Hopp til innhald

Fagstoff

Lag presentasjonen

Korleis skal du lage ein god presentasjon når du samanliknar språk?
Fire elevar står framfor ein stor skjerm og bakom ein pult. Ein av elevane held eit manuskript, ein held ei bok, og ein har ein pc framfor seg. Foto.

Dette er ein læringssti om å samanlikne førstespråket ditt med norsk. Gå til artikkelen "Presenter ei samanlikning av førstespråket ditt og norsk" for å komme til første trinn i stien.

Lag ein presentasjon

No skal du gjere om stoffet du har samla inn til ein presentasjon. Vi anbefaler at du bruker eit , som til dømes PowerPoint. Då kan du skrive inn døme på norsk og førstespråket ditt.

Men du kan òg skrive på tavla undervegs mens du presenterer. Det kan fungere fint viss du vil forklare mens du skriv.

Tips 1: Ikkje for mykje tekst

Viss du bruker eit presentasjonsverktøy, held det at du har ei overskrift som viser kva tema du har, nokre stikkord og gode døme frå både førstespråket ditt og norsk.

Her ser du eit døme på eit lysark som har passe informasjon:

Eit døme på eit lysark som har passe informasjon i form av både tekst og døme. Døma viser korleis ein kan bruke boksar og fargar for å samanlikne ulike språk. Illustrasjon.

Eit døme på eit lysark som har passe informasjon i form av både tekst og døme. Døma viser korleis du kan bruke boksar og fargar for å samanlikne ulike språk. Illustrasjon.

Tips 2: Hugs døme

Hugs å lage gode døme. Det er når du samanliknar ord og setningar frå førstespråket ditt med norsk, at du viser at du har forstått teorien. Jo fleire døme, jo betre.

Sjå til dømes på forskjellen på dei to lysarka under. Det første er utan døme, mens det andre er med. Legg merke til kor mykje enklare det er å forstå forklaringane når det er døme.

Eit døme på eit lysark som inneheld berre tekst og ingen døme. Illustrasjon.
Eit døme på eit lysark som inneheld både teori og døme. Døma er plasserte i boksar til høgre for teorien. Teoridelen forklarer korleis substantiv blir bøygde på norsk og somali. Døma viser korleis konkrete ord blir bøygde. Det norske ordet er "Ein bil – bilen – bilar – bilane". Dei somaliske orda er "hovud – hovud" og "somaliar – somaliarar". Illustrasjon.

Tips 3: Bruk fagomgrep

Sjå på side 2 i presentasjonen om somali igjen. Legg merke til alle fagomgrepa som er brukte: "tal", "bestemtheit", "suffiks" og så vidare.

Bruk fagomgrep i presentasjonen din. Då viser du at du kan omgrep om grammatikk.

Tips 4: Visualiser

Å "visualisere" betyr å gjere noko synleg. Prøv å visualisere forskjellar og likskapar mellom førstespråket ditt og norsk. Det kan vere fargar, tjukk skrift, piler eller anna. Fordelen er at det blir enklare for medelevane dine å forstå.

Her kan du sjå eit døme på korleis SVO-språk og V2-regelen blir visualisert med fargar og mønster:

Ei setning med subjekt, verbal, objekt og adverbial. Eksempelsetningar på norsk: "Adam et pizza i dag" og "I dag et Adam pizza". Eksempelsetningar på engelsk: "Adam eats pizza today" og "Today Adam eats pizza". Illustrasjon.

Går du vidare i læringsstien, vil du få tre gode råd om korleis du kan halde presentasjonen.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 01.12.2023

Læringsressursar

Samanlikning av språk