Hopp til innhald

Fagstoff

Polsk og norsk

Polsk og norsk er begge indoeuropeiske språk. Men sidan norsk er eit germansk språk og polsk eit slavisk språk, er dei ganske ulike. Her skal du lære meir om dei viktigaste forskjellane mellom språka.
Det indoeuropeiske språktreet. Illustrasjon.

Før du les

Sjå nærare på desse fagomgrepa før du les teksten:

Subjekt
Subjektet er den som utfører ei handling i ei setning. I setninga "Jarosław drikk vatn" er "Jarosław" subjekt.
Verbal
Verbalet er det som skjer i setninga. Verbalet er alltid eit verb. I setninga "Jarosław drikk vatn" er "drikk" verbal.
Objekt
Objektet i ei setning er den handlinga er retta mot. I setninga "Jarosław drikk vatn" er "vatn" objekt.
Indirekte objekt
Det indirekte objektet i ei setning er den handlinga er retta mot. Til dømes vil Jarosław vere indirekte objekt i setninga "Eg gir Jarosław boka".
Kasusspråk
Språk med kasus har endingar på ord som viser kva dei har i setninga. Til dømes vil eit ord ha ulik ending alt etter om det er subjekt, direkte objekt eller indirekte objekt i ei setning.
Syntaks
Syntaks er reglar for kva rekkefølge orda i ei setning skal komme i.
Forteljande hovudsetningar
Forteljande hovudsetningar er dei vanlegaste setningane som ikkje er spørsmål eller leddsetningar. Vi bruker desse til å fortelje noko: "Anna et" og "Eg må sove".
Fonologi
Fonologi er læra om lydane i eit språk, og korleis vi lagar desse lydane.
Konsonant
Konsonantar er språklydar som blir laga ved at tunge, tenner eller leppe stoppar luftstraumen. Døme på konsonantar er M, G og P.
Vokal
Vokalar er språklydar der luftstraumen går fritt gjennom munnen. Han blir ikkje stoppa av lepper, tunge eller tenner. Døme på vokalar er A, E og I.

Om polsk

Polsk er nasjonalspråk i Polen. Cirka 50 millionar menneske snakkar polsk, så det er eit stort språk.

Polsk og norsk

Polsk og norsk er i slekt med kvarandre. Men sidan polsk er eit slavisk språk og norsk er eit germansk språk, er det nokre viktige forskjellar. Her skal vi særleg sjå på vokalane, kasus, V2-regelen og bestemtheit.

Vidare i artikkelen kan du lese meir utdjupande om desse forskjellane.

Skriftsystem

Det norske og det polske alfabetet kjem frå det latinske alfabetet. Derfor er dei ganske like. Men nokre viktige forskjellar er det.

Norsk har bokstavane Æ, Ø og Å. Desse finst ikkje i det polske alfabetet. Men det polske alfabetet bruker mykje , noko som ikkje er så vanleg på norsk. Døme er ś, ą og ę.

Fonologi – lydar

Biletet viser kvar dei norske vokalane oppstår i munnhòla vår. I, e og æ oppstår langt framme, o og å langt bak og y, u, ø og a midt i munnhòla. Illustrasjon.

Vokalar

Polsk har seks vokalar, mens norsk har ni. Dei norske vokalane ø, y og u finst ikkje i polsk. Derfor kan desse lydane vere vanskelege å uttale for dei som har polsk som førstespråk. Det desse vokalane har felles, er at dei blir laga ganske langt framme i munnen med runda lepper.

Polsk har nasale vokalar. Det er vokalane /ą/ og /ę/. Det er vokalar som blir laga både i nasen og i munnen. Norsk har ikkje nasale vokalar.

Lengde på norske vokalar

Mange meiner at norsk faktisk har 18 vokalar, ikkje 9. Årsaka er at det både er lange og korte vokalar. I norsk blir lengda på vokalane brukte til å lage ulike ord. Sjå til dømes på desse orda:

  • gul – gull

  • pus – puss

  • pute – putte

Orda til venstre ("gul", "pus" og "pute") blir uttalt med lang vokal. Orda til høgre ("gull", "puss" og "putte") skal du seie med kort vokal. Det er altså berre lengda på vokalane som skil desse orda.

Nærbilete av svart katt som ligg med halvlukka auge. Foto.

Polske vokalar har ikkje ulik lengde

I polsk blir ikkje lengda på vokalar brukt til å lage ulike ord. Derfor synest mange med polsk som førstespråk at det er vanskeleg å høyre forskjell på til dømes "pute" og "putte".

Syntaks – setningar

Både norsk og polsk er SVO-språk. Det betyr at subjektet skal stå først, så verbalet, mens verbet skal stå til slutt: "Sara les ei bok". Når vi samanliknar setningar, ser vi alltid på

Kasus

Ein viktig forskjell mellom norsk og polsk er at polsk er eit kasusspråk, mens norsk ikkje er det. At polsk er eit kasusspråk, betyr at det ikkje berre er plasseringa av ordet som viser om dette er subjekt eller objekt. Også forandringar på sjølve ordet kan vise kva rolle det har i setninga.

Legg til dømes merke til kva som skjer med namnet "Anna" i desse tre setningane på polsk:

  • Anna jest silna. (Anna er sterk.)

  • Lubię Annę. (Eg liker Anna.)

  • Dałem go Annie. (Eg gav ho til Anna.)

Namnet "Anna" forandrar form. Det er fordi "Anna" er i den første setninga, i den andre og i den tredje. Forma på ordet viser altså funksjonen det har i setninga. På norsk er det ikkje slik. Der vil namnet "Anna" stå i same form anten det er subjekt eller objekt.

