Hopp til innhald

Fagstoff

Språkstyring i Noreg

Korleis hadde det norske språket vore i dag om ingen laga reglar for korleis norsk skal sjå ut – og korleis språket skal brukast? Det er vanskeleg å vite sikkert. Kanskje hadde vi både skrive og snakka dansk?
Avisteikning av menn i full slåstkamp i Det Norske Teatret, 1913. Foto.

Blod, sveitte og tårer

Språkstyring kan vere blodig alvor og sterke kjensler. Då me fekk eit teater med nynorsk som scenespråk, rauk tilhengjarar og motstandarar i hop i knivslagsmål. Då a-endingar blei gjorde obligatoriske i bokmål, retta foreldre skulebøkene til barna med raud penn. Folk brende òg skulebøker, gjekk i demonstrasjonstog og skreiv sinte lesarbrev. Når Språkrådet har foreslått fornorska skrivemåte i importerte ord, har nordmenn protestert høglydt. Ikkje søren om dei skulle skrive "pøbb" og "beiken". Og sidan 1800-talet har norske samar og kvenar opplevd å bli diskriminerte og undertrykte. Framleis må dei kjempe for å få tilbake språket, kulturen og identiteten som blei teken frå dei.

Kva er språkstyring?

Språkstyring er å fatte vedtak og formulere reglar og lover som har med språket å gjere. Det kan til dømes vere å fastsetje skrivereglar og lage ordbøker, eller å gjennomføre tiltak eller lage lover som sørgjer for at somme språk og språkbrukarar ikkje blir diskriminerte.

Alle land driv med språkstyring, men i Noreg har vi hatt ein svært aktiv språkpolitikk og ei aktiv språkplanlegging heilt sidan frigjeringa frå unionen med Danmark. Språkpolitikken har vore mykje meir aktiv og politisk enn til dømes i Sverige og Danmark. Språkstyringa her til lands er ei sentral årsak til språksituasjonen vår i dag.

Éin av to viktige grunnar til det er den unike situasjonen vår med to skriftspråk, som heile tida har vore politisk brennstoff her i landet. Den andre viktige grunnen er at skriftspråka er mykje yngre enn i mange andre land, og derfor har vi strevd, og strevar kanskje framleis, med å finne den endelege forma til skriftspråka.

Det er deg det handlar om

Det er til sjuande og sist deg og meg det handlar om. Det er språket vårt som blir styrt. Og når nokon tuklar med språket vårt, blir det fort personleg.

Kva har den norske språkstyringa vore oppteken av?

Kampen for eit norsk skriftspråk på 1800-talet

Med lausrivinga frå Danmark i 1814 blei språk for alvor politikk i Noreg. Gjennom heile 1800-talet handla det stort sett om å finne den norske identiteten, byggje ein nasjon – og få eit eige norsk skriftspråk. Den offisielle politiske målsetjinga i siste halvdel av hundreåret blei dermed å utvikle eit norsk skriftspråk. I slutten av hundreåret hadde vi to: landsmål og dansk-norsk riksmål.

Kampen mellom to norske skriftspråk på 1900-talet

Både då jamstillingsvedtaket blei gjort i 1885 og sidemålsstilen blei innført i 1906, var det Venstre som sat med regjeringsmakta. Men sjølv om det tradisjonelt er den politiske venstresida som har kjempa saka til nynorsken, og høgresida bokmålet si sak, har det sidan den gong vore ei målsetjing i norsk språkpolitikk å leggje til rette for reell likestilling mellom bokmål og nynorsk.

Foto av Arnulf Øverland: Eldre mann med briller og sigarett i sofa. Foto.

Samnorsk – draumen som kom og gjekk

Frå 1919 blei det å utvikle eitt felles norsk språk den offisielle språkpolitikken i Noreg. Det førte til at nynorsk og bokmål fekk felles rettskrivingsreglar. Dessutan blei valfrie former innført frå 1917, slik at folk kunne venje seg til dei nye formene og at valfridomen etter kvart skulle bli teken bort. I tråd med mellom anna Knud Knudsen, bokmålet sin far, både var og er norsk språkstyring oppteken av det ortofone prinsippet, som seier at det bør vere samsvar mellom tale og skrift.

Etter krigen auka motstanden mot samnorsk. "Foreldreaksjonen mot samnorsk" blei stifta i 1951 og samla rundt 400 000 underskrifter i kampen mot samnorsk. Ifølgje Arne Torp, pensjonert professor i nordisk språkvitskap, hadde motstandsheltane frå krigen brukt riksmål, så argumentet om at riksmål ikkje var norsk nok, var ikkje lenger gyldig (Grov, 2017). Når riksmålssida samla seg mot samnorskpolitikken, og samnorskrørsla ikkje fekk den støtta frå arbeidarrørsla som ho trong, betydde det slutten på samnorsken. Noreg gav likevel ikkje opp samnorskpolitikken offisielt før i 2002.

