Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Valfridom – til kva for ein pris?

Det er ganske stor valfridom i skriftspråka våre – særleg i bokmål. I desse oppgåvene kan du undersøkje kor valfridomen kjem frå, korleis vi bruker han, og kva som vil skje om vi fjernar han.

Oppgåve 1.

Del 1: Skriftspråkleg variasjon

  1. Når du skriv på bokmål, skriv du barna eller barnene, atferd eller adferd, hverken eller verken, åssen eller hvordan, hvis eller viss, gaid eller guide, sia eller siden?
  2. Les teksten under. Diskuter i par: Reagerer de på nokon sider ved språket? I så fall – noter ord eller formuleringar de reagerer på.
  3. Korleis ville de ha skrive denne teksten? Skriv om til dykkar eige språk.

Det er iallfall tre år sia hendinga i den lille bygda Solvik vakte stor oppsikt i nyhetene. Det hele skjedde da den utenlandske gaiden stoppa langs vegen og spurte lokalbefolkninga åssen de skulle finne fram viss de skulle komme seg til Bergen. Lokalavisa kunne fortelle nyheta dagen etter. Sjåføren brøyta seg gjennom snøen og kjørte rett inn i skauen.

Del 2: Variert eller einskapleg skriftspråk?

Dei to offisielle norske skriftspråka har stor valfridom. I bokmål kan du til dømes velje om du skal skrive boken eller boka, slippe eller sleppe. I nynorsk kan du for eksempel velge klassen eller klassa, dykkar eller dokkar.

Diskuter kva fordeler og ulemper slik valfridom kan ha.

Oppgåve 2. Prisen for valfridommen

LILLEHAMMER 20180107. Sanna Sarromaa. Finsk historielektor, sosiolog og forfattar. Foto: © Mimsy Møller / Samfoto. Foto.

Del 1: "Det norske språket er ein vits"

Sanna Sarromaa er sosiolog og forfattar og har jobba som norskvikar i vidaregåande skule. Les kronikken hennar "Det norske språket er en vits" frå mars 2020 på vg.no

  1. Formuler hovudsynet og det du meiner er det mest sentrale argumentet i Sarromaas kronikk.
  2. "Det er vel bare i Norge man har funnet ut at skriftspråket skal være mest mulig likt talespråket", skriv Sarromaa. Gjer ein faktasjekk av den påstanden. Bruk kjelder du kan stole på.
  3. "Man tror at folket skriver bedre ved at det meste sidestilles og tillates", skriv Sarromaa. Har norsk så stor valfridom i rettskrivinga for at vi skal skrive betre, eller er det andre grunnar? Kva veit du om dette?
  4. "Et språklig fellesskap forutsetter kommunikasjon basert på felles regler", skriv Sarromaa. Er de einige i det?
  5. Kven sine reglar skal kommunikasjonen baserast på i så fall?

Del 2: "Språkleg komikk frå Sarromaa"

Egil Bakka er pensjonert musikkprofessor. Han svarte på Sarromaas kronikk nokre dagar seinare. Les debattinnlegget hans "Språklig komikk fra Sarromaa" frå mars 2020 på vg.no.

  1. Bakka er openbert ikkje einig i Sarromaas syn på valfridommen. Kva meiner du er det mest sentrale argumentet hans mot Sarromaas syn?
  2. "Sarromaa ser kunnskapsløs ut fordi hun ikke synes å vite noe om bakgrunnen til hvorfor vi har det slik", skriv Bakka. Kva er det Bakka først og fremst hevdar at Sarromaa ikkje veit eller forstår?
  3. "Det er et effektivt undertrykkingsmiddel å gjøre narr av andres språk", skriv Bakka. Forklar med eigne ord kva han siktar til.
  4. Bakka trekkjer inn samisk. Er det relevant? Grunngi svaret ditt.

Del 3: Argument og motargument

Her er fire påstandar frå Sarromaas tekst. Vel minst to av dei. Finn døme på motargument i Bakkas tekst. Sett dei gjerne opp mot kvarandre i eit skjema.

Språket blir [...] stygt, faktisk.

Man tror at folket skriver bedre ved at det meste sidestilles og tillates. I virkeligheten skjer det motsatte.

Språkrådet mangler et språkpolitisk syn og en linje – og virker verken å ha vilje eller evne til en skikkelig språkrøkt i samfunnet.
Det nordmenn trenger er [...] et sterkt og entydig skriftspråk – rensket for dialekter og talespråkligheter

Del 4: Teksten, forfattaren og språket

  1. Sarromaa og Bakka har ulikt utgangspunkt for å meine noko om språk. I kva grad påverkar det korleis du stiller deg til innhaldet i tekstane?
  2. Peik på nokre forskjellar mellom Sarromaas og Bakkas språk. Sjå på ordval og stilnivå.
  3. Kva har språkbruken deira å seie for kor godt tekstane overtyder?

Del 5: Bruk det du har lært

Vel éi følgjande oppgåver:

  1. Arranger debatt i grupper eller i heil klasse under tittelen "Valfridom – blir halden oppe, blir utvida eller blir fjerna?" Førebu gode argument og støtteargument.
  2. Skriv eit innlegg i denne debatten. Du kan velje om du vil skrive

    • eit svar til Sarromaa
    • eit svar til Bakka
    • ei drøfting av begge sine påstandar og di eiga meining heilt til slutt
  3. Skriv ein retorisk analyse av eitt av dei to debattinnlegga, der du spesielt tek for deg den retoriske situasjonen.

Relatert innhald

Norsk er blant skriftspråka i verda med størst valfridom i rettskrivinga. Korleis blei det sånn? Det starta allereie på 1800-talet.

CC BY-SASkrive av Christian Lund og Aasa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 05.11.2020

Læringsressursar

Språkstyring