Rettskrivingsreformene mellom 1901 og 2012
1901: Nynorsk
Det første rettskrivingsarbeidet sidan Aasen lanserte nynorsk resulterte i to ulike rettskrivingsnormalar: Hægstadnormalen og Midlandsnormalen. Hægstadnormalen blei godkjend som hovudnormal, medan den mindre populære Midlandsnormalen blei tillaten for elevar.
Nedanfor kan du sjå dei viktigaste endringane i Hægstadnormalen.
Obligatoriske endringar i skrivemåte
Stor > liten bokstav i substantiv: eit Hus > eit hus
Obligatoriske endringar i bøying
-ade > -a i preteritum av svake a-verb: kastade > kasta
-ad/-at > -a i perfektum partisipp av svake a-verb: steinen er kastad, spjotet er kastat > steinen/spjotet er kasta
-t > inga ending i bestemt eintal av substantiv som endar på -a: augat, øyrat > auga, øyra
-t > inga ending i inkjekjønnsforma av adjektiv som endar på -en: eit opet Hus, eit litet Hus > eit ope hus, eit lite hus
-et > -e i inkjekjønnsforma av perfektum partisipp av sterke verb: Brevet er skrivet > brevet er skrive
-na > -ne i bestemt fleirtal av hokjønnssubstantiv: Skaalerna, Visorna, Bøkerna > skaalerne, visorne, bøkerne
1907: Bokmål
Obligatoriske endringar i skrivemåte
Enkel > dobbel konsonant i nokre få ord: buk > bukk, bal > ball, naad > naadd, fet > fett m.fl.
Blaut > hard konsonant etter lang vokal i mange ord: dræbe > dræpe, kage > kake, bryde > bryte m.fl.
Valfridom i nokre ord: begrep/begreb, klok/klog, gaate/gaade m.fl.
Mange unntak: skib, saglig, forbryder m.fl.
Obligatoriske endringar i bøying
-e > -er i bestemt fleirtal av felleskjønnssubstantiv: heste > hester m.fl.
Valfridom i nokre ord: dage/dager m.fl.
-e > inga ending i bestemt fleirtal av inkjekjønnssubstantiv: huse > hus
-ede > -et, -te, -de, -dde. Det vil seie at svake verb som i dansk enda på -ede i preteritum, blei delte i tre verbklassar: : kastede > kastet, svarede > svarte, levede > levde, boede > bodde
Valfrie endringar i bøying
Forkorting av ein del verb: drage/dra, have/ha, tage/ta, fader/far, moder/mor
1910: Nynorsk
Reforma innførte valfridom for skuleelevar.
Valfridom i skrivemåte
Skrivemåte med y tillaten ved sida av ju/jo: brjota/bryta, krjupa/krypa
Valfridom i bøying
-er og -te tillatne ved sida av -ar og -a i presens og preteritum av verb som sluttar på -ere: studerar – studera/ studerer – studerte
-ane, -ene, -one tillatne ved sida av -arne, -erne, -orne i bestemt form fleirtal av han- og hokjønnssubstantiv: hestarne/hestane, skålerne/skålene, visorne/visone
Infinitiv med -e tillaten ved sida av -a: ei visa/ei vise
1917: Nynorsk og bokmål
Felles endringar for nynorsk og bokmål
Obligatoriske endringar i skrivemåte
aa > å: skaal > skål
Fornorsking av mange framandord: nation > nasjon m.fl.
Endringar i nynorsk
Obligatoriske endringar i skrivemåte
Stum d fjerna i ein del ord i samsvar med bokmål: breid, lid, heid > brei, li, hei
Valfrie endringar i skrivemåte
Valfri vokal i ein del ord: millom/mellom, fyrr/før, um/om, so/så
Monoftong tillaten ved sida av diftong i ein del ord: draum/drøm, haust/høst, høyra/høra
Dobbelkonsonant tillaten ved sida av enkelkonsonant i ein del ord: ven/venn, krit/kritt, fatig/fattig, gamal/gammal
Obligatoriske endringar i bøying
-arne, -erne, -orne > -ane, -ene, -one i bestemt form fleirtal av han- og hokjønnssubstantiv: hestarne/hestane, skålerne/skålene, visorne/visone
Valfritt i nokre ord: bøkerne/bøkene og bønderne/bøndene m.fl.