Samisk kamp, norsk skam

Frå siste halvdel av 1800-talet førte Noreg ein aggressiv fornorskings- og assimileringspolitikk overfor samar og kvenar. Samar og kvenar fekk ikkje lov til å bruke morsmålet sitt i skulen, og dei blei tvinga til å lære å lese, skrive og snakke norsk.

Fornorskingspolitikken hang saman med den norske nasjonsbygginga, som mellom anna var inspirert av den tyske nasjonalromantikken. Sentralt i nasjonalromantikken var tanken om at befolkninga i ein nasjon har ein felles kultur, eit felles språk og ei felles historie. Den norske politikken overfor samar og kvenar blei òg inspirert av sosialdarwinistisk ideologi. Paaske (2018) skriv at sosialdarwinismen meiner seleksjon òg går føre seg blant menneska i eit samfunn. Dei hevdar at somme grupper har betre evne enn andre til å tilpasse seg endringar. Derfor blir visse menneskegrupper oppfatta som mindreverdige.

På Norgeshistorie.no kan vi lese følgjande:

Dette var idear som folk flest aksepterte i samtida, og som fungerte både som forsvar og grunngjeving for fornorskingspolitikken. Ifølgje denne tankegangen hjelpte ein samane og kvenane når ein fekk dei til å gje slepp på språket, religionen, klesstilen eller andre kulturelle trekk som signaliserte kva minoritet dei høyrde til.

Zachariassen, u.å.

På 1800-talet og langt inn på 1900-talet meinte mange at samane måtte tilpasse seg storsamfunnet skulle dei overleve moderniseringa av Noreg. (Paaske, 2018)

Kva er den norske språkstyringa oppteken av no?

Eit tydeleg døme på moderne språkstyring finn vi i regjeringsforslaget til ei eiga lov om språk – språklova frå 2020. Aldri før har Noreg hatt ei eiga språklov, så dette forslaget viser at språk er viktig. I lovforslaget står det:

Kvart einaste språk er ein kulturell rikdom. [...] språket er den fremste beraren og formidlaren av kultur, historie og identitet. [...] Noreg har eit særskilt ansvar for norsk, både bokmål og nynorsk, norsk teiknspråk, samiske språk og dei nasjonale minoritetsspråka. [...] Språk ber kulturarven vår, gjev oss identitet og ei kjensle av å høyre til.

Det kongelege kulturdepartementet (2020)

Abid Raja. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Språkvern og rettane til den enkelte

Norsk språkpolitikk i dag handlar om å sørgje for at norsk – men også dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk – står sterkt på alle samfunnsområde. Vi skal i tillegg sørgje for den enkelte sin rett på tilgang til nasjonalspråket vårt norsk, men òg den enkelte sin rett til å bruke og utvikle eige morsmål dersom det er eit anna språk enn norsk. Dessutan skal me leggje forholda til rette for nynorsk som eit mindretalsspråk og jobbe for reell likestilling mellom bokmål og nynorsk. Vi må òg leggje til rette for at minoritetsspråklege, døve og blinde får same tilgang på informasjon som andre.

Engelsk – ein trussel?

Hovedmålet for språkpolitikken er å sikre bruken av et velfungerende norsk språk på alle samfunnsområder.

Regjeringen (2020)

Det norske språket er under press frå engelsk. Engelskdominansen aukar i media, i høgare utdanning, i arbeidslivet og i den nye teknologien. Vi møter òg engelsk meir og tidlegare enn før. Utviklinga går så fort, at mange eldre ikkje greier å følgje med. Korleis skal vi sørgje for at alle – ung eller gammal – forstår språket i samfunnet? Den norske språkpolitikken er å verne om og fremje det norske språket og sørgje for at språket kan brukast av alle på alle område i samfunnet.

Felles identitet

Eitt argument for å sikre at norsk er hovudspråket i Noreg, og at det blir brukt på alle område av samfunnet, er at språket er ein viktig berar av norsk kultur og identitet. Språket bind oss saman med historia til landet og gir tilgang til historisk litteratur. Det norske språket inneber òg eit språkleg mangfald med to skriftspråk og tallause dialektar, som er sterkt knytte til den norske identiteten. Dessutan bidreg eit felles språk til å byggje felles identitet.

Felles språk bidrar til å bygge sterke og inkluderande fellesskap.

Regjeringen (2020)

Tenk over og diskuter:

  • Kva for ord er typisk for norsk?
  • Kva for ord er typisk for dialekten der du bur?
  • Kva forsvinn om desse orda forsvinn?

Eit demokratisk, tolerant og inkluderande samfunn

Hovedmålet for språkpolitikken er å sikre bruken av et velfungerende norsk språk på alle samfunnsområder.
Regjeringen (2020)

Det er viktig å sørgje for at vi har ein inkluderande språksituasjon. Eit godt demokrati og ein velfungerande velferdsstat er nemleg avhengig av eit ope og inkluderande samfunn. Det er eit samfunn med tillit og god informasjonsflyt mellom innbyggjarane, fagpersonar og styresmakter. Det er eit samfunn der alle har så lik tilgang på informasjon som mogleg og så like moglegheiter for å bli høyrd som mogleg. Då er det viktig med eit sterkt, klart og velfungerande norsk språk. Eit velfungerande språk er eit språk som kan brukast i alle samanhengar, og som alle forstår. Du skal til dømes ikkje trenge å lese eit brev mange gonger for å forstå innhaldet.

