

Person som hoppar over ordet verb. Illustrasjon.

På norsk er det tre måtar å fortelje om på. I døma under er det verba åt, har ete og hadde ete som fortel om fortid:

  • Eg åt middag (preteritum).

  • Eg har ete middag (presens perfektum).

  • Eg hadde ete middag (preteritum perfektum).

Slik er det ikkje på arabisk. Der blir det berre brukt ei form av verbet for å fortelje om fortid (l-ma:di). Derfor er det vanleg at arabisktalande blandar saman dei ulike måtane å lage fortid på. Særleg vanleg er det å blande preteritum og presens perfektum. Døme kan vere:

  • Eg åt middag allereie.

  • Eg har ete i går.

Oppsummering

Dette er det spesielt viktig å øve på om du har arabisk som morsmål:

  • norske vokalar, spesielt Ø, Y og U

  • V2-regelen

  • teiknsetjing, spesielt punktum etter heilsetning

  • bestemtheit

  • forskjellen på preteritum og perfektum

Kjelder

Mejdell, G. (1990). Arabisk – norsk kontrastiv grammatikk. I Hvenekilde, A. (red): Med to språk. Cappelen.

Skalstad J.R. (2020). Norsk som målspråk for elever med arabisk som morsmål. [Masteroppgåve, Universitetet i Agder]. Henta frå https://uia.brage.unit.no/uia-xmlui/bitstream/handle/11250/2683795/June%20Risdal%20Skalstad.pdf?sequence=1&isAllowed=y

Theil, R. & Mejdell, G. Arabisk. I Store norske leksikon. Henta 22. september 2023 frå https://snl.no/arabisk

Relatert innhald

Å forstå V2-regelen er viktig for å lære seg norsk. I denne artikkelen får du ei innføring i regelen og skal sammanlikne norsk med førstespråket ditt.

Kva er bestemtheit, og korleis bruker du det riktig på norsk?

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 11.09.2023

Læringsressursar

Samanlikning av språk