Hopp til innhald

Fagstoff

Leddstillingsspråk og kasusspråk

Norsk er eit SVO-språk. Men kva betyr det? Og visste du at det òg finst SOV-språk og OSV-språk? Dessutan har vi språk som ikkje er nokon av delane. Les meir for å oppdage korleis språk lagar meining på ulike måtar.
Ei rekke med klossar: Til venstre er det to blå klossar stabla oppå kvarandre. Den øvste klossen er minst. På han er det inngravert bokstaven S. På klossen under står det namnet SARA. Så kjem to klossar i raud farge som er stabla oppå kvarandre. Den øvste er det inngravert bokstaven V på, og på klossen under står det ordet SPISER. Til slutt kjem to klossar i lilla farge som er stabla oppå kvarandre. Den øvste er det inngravert bokstaven O på, og på klossen under står det ordet PIZZA. Foto.

Før du les

Sjå nærare på desse fagomgrepa før du les teksten:

Setningsledd
Eit setningsledd er ein del av ei setning. Det kan vere eit eller fleire ord. Setninga Guten åt eit kokt egg har tre setningsledd: "Guten" (subjekt), "åt" (verbal) og "eit kokt egg" (objekt).
Subjekt
Subjektet er ofte setningsleddet som viser kven eller kva som gjer noko: Nina kjøpte skjerfet i går. I denne setninga er "Nina" subjekt.
Verbal
Verbalet er setningsleddet som viser handling: Nina kjøpte skjerfet i går. I denne setninga er "kjøpte" verbal.
Objekt
Objektet er setningsleddet handlinga er retta mot: Nina kjøpte skjerfet i går. I denne setninga er "skjerfet" direkte objekt.

Til læraren

For å sikre utforskande og praktisk læring av grammatikk anbefaler vi at du startar med oppgåva "Utforsk språka i klassen" før du les denne fagartikkelen

Utforsk saman før de les:

1. Omset desse to setningane til førstespråket dykkar:

  • Adam elskar Sara

  • Sara elskar Adam

2. Samanlikn omsetjingane og diskuter:

  1. Kvar plasserer de namna i setningane på førstespråket dykkar? Viss det er ulikskapar mellom språka – kva trur de er årsaka til det?

  2. Forandrar namna form i dei to setningane? I så fall – kva kan vere årsaka til det?

Leddstillingsspråk

Alle som kan litt norsk, veit at når dei skal seie til nokon at Sara et pizza, må dei seie: Sara et pizza. Men kvifor det eigentleg? Kvifor kan dei ikkje seie: Pizza et Sara?

Svaret er at dei fleste språk i verda har reglar for kvar den som handlar (subjektet), og den det blir handla mot (objektet), skal stå i ei setning. Språka som har slike reglar, kallar vi for .

Tre unge kvinner et pizza ved eit bord. Dei smiler og ser nøgde ut. Foto.
Ein blå, ein raud og ein lilla trekloss med bokstavane S, V og O på. Foto.

SVO-språk – døme på eit leddstillingsspråk

På norsk er det slik at i skal subjektet stå før verbalet. Objektet skal stå etter verbalet. Derfor kallar vi norsk for eit SVO-språk, altså ein type leddstillingsspråk: Sara et pizza. "Sara" er subjekt, "et" er verbal, og "pizza" er objekt i setninga.

Det finst mange andre SVO-språk i verda, til dømes engelsk, thai og swahili.

Snakkar du eit SVO-språk?

Omset setninga Sara et pizza til førstespråket ditt. Klarer du å finne ut om førstespråket ditt er eit SVO-språk?

Ei rekke med klossar: Til venstre er det to blå klossar stabla oppå kvarandre. Den øvste klossen er minst. På han er det inngravert bokstaven S. På klossen under står det namnet SARA. Så kjem to klossar i lilla farge som er stabla oppå kvarandre. Den øvste er det inngravert bokstaven O på, og på klossen under står det ordet PIZZA. Til slutt kjem to klossar i raud farge som er stabla oppå kvarandre. Den øvste er det inngravert bokstaven V på, og på klossen under står det ordet YIYOR. Foto.