For at det skal vere mogleg, må norsk språk brukast på jobb, i media, i opplæringa og i det offentlege. Ifølgje den nye språklova ligg dette ansvaret særleg hos det offentlege.

Alle offentlege organ får ansvar for å bruke, utvikle og styrke norsk i sin sektor.

Regjeringen (2020)

Engelskpåverknad – trussel eller rikdom?

Frå 1950-talet og fram til i dag har engelskpåverknaden auka. I dagens mediesamfunn er auken kolossal. Om engelsk er ein trussel eller rikdom, kan diskuterast. Svaret er nok begge delar. Uansett viser den nye språklova at Språkrådet og dei som driv med språkstyring i Noreg i dag, er opptekne av å verne om norsk – både munnleg og skriftleg. Det betyr å passe på at engelsk ikkje pressar ut norsk innanfor ulike samfunnsområde. Det betyr òg å bestemme kva vi skal gjere med ord vi låner frå engelsk.

Kva gjer vi med ord frå engelsk og andre språk?

Vi snatchar mad mange ord frå engelsk. Og me bruker dei som regel i talespråket først. Viss eit importord etablerer seg i norsk tale, vurderer Språkrådet om ordet skal takast inn i ordbøkene – det vil seie om ordet skal normerast i skrift. Dette er ein viktig del av arbeidet med å sørgje for eit velfungerande norsk språk. Viss Språkrådet er positive til å ta inn ordet i skrift, må dei vurdere kva dei skal gjere med ordet.

  1. Fornorske?

    • Språkrådet ønskjer først og fremst å fornorske. Det gjer dei ved å finne eit norsk ord som kan erstatte det framande ordet. Det blir kalla avløysarord.

  2. Norvagisere?

    • Viss dei ikkje finn eit godt avløysarord, og uttalen av det framande ordet samtidig har tilpassa norske lydar og bøyingsmønster, vurderer dei å òg tilpasse skrivemåten til norsk. Det blir kalla å norvagisere. Til dømes "snatche" til "snætsje".

    • Dei norvagiserer ikkje før ordet er i allmenn bruk i språket.

    • Dei norvagiserer heller ikkje dersom ordet berre blir brukt innanfor eit avgrensa fagområde.

    • Dei norvagiserer helst ikkje før uttalen er nokolunde den same overalt i Noreg.

  3. Behalde ordet i den framande forma si?

    • Lykkast dei ikkje å finne eit godt norsk avløysarord, må dei godta det framande ordet.

    • Det må dei som regel òg viss uttalen av ordet har tilpassa seg bøyinga eller lydane i det framande ordet, til dømes uttalen av "jeans".

Kilde: Sandøy 1997, s. 10

Argument for synspunkta dine:

Kva synest du om norvagiseringa "snætsje"?

Korleis ville du reagert om "jeans" blei norvagisert til "jins" (med engelsk fleirtalsbøying) eller "jiner" (med norsk fleirtalsbøying)?

Relatert innhald

Kjelder:

Det kongelege kulturdepartementet (2020). Prop. 108 L (2019 –2020)
Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak)
Løyve om språk (språklova).
Henta frå: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/prop.-108-l-20192020/id2701451/?ch=1 (mars, 2021)

Grov, A. M. (2017). Samnorsk – språket som aldri vart. I: Språknytt 4/2017. Henta frå: https://www.sprakradet.no/vi-og-vart/publikasjoner/spraaknytt/spraknytt-42017/samnorsk--spraket-som-aldri-vart/ (mars, 2021)

Paaske, N. (2018). Konservatisme, tradisjonalisme og nasjonalisme. Henta frå: https://ndla.no/nn/subject:9/topic:1:182163/topic:1:157787/resource:1:158057?filters=urn:filter:9132d125-4d8f-41a6-b61d-77741662d5a9 (mars, 2021)

Regjeringa (2020). Historisk språklov – pressemelding. Publisert 12.05.2020. Henta frå: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/historisk-spraklov/id2702234/ (februar, 2021)

Sandøy, H. (1997). Lånte fjører eller bunad? Om norsk skrivemåte av importord. Utgreiing for kulturdepartementet og norsk språkråd. Henta frå: https://www.sprakradet.no/globalassets/sprakhjelp/skriverad/567norvb.PDF (mars 2021)

Sjekkeland, M. (2010). Dialektlandet. Portal forlag. Kristiansand.

Torp, A. & Vikør L. (1993). Hovuddrag i norsk språkhistorie. 2. utgåve. Gyldendal norsk forlag AS.

Zachariassen, K. (2020). Fornorskingspolitikken overfor samar og kvenar. Henta frå: https://www.norgeshistorie.no/industrialisering-og-demokrati/1554-fornorskingspolitikken-overfor-samar-og-kvenar.html (februar, 2021)


CC BY-SASkrive av Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 17.11.2020

Læringsressursar

Språkstyring