Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kvifor laga Ivar Aasen nynorsk?

Aasen laga landsmålet, som blei utgangspunktet for nynorsk. Du har kanskje lurt på kvifor? Gjennom å jobbe med Ivar Aasens artikkel "Om skriftspråket vårt" frå 1836 kan du få betre forståing for Aasens prosjekt. Kanskje er du og Aasen eigentleg ganske einige?
Til læraren

Elevane skal jobbe med nasjonale, demokratiske og pedagogiske motiv i Ivar Aasens artikkel "Om skriftspråket vårt". Den første oppgåva handlar om desse tre prinsippa utan at fagomgrepa blir nemnde. Skriv dei gjerne på tavla og la dei stå heilt til du skal i gong med oppgåve 3 og 4. Då kan du bruke dei tre påstandane til å forklare omgrepa og bruke dei på Aasens artikkel.

Oppgåve

Del 1: Språksynet til klassen

Diskuter desse tre påstandane i klassen:

  1. Det er viktig å ha eit norsk skriftspråk fordi det seier noko om den nasjonale identiteten vår.
  2. Det er viktig at det norske språket er lett å lære, og bruke, for alle i landet vårt.
  3. Det er viktig at skriftspråket liknar mest mogleg på talespråket.

Del 2: Ivar Aasens språksyn

No skal de jobbe med ein artikkel Ivar Aasen skreiv i 1836, altså før han starta med å lage landsmålet. Her blir du kjend med språksynet til den ivrige "språknerden" frå Ørsta.

De kan anten lese Aasens tekst i original språkdrakt eller ein modernisert versjon vi har laga.

I grupper:

  1. Ein på gruppa les det første avsnittet høgt for dei andre i gruppa.
  2. Oppsummer innhaldet i avsnittet med 1–3 setningar. Skriv ned.
  3. Gå gjennom resten av teksten på same måte.

Aleine:

Oppsummer det du meiner er hovudsynet i artikkelen. Skriv 8–15 setningar. Du skal leggje vekt på:

  1. Kvifor ønskjer Ivar Aasen å lage eit nytt norsk skriftspråk?
  2. Korleis vil han gå fram for å lage dette skriftspråket?

I plenum:

Diskuter det de har skrive ned: Er de einige om, og forstår de, kva som er Ivar Aasens språkprosjekt?

Del 3: Sorter Aasens argument

No har de forhåpentleg forstått kva som er Aasens språksyn. Neste steg blir å forstå kvifor Aasen hadde dette språksynet

Vi skal vende tilbake til påstandane de diskuterte i del 1, men vi har bytt ut nokre få ord:

  • Det var viktig for Aasen å ha eit norsk skriftspråk fordi det sa noko om den nasjonale identiteten vår.
  • Det var viktig for Aasen at det norske språket var lett å lære, og bruke, for alle i landet vårt.
  • Det var viktig for Aasen at skriftspråket skulle likne talemålet.
  1. Lim Ivar Aasens artikkel inn i eit tekstredigeringsprogram. Marker alle deler av teksten der du finn tankesettet frå påstand 1 igjen i Aasens tekst . Du kan gjerne bruke ein fargekode (til dømes raudt).
  2. Gjer det same, men ta no for deg påstand 2 og 3, og marker desse med andre fargar.

Del 4: Nasjonale, demokratiske og pedagogiske motiv

No skal du øve deg på å bruke fagomgrep for å forklare Aasens språksyn. Vi seier nemleg at Ivar Aasen arbeidde etter:

  • Nasjonale motiv: Ein sjølvstendig nasjon måtte ha sitt eige språk, eit språk som er typisk for den nasjonale folkeånden.
  • Demokratiske motiv: I eit demokrati har alle rett til å bli høyrde og til å delta – då må ein òg ha eit språk å uttrykkje seg på.
  • Pedagogiske motiv: Språket må liggje tett opp til talemålet til folk flest, slik at alle lett kan lære det og bruke det.
  1. Sjå på korleis du fargekoda teksten i del 3. Klarer du å kjenne igjen høvesvis nasjonale, demokratiske og pedagogiske motiv hos Ivar Aasen?
  2. Dei tre påstandane de diskuterte i del 1, var altså eigentleg ein sjekk på om de meiner språket skal ha både nasjonale, demokratiske og pedagogisk funksjon. Var de einige med Ivar Aasen?

Del 5: Tekst i kontekst

Ivar Aasen var ikkje ei einsam stjerne. Jakta på folkesjela og interessa for allmenta var typisk for romantikken. I Noreg blei allmenta først og fremst representert av bondestanden.

Les artikkelen "Kulturnasjonalismen 1830–1870" frå Universitetet i Oslo og skriv ein kort tekst der du viser korleis Aasens nasjonale og demokratiske motiv var typisk på 1800-talet.

Del 6: Kva ville Aasen synst om nynorsk som sidemål?

Påstand:

  • Om du har nynorsk som sidemål, men gjerne skulle sloppe, er det i alle fall ikkje Ivar Aasen du skal vere sint på.

Det er nemleg ei setning mot slutten av essayet "Om skriftspråket vårt" som beviser at påstanden over er rett. Klarer du å finne setninga?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 05.03.2021

Læringsressursar

Språkstyring