Valfrie endringar i bøying
-a tillaten ved sida av -i i sterke hokjønnssubstantiv: boki/boka, soli/sola
-er og -ene tillatne ved sida av -or og -one i fleirtal av svake hokjønnssubstantiv: viser/visor – visene/visone
Infinitiv med -e tillaten ved sida av -a: å dansa/å danse
Kløyvd infinitiv berre tillaten for elevar, ikkje i lærebøker: å lære/å vera
-er tillaten ved sida av inga ending i presens av sterke verb: bit/biter, kjem/kjemer
-s tillaten ved sida av -st i refleksivform: minnast/minnas
Endringar i bokmål
Obligatoriske endringar i skrivemåte
æ > e i mange ord: mænd, væg, læse > menn, vegg, lese m.fl.
Enkelkonsonant > dobbelkonsonant i utlyd: hatt, topp, takk, vegg, hull, kjønn m.fl.
unntak: ord med -m: stum, slem m.fl.; og nokre småord: at, vil, den, nok m.fl.
ld og nd > ll og nn der det var samsvar med norrønt og nynorsk: fjell, mann, kalle, kjenne m.fl.
men: mild, land, holde, sende m.fl.
Blaut > hard konsonant i dei fleste orda der det var valfritt etter 1907: bok, eple, saklig m.fl.
Valfrie endringar i skrivemåte
Mange valfrie ordformer frå dialektar og nynorsk ved sida av dei tradisjonelle bokmålsformene: bo/bu, bro/bru, tro/tru, sten/stein, løs/laus, røk/røik, gulv/golv, dukke/dokke, hugge/hogge
Obligatoriske endringar i bøying
-e > -er i ubestemt fleirtal av alle felleskjønnssubstantiv, òg dei som hadde valfri bøying etter 1907: heste, dage > hester, dager m.fl.
-erne > -ene i bestemt fleirtal av felleskjønnssubstantiv: gaterne, dagerne > gatene, dagene m.fl.
Unntak i nokre ord: bøkerne, bønderne, tiderne, guderne m.fl.
Valfrie endringar i bøying
-a tillaten ved sida av -en i bestemt eintal av hokjønnssubstantiv: solen/sola, boken/boka
-a tillaten ved sida av -et i preteritum av svake verb: kastet/kasta, danset/dansa
1938: Nynorsk og bokmål
Rettskrivingsreforma av 1938 innførte eit skilje mellom hovudformer og sideformer. Hovudformene skulle brukast i lærebøker, medan sideformene var tillatne for skuleelevar. Sideformene blei sette i [klammer] og blei derfor kalla "klammeformer".
Endringar i nynorsk
Obligatoriske endringar i skrivemåte
Obligatorisk vokal i ein del ord: millom > mellom, myrk > mørk, upp > opp
Obligatorisk diftong i ein del ord der det var valfritt etter 1917: draum/drøm > draum, drøyme/drømme > drøyme, aust/øst > aust
Obligatoriske endringar i bøying
-a/-e > -e i bestemt form eintal av hokjønnssubstantiv: ei visa/ei vise > ei vise
-i/-a > -a [-i] i bestemt form eintal av sterke hokjønnssubstantiv: boki/boka > boka [boki]
-i/-a > -a [-i] i bestemt form fleirtal av inkjekjønnssubstantiv: husi/husa > husa [husi]
-or/-er > -er [-or] i ubestemt fleirtal av hokjønnssubstantiv: visor/viser > viser [visor]
Infinitiv med -a og kløyvd infinitiv blei hovudform, medan infinitiv med -e blei sideform: å vera - å kasta / å vera - å kaste [å vere - å kaste]
-e > -i [-e] i supinum av sterke verb: funne > funni [funne] osv.
Pronomen: me/vi > vi [me]
Endringar i bokmål
Obligatoriske endringar i skrivemåte
Diftongen øi > øy: tøi, høyre > tøy, høyre
Nokre småord: mig, dig, sig + op > meg, deg, seg + opp
Mange enkeltord fekk ei form som låg nærmare nynorsk eller mange dialektar: ben > bein, løv > lauv, frem > fram, nu > nå, efter > etter, sne > snø, sprog > språk, skib > skip m.fl.
Fornorska skrivemåte av ein del framandord: centrum, cykel > sentrum, sykkel m.fl.
Valfrie endringar i skrivemåte
Mange enkeltord fekk valfri form som låg nærmare nynorsk eller mange dialektar: melk/mjølk, kull/kol, vugge/vogge, våken/vaken, selv/sjøl, vann/vatn m.fl.
Obligatoriske endringar i bøying
-en/-a > -a i bestemt eintal av over tusen hokjønnssubstantiv, særleg ord frå kvardagslivet, norsk natur og bygdeliv og andre "særnorske" ord:
Valfritt -en/-a i resten
-ene/-a > -a i bestemt fleirtal av nokre få inkjekjønnssubstantiv: barna, dyra, banda m.fl.
