Hopp til innhald

Fagstoff

Meir om preteritum og perfektum

Både setninga Han drakk tre glas vatn og Han har drukke tre glas vatn er rette på norsk. Men når skal du bruke den første, og når skal du bruke den andre?
Ein liten gut drikk frå eit vassglas. Foto.

Dette er ein del av ein læringssti om preteritum og perfektum. For å komme til starten av læringsstien kan du gå til fagartikkelen "Preteritum eller perfektum?"

Før du les

Sjå nærmare på desse fagomgrepa før du les teksten:

Periode
Ein periode er ein del av ei tid. Eit anna namn på periode kan vere tidsrom eller ein epoke. Vi kan seie: Denne våren har vore ein fin periode i livet mitt eller Det har vore ein periode med mykje fint ver no.
Fortid
Fortid er noko som har skjedd: Ja, eg har gjort mange feil, men det har eg slutta med. Det er ein del av fortida mi.
Preteritum
Preteritum er ei form vi bruker for å bøye verbet i tid. Vi bruker preteritum når vi viser til at noko har skjedd i fortid: Eg besøkte han i går.
Presens perfektum
Presens perfektum er òg ei form som viser til fortid. For å lage presens perfektum må vi ha eit hjelpeverb og verbet i perfektum: Eg har besøkt han.

Preteritum

Viss du har gjort dei to første trinna av læringsstien om preteritum og perfektum, så har du lært at når vi har med til fortid, skal du bruke preteritum:

  • Eg besøkte han i går. (Verbet "besøkte" står i preteritum.)

  • Førre veke hadde vi prøve. (Verbet "hadde" står i preteritum.)

  • Eg budde i Sverige før. (Verbet "budde" står i preteritum.)

Ei kvinne peikar bakover på ei tidslinje og seier "Eg budde i Sverige før". Illustrasjon.

Perfektum

Men sjå på desse setningane. Alle har referanse til fortid, men verba står i presens perfektum: har budd, har vore, har drukke. Klarer du å forklare kvifor?

  • Eg har budd i Noreg i seks år.

  • Eg har vore på tre feriar i år.

  • Han har drukke tre glas vatn i dag.

Svar: Det alle setningane har felles, er at den som seier dei, framleis er inne i same som hendinga i fortid skjedde.

Eit døme

Viss du bur i Noreg og får spørsmålet: Kor lenge har du budd i Noreg?, skal du svare:

  • Eg har budd her i seks år.

Det blir feil å seie: Eg budde her i seks år.

Kvifor? Jo, fordi når du viser til ein periode som starta i fortid, men ikkje er over, skal du bruke perfektum.

Til venstre er ei snakkeboble med teksten: "Kor lenge har du budd i Noreg?". Til høgre svarer ei kvinne: "Eg har budd i Noreg i seks år". Illustrasjon.

Present perfect continuous

(Speler du fotball?)

  • Ja, eg har spelt fotball sidan eg var fem år gammal. (Yes, I have been playing soccer since I was five years old.)

NB! Legg merke til at det siste dømet "have been playing" er eit døme på present perfect continuous (presens perfektum kontinuerleg) på engelsk. Engelsk har altså ein eigen variant av presens perfektum som viser at ei handling framleis varer. Dette finst ikkje på norsk.

Oppsummering

Til spørsmålet: Kva gjorde du i friminuttet?

  • Du skal bruke preteritum når ei handling er begynt og avslutta i fortid: Kva gjorde du i friminuttet? Eg sjekka mobilen.

  • Du skal bruke preteritum når du er oppteken av tidspunktet noko skjedde på i fortid: I friminuttet sjekka eg mobilen.

  • Du skal bruke perfektum når du er oppteken av konsekvensane ei handling i fortid har for notida: Kva har du gjort? Eg har sjekka mobilen.

  • Du skal bruke perfektum når ei handling starta i fortid og framleis held på: Eg har sjekka mobilen sidan friminuttet starta, men eg har ikkje fått noka melding enno.

Gå vidare i læringsstiane for å teste kunnskapane dine om preteritum og perfektum.

Relatert innhald


CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 12.01.2024

Læringsressursar

Verb