Forstå V2-regelen
Sjå nærmare på desse fagomgrepa før du les teksten:
- Setningsledd
- Eit setningsledd er ein del av ei setning. Det kan vere eitt eller fleire ord. Setninga "Guten åt eit kokt egg" har tre setningsledd: "Guten" (subjekt), "åt" (verbal) og "eit kokt egg" (objekt).
- Heilsetning
- Heilsetning er ei setning som kan stå åleine og gi meining: "Eg skal sove no."
- Leddsetning
- Leddsetning er ei setning som ikkje gir meining om ho står åleine: "fordi eg er trøytt".
- Subjekt
- Subjekt er som oftast det setningsleddet som viser kven eller kva som gjer noko: "Nina kjøpte skjerfet i går". I denne setninga er "Nina" subjekt.
- Verbal
- Verbal er setningsleddet som viser handling: "Nina kjøpte skjerfet i går". I denne setninga er "kjøpte" verbal.
- Objekt
- Objekt er setningsleddet handlinga er retta mot: "Nina kjøpte skjerfet i går". I denne setninga er "skjerfet" objekt.
- Adverbial
- Adverbial er setningsledd som seier noko om når noko skjedde. I setninga "Nina kjøpte skjerfet i går" er "i går" adverbial. Det kan òg seie noko om kvar noko skjedde: I setninga "Nina kjøpte skjerfet på kjøpesenteret" er "på kjøpesenteret" adverbial. I tillegg kan det seie noko om korleis noko skjedde. I setninga "Nina knytte skjerfet fort” er "fort" adverbial.
Det er lettare for deg å forstå V2-regelen om du veit kva eit SVO-språk er. Derfor forklarer vi dette først:
Vi seier at norsk er eit SVO-språk. Det betyr at i forteljande heilsetningar følger setningsledda denne rekkefølga: subjekt – verbal – objekt. Til dømes: "Nina (subjekt) – ser (verbal) – ein katt (objekt)".
På norsk kan vi altså ikkje seie "Nina ein katt ser". Det vil bli feil fordi vi i denne setninga ikkje følger SVO-regelen. Men fleire andre språk i verda er SOV-språk. I desse språka skal subjektet komme først, så objektet og etter det verbet. Det finst òg VSO-språk ("Ser Nina ein katt") og VOS-språk ("Ser ein katt Nina").
SVO-språk er veldig vanleg i Vest-Europa. Til dømes er engelsk òg eit SVO-språk: "Nina (subjekt) sees (verbal) a cat (objekt)".
Er førstespråket ditt eit SVO-språk?
Omset setninga "Nina ser ein katt" til førstespråket ditt. Klarer du å finne ut om du snakkar eit
SVO-språk? ("Nina ser ein katt")
SOV-språk? ("Nina ein katt ser")
VSO-språk? ("Ser Nina ein katt")
Noko anna?
I tillegg seier vi at norsk er eit et V2-språk. V-en i forkortinga V2 står for verbal, mens 2 står for andreplass. V2-regelen seier at verbalet i norske heilsetningar må stå på andreplass. Dette er spesielt for norsk. Sjå til dømes kva som skjer med verbalet "såg" i desse to setningane:
Nina såg ein katt i går.
I går såg Nina ein katt.
Som du ser over, så skal verbet stå på andreplass i begge setningane. Det betyr altså at i den nedste setninga står subjektet etter verbalet, ikkje før slik det typisk skal i SVO-språk.
Er engelsk eit V2-språk?
For å finne ut om andre språk er V2-språk, kan vi ta ein enkel test. Vi kan flytte adverbialet først i ei heilsetning. Sjå til dømes kva som skjer med rekkefølga på ledda på norsk og engelsk når vi flyttar rundt på adverbialet "der/there" i setninga :
NORSK: "Nina ser ein katt der."
ENGELSK: "Nina sees a cat there."
NORSK: "Der ser Nina ein katt."
ENGELSK: "There Nina sees a cat."
Som du ser, må verbalet behalde andreplassen i setninga på norsk for å bli riktig. Då kjem altså verbalet før subjektet. Men på engelsk kjem subjektet framleis framfor verbet, slik det skal i typiske SVO-språk.
Er norsk mest eit V2-språk?
Mange meiner at det blir rettare å kalle norsk eit V2-språk enn eit SVO-språk, sidan regelen om at verbalet skal etter subjektet "forsvinn" når vi set adverbialet først i setninga.
Prøv deg på førstespråket ditt
Omset setningane "Nina ser ein katt der" og "Der ser Nina ein katt" til førstespråket ditt:
Blir setninga grammatisk riktig når du flyttar rundt på ledda?
Kva skjer med verbalet når du flyttar på ledda?
Vi seier at V2-regelen er eit særtrekk for norsk, men han finst òg på til dømes svensk, dansk, nederlandsk og tysk.
Ein vanleg feil hos mange som skal lære norsk, er at dei sier: "I går Nina kjøpte mat" eller "Akkurat no eg er på trening". Det riktige skal vere "I går kjøpte Nina mat" eller "Akkurat no er eg på trening".
Test deg sjølv
Har du forstått V2-regelen? Test deg sjølv ved å flytte adverbialet først i desse setningane. Klarer du å setje verbalet på riktig plass?
Adverbiala er "på torsdag", "sjølvsagt" og "om natta".
Den snille mannen hjalp meg heim på torsdag.
Eg vil sjølvsagt besøke deg.
Eg får ikkje sove om natta.
Relatert innhald
Øvingar om V2-regelen på norsk. I desse oppgåvene skal du både dra ord, lage riktig rekkefølge i setningar og skrive om kva du gjorde i går.