Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Øv på preteritum og perfektum

I desse oppgåvene kan du øve deg på når du skal bruke preteritum, og når du skal bruke presens perfektum.

Dette er ein del av ein læringssti om preteritum og perfektum. For å komme til starten av læringsstien kan du gå til fagartikkelen "Preteritum eller perfektum?".

Oppgåve 1. Les og forklar

  1. Les fagartikkelen "Preteritum eller perfektum?".

  2. Gå saman i par. Forklar kvarandre reglane for når de skal bruke preteritum, og når de skal bruke presens perfektum.

  3. Set om desse setningane til førstespråket dykkar:

    "Vil du ha middag?"

    "Nei takk, eg har ete."

    "Å ja, eg åt ein appelsin for fem timar sidan, så eg er svolten."

  4. Vel ei av oppgåvene under:

    • Dersom de har det same førstespråket: Diskuter om de har fleire former av verbet som viser fortid, slik norsk har. Bruk setningane frå oppgåve C i forklaringa dykkar. Sjå særleg på "har ete" (perfektum) og "åt" (preteritum).

    • Dersom de har ulike førstespråk: Forklar kvarandre korleis førstespråka dykkar fortel om fortid. Bruker de to ulike verbformer, slik norsk gjer?

  5. Under er det tre spørsmål med svar. Diskuter svara. Forklar kvifor preteritum eller perfektum er brukt. Bruk reglane frå fagartikkelen de nettopp las.

    • "Kvifor er du så ?" "Eg har vore sjuk."

    • "Kvifor var du ikkje på skulen i går?" "Eg var sjuk."

    • "Kva gjorde du i fjor sommar?" "Eg var berre heime."

Fasit

  • "Kvifor er du så slapp?" "Eg har vore sjuk."

Her skal det vere perfektum sidan handlinga i fortida har for notida: "Du" er slapp no, fordi hen har vore sjuk. Men sjukdommen er i fortida.

  • "Kvifor var du ikkje på skulen i går?" "Eg var sjuk."

Her skal det vere preteritum sidan sjukdommen ligg i fortida, han er ei handling, og det er tidspunktet (i går) vi er mest opptekne av.

  • "Kva gjorde du i fjor sommar?" "Eg var berre heime."

Dette er ei avslutta handling i fortida òg, og vi er først og fremst opptekne av tidspunktet. Då skal det vere preteritum.

Oppgåve 2

Sit i par. Under ser de eit spørsmål med to ulike svaralternativ, eitt med verbet i preteritum og eitt med verbet i presens perfektum. Diskuter kva svar som er riktig. Snu så kortet for å sjekke svaret.

Gå vidare i læringsstien for å lære meir om når du skal bruke preteritum, og når du skal bruke presens perfektum.

Relatert innhald

Vi bruker preteritum når vi snakkar om ei avslutta handling, og vi bruker perfektum når vi snakkar om ei handling som framleis held på.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 08.01.2024

Læringsressursar

Verb