Hopp til innhald

Fagstoff

Preteritum eller perfektum?

Synest du det er vanskeleg å forstå når du skal bruke preteritum, og når du skal bruke presens perfektum på norsk? Denne artikkelen kan gjere deg litt klokare.
Strekfigur som hoppar over ordet verb. Illustrasjon.

Dette er første trinn i ein læringssti om preteritum og presens perfektum.

Før du les

Sjå nærare på desse fagomgrepa før du les teksten:

Fortid
Fortid er tida som har vore før talaren snakkar, til dømes for ein time sidan eller i går.
Notid
Notid er det som skjer akkurat no: "Ja, eg er heime no."
Preteritum
Preteritum er ei form vi bruker for å bøye verbet i tid. Vi bruker preteritum når vi viser til at noko har skjedd i fortid: "Eg besøkte han i går." Her står verbet "besøker" i preteritumsforma "besøkte".
Presens perfektum
Presens perfektum er òg ei form som viser til fortid. For å lage presens perfektum må vi ha eit hjelpeverb i presens og hovudverbet i perfektum: "Eg har besøkt han." I denne setninga er "har" hjelpeverbet, og "besøkt" er hovudverbet. Presens perfektum blir òg kalla berre "perfektum".

Om preteritum og presens perfektum

Det er ikkje rart om du synest det er vanskeleg å bruke preteritum og presens perfektum på riktig måte. Begge formene av verbet fortel jo om noko som er slutt, altså om . Dette er altså den viktigaste likskapen mellom preteritum og presens perfektum.

Så når skal du velje preteritum, og når skal du velje presens perfektum når du snakkar eller skriv om fortid?

Preteritum

Svaret er at du skal bruke preteritum når du snakkar om noko som har skjedd, og som er avslutta. Du bruker òg preteritum når du er spesielt oppteken av noko skjedde på. Sjå til dømes på desse to setningane:

  • "Eg øvde til prøven i går." ("øvde" er preteritum.)

  • "Eg budde i Trondheim i fjor." ("budde" er preteritum.)

I begge desse døma er handlinga avslutta. Den første setninga, "Eg øvde til prøven i går", kan vere svaret på spørsmålet "Kva gjorde du i går?".

Strekteikning som viser ei tidslinje. Øvst er det eit spørsmål i ei snakkeboble: "Kva gjorde du i går, Ali?" Under personane er det ei tidslinje. Til høgre står det notid. Ein person, Ali, står på den delen av tidslinja som er merkt notid. Han peiker bakover og seier: "Eg øvde til prøven." Til venstre på tidslinja står det "i går". Der er det ei teikning av Ali som står og les i ei bok. Illustrasjon.


Den andre setninga "Eg budde i Trondheim i fjor" kan vere svaret på spørsmålet "Når budde du i Trondheim?" eller "Kvar budde du i fjor?". Tidspunktet er viktig. Derfor er preteritum rett.

Simple past

Dersom du kan engelsk, kan det hjelpe deg å samanlikne norsk preteritum med simple past på engelsk. I likskap med preteritum på norsk, bruker du simple past når du viser til ei handling frå fortida som er avslutta:

  • "Eg snakka med ho i går." = "I spoke with her yesterday." ("snakka" og "spoke" er begge preteritum.)

  • "Vi gjorde leksene saman på torsdag." = "We did the homework together on Thursday." ("gjorde" og "did" er begge preteritum.)

Presens perfektum

No skal vi prøve å skrive dei same setningane som over, men bruke presens perfektum i staden for preteritum:

  • "Eg har øvd til prøven (i går)." Her er "har øvd" presens perfektum.

  • "Eg har budd i Trondheim (i fjor)." Her er "har budd" presens perfektum.

Her har vi sett i parentes. Grunnen er at setningane høyrest feil ut med tidsadverbial. Når vi bruker presens perfektum, er vi ikkje opptekne av tidspunktet.

Perfektum handlar om notid

Vi bruker nemleg perfektum når ei handling i fortid har for . Dersom nokon spør "Er du klar for prøven (som vi har i dag)?", er det rette svaret – dersom du er klar fordi du har øvd mykje – "Ja, eg har øvd mykje".

Strekteikning som viser ei tidslinje. Øvst er det eit spørsmål: "Er du klar for prøven, Ali?" Lengst til venstre er tidslinja merkt fortid. Her er det ein gut som les. Midt på er tidslinja merkt notid. Her står Ali, han seier: "Ja, eg har øvd mykje." Lengst til høgre er tidslinja merkt framtid. Her er det bilete av ein prøve. Illustrasjon.

Det same gjeld setninga "Eg har budd i Trondheim". Det er ikkje som er viktig her, men staden. Kanskje er det eit svar til nokon som spør "Har du budd nokre andre stader enn i Bergen?".

Eldre dame sit i ein stol, og ein helsearbeidar sit på huk ved sida av. Foto.

Present perfect

Bruken av presens perfektum på norsk kan samanliknast med present perfect på engelsk. Likskapen er at begge språka bruker formene når ei avslutta handling har konsekvensar for notida:

("Er du svolten?") "Nei, eg har allereie ete." = "No, I have already eaten." ("har ete" og "have eaten" er begge presens perfektum.)

Fleire døme

Her er fleire døme som skal hjelpe deg med å forstå forskjellen på preteritum og perfektum:

Preteritum og perfektum

Spørsmål og forklaring

Preteritum

Perfektum

Feil svar

Vil du bli med til Anna?

Nei, eg besøkte Anna i går.

Nei, eg har allereie besøkt Anna.

Nei, eg besøkte Anna. / Nei, eg har besøkt Anna i går.

Forklaring

Verbet viser til "i går". Her er ikkje sjølve tida viktig, men konsekvensane for notida: Eg blir ikkje med no, for eg har allereie besøkt ho.Preteritum høyrest feil ut når du ikkje viser til eit spesielt tidspunkt. Perfektum høyrest feil ut når du viser til tidspunkt.

Har du vore i Nord-Noreg?

Ja, eg var der for fire år sidan.Ja, eg har vore der.Ja, eg har vore der for fire år sidan. / Ja, eg var der.

Forklaring

Bruk av preteritum viser til tidspunktet.Tidspunktet er ikkje viktig.Tidspunktet det skjedde på, er i fokus. Bruk preteritum og tid saman.

Kjem du på trening i dag?

Ja, eg var sjuk i går, men no er eg frisk.

1. Nei, eg har vore syk.

2. Nei, eg har vore sjuk sidan tysdag.

Nei, eg var sjuk sidan tysdag.

Forklaring

Sjukdommen er avslutta, derfor preteritum.

1. Svaret viser at personen er ferdig med å vere sjuk, men kanskje ikkje kjenner seg klar for trening enno (konsekvensar for notid).

2. Svaret viser at personen framleis er sjuk.

Dersom noko starta i fortid og framleis skjer, skal du bruke perfektum. "sidan tysdag" viser at noko framleis skjer.

Gå vidare i læringsstien for å øve deg på å bruke preteritum og perfektum i setningar.

Relatert innhald

Vi bruker preteritum når vi snakkar om ei avslutta handling, og vi bruker perfektum når vi snakkar om ei handling som framleis held på.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 08.01.2024

Læringsressursar

Verb