Kva rettar bør språklege minoritetar ha?
Minoritetsspråkpakten
I 1998 slutta Noreg seg til Europarådets rammekonvensjon om vern av nasjonale minoritetar. Det er utgangspunktet for Minoritetsspråkpakten.
"Samisk, kvensk, romanes og romani er definerte som minoritetsspråk i Noreg, og dermed beskytta av Minoritetsspråkpakten. Minoritetsspråkpakten slår fast at vern om dei historiske regions- eller minoritetsspråka i Europa er med på å halde oppe og utvikle kulturell rikdom og tradisjonar i Europa. I Noreg byrja Minoritetsspråkpakten å gjelde i 1998."
(Regjeringen.no)
Del 1
Studer informasjonen du finn på regjeringa sine sider om urfolk og minoritetar: Urfolk og minoriteter
Lag eit notat der du forklarer følgjande :
- kjenneteikna på at ei folkegruppe utgjer ein minoritet
- kjenneteikn som må vere til stades før vi kan snakke om ein nasjonal minoritet
- rettar som Europarådet meiner nasjonale minoritetar skal ha
- kva norske folkegrupper den norske regjeringa meiner fell inn under omgrepet nasjonale minoritetar
- forskjellen mellom eit urfolk og ein nasjonal minoritet
Del 2
Diskuter i klassen eller i mindre grupper:
- Bør urfolk ha andre rettar enn andre minoritetsgrupper som bur i Noreg?
- Kva oppnår det norske storsamfunnet ved å gi støtte til vern av minoritetsspråk?
Hugs å grunngi standpunkta dine med faglege argument!
Relatert innhald
Kva var fornorskingspolitikken, og kva konsekvensar hadde han? Kva rettar har samane i dag?
Kvensk er eit av dei fire nasjonale minoritetsspråka i Noreg. Språket høyrer til den finsk-ugriske språkfamilien.