Hopp til innhald
Oppgåve

Test deg i dei fem vanlegaste norske verba

Kan du bøye og bruke dei fem vanlegaste norske verba: å vere, å ha, å få, å kunne og å bli?

Å speeddate

No skal du på speeddate (speed + date). Veit du kva det er? Ein speeddate er ein måte å bli kjend med nye menneske på. Du får sitje nokre få minutt med kvar person, de snakkar saman og prøver å bli kjende. For dei fleste er målet å finne ein kjæraste.

Men i denne oppgåva er ikkje målet å få ein kjæraste, men å speeddate dei fem mest brukte verba i norsk. Det skal hjelpe deg til å forstå dei ulike betydningane desse verba har.

Oppgåve 1. Kjenn igjen verba

Klikk på verba ha, vere, bli, kunne og få. Hugs at dei kan stå i både infinitiv, presens, preteritum og perfektum.

  • å ha – har – hatt – har hatt

  • å vere – er – var – har vore

  • å bli – blir – blei – har blitt

  • å kunne – kan – kunne – har kunna

  • å få – får – fekk – har fått

Oppgåva i tekstformat

Finn du igjen dei ulike formene av verba å vere, å ha, å bli, å kunne og å få?

Eg har vore tre gonger i Frankrike. Den første gongen fekk eg ein billett i gåve av mamma. Ho kunne ikkje bli med fordi ho var sjuk. Eg hadde ein veldig fin tur og var veldig glad då venninna mi sa: "Eg kan bli med deg!"

Fasit:

har

vore

fekk

kunne

bli

var

hadde

var

kan

bli

Oppgåve 2. Speeddate dei fem verba

No skal du ha eit raskt møte med dei fem verba. I kvart møte skal du først finne ut kva verbet betyr i setninga. Heilt til slutt i kvar speeddate skal du sjekke om du kan bøye verba rett i tid.

A. På speeddate med å vere

B. På speeddate med å ha

C. På speeddate med å bli

D. På speeddate med å kunne

E. På speeddate med å få

Oppgåve 3. Møt alle dei fem verba

I denne oppgåva skal du sjekke om du kan setje dei fem verba inn i ei setning. Viss du får det til, viser du at du har forstått mykje om korleis vi bruker dei fem verba i setningar på norsk.

Oppgåve 4. Leit etter verba i læreboka

Sit i par:

  1. Slå opp på ei side i ei lærebok eller ei anna bok du har. Leit etter dei fem verba å vere, å få, å bli, å kunne og å ha der.

  2. Diskuter om de forstår kva verbet betyr i den samanhengen det er brukt i boka.

Oppgåve 5. Lag ein dialog

Sit i par:

  1. Lag ein kort dialog som varer cirka eit minutt. Målet er å bruke flest mogleg former av verba å ha, å få, å kunne, å vere og å bli. Det gjer ingenting om de ikkje får brukt alle fem verba eller alle dei fire formene av verba, men bruk så mange de får plass til i den korte dialogen.

  2. Framfør framfor klassen.

  3. Be klassen gi dykk tilbakemelding på om de har brukt verba rett.