-et/-a > -a i preteritum av verb med "særnorsk" lydform: mjølka, vatna m.fl.
Enkel > dobbel konsonant i adjektiv og verb med diftong i utlyd: greit, greide > greitt, greidde osv.
Valfrie endringar i bøying
-a tillaten ved sida av -ene i bestemt fleirtal av alle inkjekjønnssubstantiv som endar på konsonant: takene/taka, rådene/råda osv.
-a tillaten ved sida av -et i preteritum av dei verba som kunne bøyast med -a i nynorsk: ventet/venta, syklet/sykla osv.
Kløyvd infinitiv tillaten som sideform: å være, å kaste [å væra, å kaste]
1959: Nynorsk og bokmål
Felles endringar for nynorsk og bokmål
Obligatoriske endringar i skrivemåte
Enkel > dobbel konsonant i verb som sluttar på -ere, men berre når grunnordet har dobbel konsonant: plasere, trafikere (av: "plass", "trafikk") > plassere, trafikkere
Endringar i nynorsk
Obligatoriske endringar i skrivemåte
Mange tilnærmingsformer som tidlegare var sideformer (klammeformer), blei sidestilte hovudformer: høyra/høyre [høra, høre], skule [skole], sundag [søndag] > høyra/høyre/høra/høre, skule/skole, sundag/søndag m.fl.
Ein del ord med ø i staden for y fekk sterkare status: bytte > bytte [bøtte], fylgje [følgje] > følgje [fylgje], fyrst [først] > fyrst/først m.fl.
Dobbel m blei hovudform i mange ord som tidlegare hadde enkel m: gamal [gammal] > gammal [gamal], sumar [sommar] > sommar [sumar] m.fl.
Valfrie endringar i skrivemåte
Ein del monoftongeringer blei igjen tekne inn som sidestilte former: draum/drøm, drøyma/drøyme/drømma/drømme
Formene valp, virvel og verken blei tillatne ved sida av kvelp, kvervel og korkje
Obligatoriske endringar i bøying
Infinitiv med -e blei hovudform sidestilt med -a, medan kløyvd infinitiv blei sideform: å vera - å kasta / å vere - å kaste [å vera - å kaste]
-i [-e] > -i/-e i supinum av sterke verb: funni [funne] > funni/funne
Endringar i bokmål
Obligatoriske endringar i skrivemåte
hv > v i nokre få ord som òg fekk v i nynorsk: hvalp, hvirvel, hverken > valp, virvel, verken
Færre likestilte former, fleire sideformer ("klammeformer"): dogg/dugg > dogg [dugg], trøtt/trett > trøtt [trett], mjøl/mel > mjøl [mel], sein/sen > sein [sen], mage/mave > mage [mave]
Obligatoriske endringar i bøying
Enkel og dobbel konsonant i adjektiv og verb med diftong i utlyd blei høvesvis hovudform og sideform: greitt, greidde > greit [greitt], greide [greidde]
1981: Bokmål
Valfrie endringer i skrivemåte
Mange tradisjonelle ordformer som anten hadde vore sideformer, eller ikkje tillatne sidan 1938, blei tekne inn igjen som likestilte former: frem, syd, bro, dukke, mave, sen, ren, muld, gulv, mel, grøt m.fl. ble likestilt med fram, sør, bru, dokke, mage, sein, rein, mold, golv, mjøl, graut m.fl.
Men det skulle framleis berre vere tillate med: snø, språk, nå, sju, tjue, hage, farge, hauk, røyk, stein - ikkje: sne, sprog, nu, syv, tyve, have, farve, høk, røk, sten
Valfrie endringar i bøying
-en likestilt med -a i bestemt eintal av alle hokjønnssubstantiv: boka > boka/boken, sola > sola/solen
Unntatt dei orda som hadde "særnorsk" skriveform eller hadde -a i allmenn skriftspråkbruk: kua > kua [kuen], øya > øya [øyen], jenta > jenta [jenten], hytta > hytta [hytten]
-ene likestilt med -a i bestemt fleirtal av ikjekjønnssubstantiv som tidlegare hadde obligatorisk -a (unntatt barna og beina): dyra > dyra/dyrene m.fl.
-ene likestilt med -a i bestemt fleirtal av inkjekjønnssubstantiv som enda på -e: eplene, menneskene > eplene/epla, menneskene/menneska
2005: Bokmål
I 2005 blei systemet med hovudformer og sideformer (klammeformer) avskaffa i bokmål.
