Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ivar Aasen – Språkmann, diktar og påverkar

Ivar Aasen ville utvikle eit norsk skriftspråk som bygde på norske dialektar. Kven var han eigentleg, og kva har skjedd med nynorsk sidan Aasen lanserte landsmålet?

Oppgåve 1. Aasens språksyn

Les om Ivar Aasen og landsmålet. Gjer oppgåvene.

  1. Kvifor var språkspørsmålet òg eit spørsmål om demokrati for Aasen?

  2. Kvifor meinte Aasen at det var eliten i landet, som skreiv dansk, som måtte endre språkvanane sine – ikkje folk flest?

  3. På kva måte kunne eit skriftspråk basert på norske dialektar bidra til sosial utjamning?

  4. Kvifor var det eit pedagogisk problem at dansk var det offisielle skriftspråket i Noreg?

  5. Kan ein hevde at Ivar Aasen var ein opplysningsmann? Grunngi svaret ditt.

  6. Kva tankar frå nasjonalromantikken kan ein finne igjen i språkarbeidet til Aasen?

Relatert innhald

Ivar Aasen vigde mesteparten av livet sitt til å skape eit norsk skriftspråk. Kva var det som dreiv han?

Oppgåve 2. Aasens språk i praksis

Aasen skreiv for det meste på dansk riksmål, men for å vise det nye skriftspråket i praksis, skreiv Ivar Aasen òg dikt på landsmål. Desse dikta tek ofte utgangspunkt i det særeige norske – korleis nordmannen lever og bur.

Les diktet " Nordmannen" og svar på desse spørsmåla:

  1. Kvifor trur du det var viktig for Ivar Aasen å vise det nye skriftspråket i praksis?
  2. Korleis skil språket Ivar Aasen skriv, seg frå måten vi skriv nynorsk på i dag? Sjå til dømes på

    1. bestemd form fleirtal av hokjønnssubstantiv, til dømes substantivet "Tuft"

    2. preteritum av såkalla a-verb, til dømes verbet "å leike"

    3. perfektum partisipp av verb, til dømes verba "å fenge" og "å grave"

  3. Kva for eit grammatisk kjønn har orda "rydning" i moderne nynorsk? (Slå gjerne opp på ordbok.uib.no)

    • Korleis skreiv Aasen ordet?

    • Kva kjønn har dette ordet i Aasens dikt?

  4. Skriv dikta om til moderne nynorsk.
Ikon av sosiale medium-app-ar på mobilskjerm. Foto.

Oppgåve 3. #aasen4ever

  1. Ivar Aasen var si tid sin store "påverkar". Viss Aasen levde no – kva hadde han kalla seg i sosiale medium?
  2. Trur du han ville ha skrive bokmål, nynorsk eller dialekt i sosiale medium? Bruk faktisk kunnskap om Ivar Aasens språksyn til å grunngi svaret ditt.
  3. Ver Ivar Aasen. Post eit innlegg der du uttrykkjer meininga di om eitt av punkta nedanfor. Innlegget skal vere ein samansett tekst. Du bør kunne forklare kva slags fakta om Aasen du har teke utgangspunkt i:

    • Politikarar foreslår å gjere sidemålsundervisning valfritt.

    • Ei avis skriv at unge i dag er betre i engelsk enn norsk.

    • Rektoren på ein stor austlandsskule nektar lærarane sine å bruke a-endingar når dei skriv bokmål.

    • NRK har nådd målet om 25 % nynorsk for første gong sidan regelen blei vedteken i 1970.

Relatert innhald

Forteljinga om korleis norsk fekk to ulike skriftspråk, er reine eventyret. Bakgrunnen for den unike norske situasjonen oppstod på 1800-talet.

Ivar Aasen vigde mesteparten av livet sitt til å skape eit norsk skriftspråk. Kva var det som dreiv han?

CC BY-SASkrive av Jorunn Øveland Nyhus og Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 31.01.2019

Læringsressursar

Språkstyring