Hopp til innhald

Fagstoff

Tigrinja og norsk

Tigrinja er eit stort språk som blir snakka i Eritrea og Etiopia. Det har sitt eige alfabet med 37 vakre bokstavar. Her skal du lære meir om språket og samanlikne det med norsk.
Oppslag i ei tigrinsk bok som viser skriftspråket. Foto.

Før du les

Sjå nærmare på desse fagomgrepa før du les teksten:

Fonologi
Fonologi er læra om lydane i eit språk.
Vokalar
Vokalar er språklydar der luftstraumen går fritt gjennom munnen. Han blir ikkje stoppa av lepper, tunge eller tenner. Døme på vokalar er A, E og I.
Konsonantar
Konsonantar er språklydar som blir laga ved at tunge, tenner eller leppe stoppar luftstraumen. Døme på konsonantar er M, G og P.
Syntaks
Syntaks er reglar for kva rekkefølge orda i ei setning skal komme i.
Subjekt
Subjektet er ofte setningsleddet som viser kven eller kva som gjer noko. I setninga Nina kjøpte skjerfet i går er "Nina" subjekt.
Verbal
Verbalet er setningsleddet som viser handling. I setninga Nina kjøpte skjerfet i går er "kjøpte" verbal.
Objekt
Objektet er setningsleddet handlinga er retta mot. I setninga Nina kjøpte skjerfet i går er "skjerfet" objekt.

Om tigrinja

Tigrinja høyrer til den afroasiatiske språkfamilien. Det er eit semittisk språk, akkurat som arabisk, somali og amharisk.

Sjølv om tigrinja ikkje er det største språket i Etiopia, er det dette språket som blir brukt når ulike etniske grupper i landet skal snakke saman. Vi kallar dette for eit .

I Eritrea er tigrinja det største språket. Dessutan finn vi tigrinja-talande i Israel, Sudan og Saudi-Arabia og mange land i Vesten som har teke imot flyktningar frå Eritrea og Etiopia.

Tigrinja og norsk

Viss vi samanliknar språka tigrinja og norsk – kva er dei aller viktigaste forskjellane vi må legge merke til?

Skriftsystemet

Første Mosebok skriven med etiopisk skrift. Illustrasjon.

Tigrinja blir skrive med ein type geez-skrift. Skriftretninga er frå venstre mot høgre, akkurat som på norsk. Men noko som skil norsk og tigrinja, er at tigrinja blir skrive med stavingsalfabet, mens norsk blir skrive med eit fonemisk alfabet. Kva betyr eigentleg det?

Fonemisk alfabet

Det betyr at i det latinske alfabetet, som blir brukt til å skrive norsk, er målet at kvar bokstav står for ein lyd. Til dømes står bokstaven A for ein lyd. No er det slik at sidan det latinske alfabetet er laga for det latinske språket, så har ikkje alle lydar i norsk sin eigen bokstav – til dømes er det to bokstavar for kj-lyden. Men stort sett har dei fleste lydar éin bokstav.

Stavingsalfabet

Men i Geez er det slik at kvart symbol i alfabetet står for éin konsonant pluss éin vokal – til dømes wa eller -me. (Eriksen, 2019, s. 202). Bokstavane står altså for ei .

Punktum på geez blir markert med eit teikn som kan likne på to kolon etter kvarandre (), mens komma liknar på eit kolon med ein bindestrek over ().

Fonologi – lydar

Vokalar

Tigrinja har sju vokalar. Norsk har ni. Men vi kan eigentleg seie at norsk har 18 vokalar. Årsaka er at dei ni vokalane finst som både korte og lange. Tigrinja har ikkje lange vokalar.

Tigrinja har heller ikkje dei tre vokalane y, u og ø. Mange med tigrinja som førstespråk må derfor øve mykje både på å høyre forskjell på desse lydane og å uttale dei.

Biletet viser kor dei norske vokalane oppstår i munnhola vår. I, E og Æ oppstår langt framme, O og Å langt bak, og Y, U, Ø og A oppstår midt i munnhola. Illustrasjon.

Stavingar

På norsk er det mogleg å setje mange ulike konsonantar etter kvarandre. I ordet "skvatt" er det til dømes tre konsonantar i starten av ordet: s-k-v.

Dette går ikkje an i tigrinja. Ein konsonant pleier alltid å ha ein vokal etter seg. Derfor kan du ofte høyre at dei med tigrinja som førstespråk, seier "sikvatt" (skvatt) eller "sikrive" (skrive). Årsaka er at i-en blir ein "hjelpevokal" mellom konsonantane. Ordet blir lettare å uttale slik. Det er ofte vokalen "i" som er hjelpevokal (Husby, 2017, s. 164).

Syntaks — setningar

Tigrinja er eit SOV-språk. Det betyr at subjektet skal stå først, så kjem objektet, mens verbet skal stå til slutt: Elsa bussen tek (ኤልሳ ኣውቶቡስ ተሰቒላ።). Norsk er eit SVO-språk: Elsa tek bussen.

Når vi samanliknar setningar, ser vi alltid på .

Ordklassar

Substantiv

Substantiva bok, bil og eple stabla oppå kvarandre. Illustrasjon.

