Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Vitsen med sidemålsundervisning

Kva er poenget med sidemålsundervisninga i norsk skule? Og korleis skal ho gå føre seg – om ho i det heile skal gå føre seg? Det har vi diskutert i godt over 100 år.
Oppslag i bokmålsordbok. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Du skal utforske og diskutere ulike sider ved sidemålsordninga i skulen. Målet er å få så god forståing og innsikt i temaet at du kan diskutere det på ein sakleg og relevant måte.

Del 1: Kva veit du om sidemålsordninga?

  1. Kvifor har vi obligatorisk sidemålsundervisning i Noreg? Ut frå det du veit, og det du trur, noter i nokre minutt. Del og diskuter i grupper etterpå.

Del 2: Haldningar til sidemålsundervisninga

  1. Hugsar du kva forventningar du hadde til å byrje med sidemålsundervisning på 9. trinn?

  2. I kor stor grad trur du forventningane dine blei forma av andre?
  3. Del og diskuter svara dine i ei gruppe med andre elevar.

Del 3: Bakgrunnen for at vi har sidemålsundervisning i Noreg

Les teksten nedanfor om når, korleis og kvifor sidemålsstilen blei innført i Noreg.

  1. Ifølgje teksten over – kvifor blei sidemålsstilen innført i gymnaset i 1907?

  2. Kva betyding kan det ha hatt for avgjerda i 1907 at Noreg gjekk ut av unionen med Sverige to år tidlegare?

  3. Korleis stilte Venstre og Høgre seg til målsaka og til sidemålsstilen på byrjinga av 1900-talet?

  4. Les Venstres program og Unge Høgres skulepolitiske program og finn ut kva dei synest om sidemål i dag. Bruk funksjonen "ctrl+f" og søk på ordet "sidemål", så slepp du å lese heile programmet.

  5. Les utdraget frå Kulturdepartementet sitt forslag til ny norsk språklov frå 2020 nedanfor. Forklar med eigne ord korleis teksten argumenterer for sidemålsordninga gjennom å knyte ho til demokratiet.

  6. Samanlikn grunngivinga til lovforslaget for sidemålsundervisninga i skulen med synet til Hans Jacob Horst som kjem fram i siste avsnitt av teksten ovanfor. Kva likskapar og forskjellar finn du?

Utdrag frå forslag til ny norsk språklov

I denne samanhengen er det viktig å trekkje fram den demokratiske verdien av at alle norske skuleelevar får opplæring i begge dei norske skriftspråka. Ei grunnopplæring som gjev kunnskapar og ferdigheiter i både nynorsk og bokmål, er ein føresetnad for at skriftspråka skal vere likeverdige, og gjev eit utgangspunkt for alle til å bruke begge skriftspråka. Det at majoriteten lærer å kjenne det mindre bruka språket, gjer det mogleg for elevane som har hovudmålsopplæring i nynorsk, å bruke språket sitt i alle situasjonar. Tilhøva for mindretalet blir betra, og det språklege og kulturelle mangfaldet i samfunnet blir støtta opp under. I tillegg blir ho minst bruka varianten av norsk mindre markert, sidan auka bruk òg aukar statusen til eit språk. Slik bidreg sidemålsundervisninga til demokratiforståing: Elevane lærer korleis det å leve i eit liberalt demokrati inneber at fleirtalet tek omsyn til og legg til rette for ulike mindretal.

Det kongelege kulturdepartementet, 2020

Del 4: Nei til sidemålsundervisning – eller nei til nynorsk?

Sidemålet ditt er "det andre norske skriftspråket", det du ikkje lærte å lese og skrive med. Det betyr at sidemålet for somme er nynorsk, medan det for andre er bokmål. Likevel utviklar ofte diskusjonar om sidemålsundervisninga seg til diskusjonar om nynorsk.

Kva kan vere grunnar til det? Diskuter gjerne med andre.