Sidan forma på ordet fortel kva funksjon det har i setninga, har ikkje polsk så strenge reglar for kvar ord skal stå i setningane som norsk.

Ikkje kasus på norsk i det heile?

Norsk har utvikla seg frå norrønt, språket til vikingane. I norrønt var det fire kasus. I moderne norsk har dette forsvunne, men du kan framleis sjå restar av kasus i dei personlege pronomena:

  • eg – meg

  • du – deg

  • ho – henne

  • vi – oss

På norsk seier vi: "Eg ser deg, og du ser meg". Som du legg merke til, blir "eg" brukt når det er subjekt i setninga, mens "meg" blir brukt når det er objekt. Dette er det same systemet som på polsk.

V2-regelen

Kva er V2-regelen? Jo, det er ein regel for kva plass verbet skal ha i norske setningar. Legg merke til korleis subjektet (ho) og verbalet (les) byter plass i dei to setningane under.

  • Ho les ei spennande bok for tida.

  • For tida les ho ei spennande bok.

Dette er V2-regelen: På norsk skal verbalet stå på andreplass i . Derfor byter subjektet ("ho") og verbalet ("les") plass i den andre setninga.

Slik er det ikkje på polsk. Der byter ikkje verbalet og subjektet plass. Mange med polsk som førstespråk vil derfor seie "For tida ho les ei spennande bok".

Ordklassar

Substantiv

Substantiv stabla oppå kvarandre. Det er ei bok, ein bil og eit eple. Ein bamse sit ved sida av stabelen. Illustrasjon.

Ein viktig forskjell mellom norsk og polsk er at norsk har bestemtheit, mens polsk ikkje har det.

Bestemtheit

Norsk skil mellom bestemd og ubestemd form av eit substantiv. Vi kan sjå på dømet: "Eg har ei søster. "Søstera mi er sju år". I den første setninga står substantivet "søster" i ubestemd form. I den neste setninga står "søster" i bestemd form (søstera). Bestemd form av substantivet blir vist med ei ending på norsk (guten, søstera, huset).

Ny eller kjend informasjon?

Substantivet skal stå i bestemd form når det er kjend informasjon. I setninga over er "søster" nemnd for første gong i den første setninga ("Eg har ei søster"). Då står substantivet i ubestemd form med ubestemd artikkel (ei) framfor. Det er nemleg ny informasjon.

I den andre setninga kjenner vi allereie til denne søstera. Då må det stå i bestemd form ("søstera").

Bestemtheit er vanskeleg for mange med polsk som førstespråk. Årsaka er at polsk ikkje viser bestemtheit med ei ending på substantivet. I staden blir bestemtheit vist ved uttale eller plassering av ordet i setninga. Til dømes blir ord som skal stå i bestemd form på norsk, ofte plassert først i setninga på polsk:

  • Pod stołem leży pies = Under bordet ligg det ein hund.

  • Pies leży pod stołem = Hunden ligg under bordet.

(Tveit, 2023)

Som du ser, så står substantivet "hund" i same form i begge setningane på polsk: "pies". Men på norsk er det to ulike former: Ubestemd form ("ein hund") og bestemd form ("hunden").

Verb

Person som hoppar over ordet "verb". Illustrasjon.

Måten norsk fortel om noko som har skjedd (fortid) på, kan vere vanskeleg for polsk-talande. For kva er eigentleg forskjellen på innhaldet i desse to setningane?

  1. Han kjøpte boka. (preteritum)

  2. Han har kjøpt boka. (presens perfektum)

Polsk har ikkje presens perfektum. Derfor kan du ofte høyre at ein med polsk som førstespråk seier "Eg har vore i Oslo i går. Der var eg mange gonger tidlegare." Det rette hadde vore: "Eg var i Oslo i går. Der har eg vore mange gonger tidlegare."

Reglane for når norsk skal ha preteritum og perfektum, kan vere vanskelege å meistre.

Så kva er eigentleg regelen?

Det aller viktigaste å legge merke til er dette:

  1. Vi bruker preteritum når det er handlinga i fortid vi er opptekne av: "Eg åt middag klokka sju i går".
    Hugseregel: Det er vanlegvis eit tidsadverb ("klokka sju i går") med når vi bruker preteritum.

  2. Vi bruker presens perfektum når handlinga er viktig for notida: "Eg har ete middag" (som i: "Nei takk, eg vil ikkje ha mat. Eg har allereie ete.")

  3. Vi bruker presens perfektum når vi snakkar om noko som har vart over tid, og som ikkje er avslutta: "Eg har budd i Tromsø i eit år" (og eg bur der framleis.)

Fleire døme:

Preteritum:

  • "Eg var på skulen heilt til klokka fire på måndag" (avslutta handling, fokus på handling)

  • "Eg spelte fotballkamp på måndag" (avslutta handling, fokus på handling)

Presens perfektum:

  • "Eg har vore heime sidan klokka ni" (ikkje-avslutta handling som har gått over tid)

  • "Eg har spelt fotballkamp. Derfor er eg sveitt" (avslutta handling, fokus på notid)

Oppsummering

Dette er det viktig å øve på om du har polsk som førstespråk:

  • norske vokalar, spesielt Ø, Y og U

  • forskjellen på lange og korte vokalar

  • V2-regelen

  • bestemtheit

  • forskjellen på preteritum og presens perfektum

Kjelder

Skommer, G. (2014). Norsk fonologi – en utfordring for norske innlærere? Noa norsk som andrespråk 30/2, 67–85.

Tveit, R.G. (2023). Morsmål vs. målspråk: Polsk. Forelesing ved UiA, 2023.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 25.09.2023

Læringsressursar

Samanlikning av språk