SOV-språk

Ein annan type leddstillingsspråk er SOV-språk. Viss norsk hadde vore eit SOV-språk, måtte vi ha sagt: Sara pizza et.

På tyrkisk heiter det til dømes: Sara pizza yiyor. Tyrkisk er altså eit SOV-språk.

Mange av dei største språka i verda er SOV-språk. I tillegg til tyrkisk er urdu, pashto, somali og tigrinja SOV-språk.

Ein raud, ein blå og ein lilla kloss med bokstavane V, S og O på. Foto.

VSO-språk

VSO-språk er ikkje så vanleg som SOV-språk og SVO-språk. Det er altså ikkje mange språk som vil ha denne rekkefølga på orda i ei setning: Et Sara pizza. "Et" er verbal, "Sara" er subjekt, og "pizza" er objekt i setninga.

Men standard arabisk og irsk er døme på VSO-språk.

VOS-, OSV- og OVS-språk

Det finst òg VOS- OSV- og OVS-språk, men dei er ikkje så vanlege.

  • VOS-språk finst i austronesiske språk, som malagassisk, og i mayiske språk. (Clemens & Polinsky, 2014).

  • OVS-språk finst i nokre sjeldne isolerte språk i Sør- og Mellom-Amerika, som til dømes hikskaryana. (Øzerk, 1993).

  • OSV-språk er dei sjeldnaste og blir brukte i nokre veldig få språk, mellom anna i Amazonas. (Dryer M. S., 2013).

SVO-språk, VSO-språk og SOV-språk er leddstillingsspråk. Det betyr at det er faste reglar for kva rekkefølge skal ha.

Kasusspråk

Det finst òg språk som ikkje har så faste reglar for leddstilling. Dei har altså friare leddstilling. I staden bruker dei på ord eller eigne ord for å vise kva har. Dette kallar vi kasusspråk.

Døme på slike språk er russisk, polsk og samisk.

Utdjuping

Det er ikkje sånn at viss eit språk har kasus, så er det ingen reglar for kvar setningsledda skal stå. Stort sett alle språk i verda har reglar for dette.

Men poenget er at språk med mykje kasus, har høve til å plassere ledd friare enn språk utan kasus – for funksjonen til leddet kan du sjå på kasusen det står i.

Legg til dømes merke til korleis namnet Jan får ulike endingar i dei tre polske setningane under:

  1. Jan je lody. Jan et ein is. (Her er "Jan" subjekt.)

  2. Widzę Jana. Eg ser Jan. (Her er "Jan" direkte objekt.)

  3. Daję Janowi lody. Eg gir Jan ein is. (Her er "Jan" indirekte objekt.)

Sidan polsk er eit kasusspråk, viser dei ulike endingane på namnet "Jan" kva rolle Jan har i setninga. Slik er det ikkje på norsk. Der er namnet likt uansett kva funksjon leddet har.

Utforsk språka dykkar

Sit i grupper og diskuter førstespråka dykkar. Finn ut om de snakkar eit SVO-språk, eit SOV-språk eller eit VSO-språk.

Finn òg ut om førstespråka dykkar har kasus.

Avslutt med å lage ei oversikt på tavla. Bruk døme frå kvart språk som blir snakka i klasserommet.

Kjelder

Clemens L. E. & Polinsky M. (2014). Verb-Initial Word Orders (Primarily in Austronesian and Mayan Languages). https://scholar.harvard.edu/files/mpolinsky/files/v1_syncom.pdf

Dryer M.S.. 2013. Order of Subject, Object and Verb. WALS Online. https://doi.org/10.5281/zenodo.7385533 (http://wals.info/chapter/81). Accessed on 2023-08-31.

Lie, S. (1993): Kontrastiv grammatikk – med norsk i sentrum. Novus forlag. https://www.nb.no/items/e8199f7c8475ce3bcc60364ab010b6e6?page=65&searchText=ordstilling

Øzerk, K. (1993). Andrespråksinnlæring. Universitetet i Oslo, Pedagogisk forskningsinstitutt.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 14.08.2023

Læringsressursar

Samanlikning av språk