Del 5: Førebuing til debatt

Enten vi debatterer ei sak munnleg eller skriftleg, er det viktig å vere godt førebudd. Det er viktig med a) god kunnskap om saka, b) gode argument og c) god innsikt i argumenta til motparten.

No kan de spisse kunnskapane og argumenta dykkar. Bruk skjemaet nedanfor i arbeidet.

Filer

  1. Snakk saman i grupper. Luft haldningar og argument til dei tre spørsmåla nedanfor. Noter for- og motargument som kjem fram i samtalane.

    • Bør vi behalde, endre eller avskaffe dagens vurderingsordning med eigen sidemålskarakter?

    • Bør vi behalde, endre eller avskaffe sidemålseksamen?

    • Bør vi behalde, endre eller avskaffe sidemålsundervisning?

  2. Utvid kunnskapen og finn fleire argument og motargument ved å lese dei ulike kjeldene du finn nedanfor, eller ved å leite sjølv på internett eller i bøker. Hugs kjeldekritikk!
Meiningar om sidemålsordninga

Publikasjon, Språkrådet: Språknytt 2001/1–2: Temanummer om sidemål

Artikkel, Noregs lærarmållag: Kvifor nynorsk sidemål?

Artikkel, Riksmålsforbundet: Om skriftlig sidemål

Artikkel, VG: Vil at du skal slippe sidemålskarakteren

Artikkel, Framtida: Regjeringa fjernar delvis sidemålskarakteren: – Eit svik mot nynorskelevane

Artikkel, NRK: Høyre med ny spiker i nynorskkisten Høyre med ny spiker i nynorskkisten

Kronikk, NRK: Fjern eksamen og egen karakter i sidemål

Debattinnlegg, Aftenposten: Sidemålsdebatten er fylt av kunnskapslause påstandar om nynorsk

Kronikk, Aftenposten: Er det betre å skrive dårleg nynorsk enn godt bokmål?

Del 6: Argument eller drøft sidemålsordninga i norsk skule

Vel eitt av alternativa nedanfor:

  1. Har du det i kjeften? Arranger ein munnleg debatt med roller. Éin debattant er for, éin er mot og 3–4 andre er tilhøyrarar. Debattantane diskuterer i 2 minutt. Samtidig skal tilhøyrarane trekkje ut eitt argument som kvar debattant kom med, og som dei meiner er haldbart. La rollene gå på rundgang, slik at alle får prøvd seg i dei ulike rollene.

  2. Synest du sidemålsdebatten består av heilagt overtydde idealistar som berre er opptekne av å fremje eigne synspunkt og å kvele argumenta til motstandarane? Då kan du skrive ein artikkel som på ein meir objektiv måte drøftar dagens sidemålsordning i skulen.

  3. Kva standpunkt har du til sidemålet? Er du motstandar eller tilhengjar? Skriv ein argumenterande tekst, men prøv å overtyde lesarane om det motsette av det du meiner.

Del 7: Refleksjon

Sjå tilbake på det du visste og trudde du visste i del 1.

  1. Var det noko du visste eller trudde du visste som har vist seg å vere usikkert eller ikkje å stemme?

  2. Kva veit du no som du ikkje visste i del 1?

  3. Viss du måtte trekkje fram éin positiv ting du tek med deg frå dette arbeidet, kva ville det vore og kvifor?

Kjelder

Det kongelige kulturdepartementet (2020). Prop. 108 L (2019 –2020) Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak) Lov om språk (språklova). Henta frå: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/prop.-108-l-20192020/id2701451/?ch=1 (mars 2021).

Haugland, K. (2007). Litt om historia bak sidemålsstilen. Språknytt 3/2007. Henta frå: https://www.sprakradet.no/vi-og-vart/publikasjoner/spraaknytt/arkivet/spraknytt-2007/spraknytt-32007/sidemaalsstilen/ (mars 2021).

CC BY-SASkrive av Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 11.02.2021

Læringsressursar

Språkstyring