Tigrinja har to kjønn på substantiva: hankjønn og hokjønn. Norsk har tre: hankjønn, hokjønn og inkjekjønn. På norsk må ein ubestemt artikkel (ein, ei eller eit) ofte stå saman med substantivet: Eg har ei søster (ኤልሳ ኣውቶቡስ ተሰቒላ።). Tigrinja har ikkje ubestemt artikkel. Derfor vil ein tigrinja-talande ofte seie: Eg har søster.

Bestemtheit

Norsk skil mellom bestemt og ubestemt form av eit substantiv.

Vi kan sjå på dømet: Eg har ei søster. Søstera mi er sju år (ሓብቲ ኣላትኒ። ሓብተይ ዕድሚኣ ሸውዓተ ዓመት እዩ።). I den første setninga står substantivet "søster" i ubestemt form. I den neste setninga står "søster" i bestemd form.

På norsk viser altså endinga på substantivet at det står i bestemd form (søstera). Substantivet skal stå i bestemt form når det er kjend frå før. I setninga over er "søster" nemnd for første gang i den første setninga ("Eg har ei søster"). Då står substantivet i ubestemt form med ubestemd artikkel framfor. Det er nemleg ny informasjon.

I den andre setninga kjenner vi allereie til denne søstera. Då må substantivet stå i bestemt form ("søstera").

Bestemtheit er vanskeleg for mange med tigrinja som førstespråk. Årsaka er at tigrinja ikkje viser bestemtheit med ei ending på substantivet. I staden blir bestemtheit vist ved eigne ord eller på andre måtar.

Pronomen

Noko som er ganske spesielt for tigrinja, er at det er eigne pronomen for hankjønn og hokjønn i andre person eintal og fleirtal. Dette finst ikkje på norsk. Vi kan sjå på eit døme for at det skal vere lettare å forstå:

  • Ein person snakkar til ei gruppe menn og vil seie "de": Nisixatkom

  • Ein person snakkar til ei gruppe kvinner og vil seie "de": Nissexatken

  • Ein person snakkar til ein mann og bruker "du": nisixa

  • Ein person snakkar til ei dame og bruker "du": nisixi

På norsk er det berre i tredje person det finst eigne pronomen for kjønn: "han" og "ho".

Verb

Person som hoppar over ordet verb. Illustrasjon.

Måten norsk fortel om noko som har skjedd (fortid) på, kan vere vanskeleg for tigrinja-talande som lærer norsk. For kva er eigentleg forskjellen i innhaldet i desse to setningane?

  1. Han kjøpte boka. (preteritum)

  2. Han har kjøpt boka. (presens perfektum)

Tigrinja har ikkje presens perfektum. Derfor kan du ofte høyre at ein med tigrinja som førstespråk seier: Eg har vore i Oslo i går. Der var eg mange gonger tidlegare. (ትማሊ ኣብ ኦስሎ ነይረ። ቅድሚ ሕጂ ብዙሕ ሳዕ ኣብኡ ነይረ።) Det riktige hadde vore: Eg var i Oslo i går. Der har eg vore mange gonger tidlegare.

Reglane for når norsk skal ha preteritum og perfektum, kan vere vanskelege å få til. I tillegg er det vanleg å gløyme hjelpeverbet i presens perfektum. Årsaka er at tigrinja berre bruker eitt verb kvar gong om noko som har skjedd i fortid: Eg ete middag (ድራር በሊዐ እየ።).

Så kva er eigentleg regelen for verb?

Det aller viktigaste å legge merke til er:

  1. Vi bruker preteritum når det er handlinga i fortid vi er opptekne av: Eg åt middag klokka sju i går.
    Hugseregel: Det er vanlegvis eit tidsadverb (klokka sju i går) med når vi bruker preteritum.

  2. Vi bruker presens perfektum når handlinga er viktig for notida: Eg har ete middag (som i: Nei takk, eg vil ikkje ha mat, eg har allereie ete).

  3. Vi bruker presens perfektum når vi snakkar om noko som har vart over tid, og som ikkje er avslutta: Eg har budd i Tromsø i eitt år (og eg bur der framleis).

Fleire døme på verb

Preteritum:

  • Eg var på skulen heilt til klokka fire på måndag. (avslutta handling, fokus på handling)

  • Eg spelte fotballkamp på måndag. (avslutta handling, fokus på handling)

Presens perfektum:

  • Eg har vore heime sidan klokka ni. (ikkje-avslutta handling som har gått over tid)

  • Eg har spelt fotballkamp. Derfor er eg sveitt. (avslutta handling, fokus på konsekvens for notid)

Oppsummering

Dette er det spesielt viktig å øve på om du har tigrinja som førstespråk:

  • norske vokalar, spesielt Ø, Y og U

  • ord med mange ulike konsonantar etter kvarandre

  • bestemtheit

  • forskjellen på preteritum og perfektum

Kjelder

Eriksen, P.K. (2019). Nye språk i Norge - en språkodyssé. Pax forlag AS.

Husby, O. (2017). Innvandreres morsmål – en ressursbok for lærere. Fagbokforlaget.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 25.09.2023

Læringsressursar

Samanlikning av språk