Endringar i skrivemåte
Gjeninnføring av ein del tradisjonelle former, til dømes:
adferd, adkomst o.l. (ved sida av atferd, atkomst o.l.)
fler og mere (ved sida av flere og mer)
flyve-/flyver/flyvning (ved siden av flyge-/flyger/flygning)
hverken (ved sida av verken)
syv (ved sida av sju)
Fjerning av lite brukte ord og former: bjølle, breidd, følgje, nedst, kjerke, marknad, omn, seinke, vitskap m.fl.
Endringar i bøying
Mange lite brukte sideformer, som var tilnærmingsformer til nynorsk, gjekk ut:
lærere [lærerer] > lærere osv.
pleide [pleidde] > pleide osv.
greit [greitt] > greit
så [såg] > så
-r > -e/-r i ubestemt fleirtal av ein del substantiv: fingre, setre > fingre/fingrer, setre/setrer osv.
-a tillaten ved sida av -en i bestemt eintal av ord som endar på -ning: modningen, festningen > modningen/modninga, festningen/festninga osv.
Gjeninnføring av -et i mange verb der et-ending har vore forboden etter 1917 eller 1938: bygd > bygd/bygget, krevd > krevd/krevet osv.
-ø/-au > -ø/-øy i 17 sterke verb: brøt/braut, skjøt/skaut > brøt/brøyt, skjøt/skøyt osv.
es > -s i passivform av verb med vokal i utlyd: gies > gis, taes > tas osv.
Unntak: sies, ses/sees
2012: Nynorsk
I 2012 blei systemet med hovudformer og sideformer (klammeformer) avskaffa i nynorsk.
Endringar i skrivemåte
Obligatorisk diftong i ein del ord som tidlegare hadde skrivemåte med monoftong som hovudform eller sideform: draum, drøyme, flaum, fløyme, køyre, trøyst, døy m.fl.
Valfri vokal i ein del ord: fyrst/først, skule/skole, anten/enten, klår/klar m.fl.
Frå valfri vokal til éi form i ein del ord: somme/summe > somme, mogeleg/mogleg [muleg] > mogeleg/mogleg, haldning/holdning > haldning, male/måle > måle, tre [tri] > tre m.fl.
Frå hovudform med j og sideform utan j, til valfri j i ein del substantiv og verb: ei rekkje/rekke, ei bryggje/brygge, å leggje/legge, å liggje/ligge, å tenkje/tenke m.fl.
-leg [-lig] > -leg i adjektiv: vanleg [vanlig] og dagleg [daglig] > vanleg og dagleg osv.
Endringar for nokre småord: no [nå] > no/nå, so [så] > so/så, berre [bare] > berre, mykje/mye > mykje
Endringar i bøying
-a [-i] > -a i bestemt form av sterke hokjønnssubstantiv: skåla [skåli] > skåla
-e [-a] > -e i ubestemt form av svake hokjønnssubstantiv: ei side [ei sida] > ei side
-er og -ene [-or og -one] > -er og -ene i fleirtal av svake hokjønnssubstantiv: sider [sidor] - sidene [sidone] > sider - sidene
-a [-i] > -a i bestemt form fleirtal av inkjekjønnssubstantiv: fjella [fjelli], epla [epli] > fjella, epla
Sideforma med -er i presens av sterke verb gjekk ut: kjem [kjemer], bit [biter] > kjem, bit osv.
Sideforma med -i i supinum av sterke verb gjekk ut: har lese [lesi] > har lese
-st [s] > st i passivforma og refleksivforma av verb: å snakkas [snakkas], å slåst [slåss] > å snakkast, å slåst
Formene hennar, deira, annan og nokon blei eneformer. Sideformene [hennes], [annen] og [noen] gjekk ut.
Pronomenet han skulle vere både subjekts- og objektsform. Objektsforma honom gjekk ut.
Personleg pronomen i andre person fleirtal: de - dykk > de/dokker - dykk/dokker
Kilder
Guttu, T. (2005). Rettskrivningsendringene i 2005. I: Språknytt nr. 3, 2005. Henta frå: https://www.sprakradet.no/Vi-og-vart/Publikasjoner/Spraaknytt/Arkivet/2005/Spraaknytt_3_2005/Rettskrivningsendringene/ (juni 2021).
Kinn, T. (2013). Endringane i bokmålsrettskrivinga i 2005. Henta frå: https://folk.uib.no/hfotk/bokmaal_2005.pdf (juni 2021).
Språkrådet (2012). Ny nynorskrettskriving frå 2012. Digital brosjyre utgitt av Språkrådet. Oslo.
Torp, A. og Vikør, L.S. (2014). Hovuddrag i norsk språkhistorie. Gyldendal. Oslo.
Vikør, L.S. (2021). Rettskrivingsreforma av 1901. Henta frå: https://snl.no/Rettskrivingsreforma_av_1901 (juni 2021).