Presenter ei samanlikning av førstespråket ditt og norsk
Under finn du oppgåva du skal svare på. Legg merke til at det er mange fagomgrep. Ikkje bli skremd om du ikke kjenner til alle desse. Du vil finne forklaring på alle omgrepa i løpet av læringsstien.
Hald ein presentasjon der du samanliknar førstespråket ditt med norsk. Legg vekt på dei viktigaste forskjellane. Bruk fagspråk og døme.
Du vel sjølv kva du vil legge vekt på, men her er nokre tips til kva du kan snakke om:
Språkfamilie: Kva for ein språkfamilie høyrer norsk til, og kva for ein høyrer førstespråket ditt til?
Fonologi – lydar: Kva er dei viktigaste forskjellane i uttale mellom norsk og førstespråket ditt?
Syntaks og kasus: Finn ut om norsk og førstespråket ditt har same rekkefølge på orda (SVO-språk, SOV-språk og så vidare), og om det er kasus i norsk og førstespråket ditt. Du kan lese meir om dette i fagartikkelen Leddstillingsspråk og kasusspråk.
Syntetisk eller analytisk språk: Finn ut om førstespråket ditt og norsk er syntetiske eller analytiske. Samanlikn og kom med døme. I denne læringsstien vil du lære meir om kva desse omgrepa betyr. Du kan lese meir om dette i fagartikkelen Syntetiske og analytiske språk.
Det rare! Avslutt gjerne med noko som er litt spennande og rart med førstespråket ditt – noko du trur dei andre i klassen kan synast er interessant.
Gå vidare i læringsstien for å få tips til korleis du kan jobbe med dei ulike delane av oppgåva.
Relatert innhald
Hald ein presentasjon der du samanliknar morsmålet ditt med norsk. Her får du gode tips om både form og innhald i presentasjonen.